Fagspråkstrategien til Noregs handelshøgskole

AV MARITA KRISTIANSEN

I fjor haust kom Språkrådet si utgreiing Norsk i hundre! med vyar om språkpolitikk og tiltak for å styrkja det norske språket, inkludert det norske fagspråket. Eit av forslaga er at det må lovfestast at norske universitet og høgskular har eit viktig ansvar for at norsk fagspråk blir utvikla og brukt i alle fagmiljø, i tillegg til engelsk og andre språk. Vidare ønskjer ein at det må vera eit krav at institusjonane utarbeider språkstrategiar for korleis ein planlegg å nå dette målet.

I den seinare tid har det vore fleire utsegner i media om at norsk fagspråk står i fare for å måtta vika plassen til fordel for engelsk. Ein fryktar domenetap for norsk og at engelsk skal overta som kommunikasjonsspråk på fleire fagområde. Dag F. Simonsen har blant anna teke opp behovet for ein samla, men differensiert språkpolitikk i eit lesarinnlegg i Forskerforum 2/2006. I innlegget diskuterer han i kva grad undervising på universitet og høgskular i Noreg føregår på norsk eller engelsk. Han tek òg til orde for at dei einskilde lærestadene bør fastsetja ein språkpolitikk som ein del av det han kallar ei institusjonell sjølvforvalting.

Det ein har sett lite av, er ein diskusjon om korleis ein slik språkpolitikk skal kunna manifestera seg i konkrete strategiar på institusjonsnivå, og om kven som skal dra lasset, både økonomisk og når det gjeld menneskelege ressursar, for å få til noko slikt.

Internasjonalisering av undervisinga

Noregs handelshøgskole (NHH) omfattar ei rekkje fagmiljø innanfor økonomisk-administrative fag. Utfordringane er store når det gjeld å stå imot eit stadig aukande press frå engelsk, og det norske fagspråket og norsk terminologi er klart på vikande front. Ei viktig årsak til dette er auka grad av internasjonalisering, ikkje berre av forskingsformidlinga på grunn av nye modellar for finansiering av forskingsresultat, men òg av undervisinga.

Internasjonalisering har blitt eit overordna mål i høgre utdanning som eit ledd i Bologna-prosessen og arbeidet med å skapa eit felles utdanningssystem i Europa. Ei viktig form for internasjonalisering ved NHH er studentutveksling. NHH sender om lag halvparten av studentane ut til utanlandske lærestader, medan ein tek imot studentar frå utlandet.

Det har i fleire år vore slik at for å ha eit undervisingstilbod på masternivå til desse studentane har NHH valt å tilby kurs der undervisingsspråket er engelsk. Dette har ein òg sett på som ei styrking av den internasjonale dimensjonen for dei norskspråklege masterstudentane ved at dei blir eksponerte for framandspråk (engelsk) på forelesingar.

På bachelornivå har internasjonaliseringa til no vore avgrensa til ein viss bruk av engelskspråkleg pensum, medan undervisinga har føregått på norsk. Sidan Bologna-prosessen legg opp til auka både inn- og utveksling av studentar òg på bachelornivå, har ein nyleg vedtatt at alle valfrie økonomisk-administrative kurs skal haldast på engelsk, slik at dei innkommande studentane kan velja blant dei. Samstundes blir dette eit engelskspråkleg undervisingstilbod til dei norskspråklege bachelorstudentane i desse faga. Dette ser ein som positivt blant anna fordi dei studentane som ikkje reiser på utveksling, òg blir kjende med det engelske fagspråket.

Parallellspråklegheit mot domenetap

Språkrådet si utgreiing diskuterer omgrepet parallellspråklegheit og eit ønskje om at ein skal velja norsk i alle situasjonar der bruk av framandspråk ikkje er naudsynt for å kommunisera. Undervising på engelsk blir i utgreiinga sett på som eit engelskspråkleg tilbod, noko som ein ikkje tilrår på lågare nivå i høgre utdanning. Eit slikt engelskspråkleg tilbod bør i tillegg koplast mot direkte opplæring i engelsk fagspråk.

Det at NHH sine bachelor- og masterstudentar både får undervising og les pensum på engelsk og norsk, kan vera ein måte å gje dei høve til å tileigna seg parallellspråklegheit på økonomisk-admininistrative fagområde. Det at norsk framleis vil vera hovudspråket på bachelornivå, vil ein kunna sjå på som eit bidrag til å hindre domenetap. På dei kursa som framleis skal formidlast på norsk, er allereie mykje av pensumet engelskspråkleg. Når studentane no i tillegg skal ta kurs der all undervising og hele pensumet skal vera engelskspråkleg, kan ein likevel stilla spørsmål om i kva grad det er mogleg for studentane å tileigna seg eit norsk fagspråk med presise faguttrykk som er solid nok.

Formidling og kunnskapsoverføring

Med auka internasjonalisering av undervisinga vil utfordringa som ligg i å skapa god kunnskapsoverføring til studentane, bli endå større. På individplanet er språket reiskap for organisering av vår indre verd. Ifølgje den amerikanske psykologen Gagné vil det å få ny kunnskap eller læra eit nytt omgrep seia å la eit verbalt uttrykk, slik som ein term, stå i staden for ei gruppe ting eller hendingar som har noko felles. Uheldig val av språk og faguttrykk vil kunna føra til brot i kommunikasjonen i undervisinga. Brukar ein i tillegg eit anna språk enn morsmålet, vil det kunna auka faren for kommunikasjonsbrot. Det gjer det relevant å tenkja igjennom kva konsekvensar internasjonaliseringa kan ha for studentane sitt kunnskapsnivå på den eine sida og for det norske fagspråket og norsk terminologi på den andre.

Språkrådet si utgreiing slår fast at det bør vera ei prioritert oppgåve å syta for at alle fag produserer og held ved like termlister med ekvivalentar mellom dei aktuelle språka. Dette er noko som NHH-studentar etterlyste for sine fag allereie før kvalitetsreforma og den auka internasjonaliseringa. Ifølgje studentevalueringar opplever studentane innlæringa av fagstoff som unødig tung fordi det første møtet med faguttrykk og omgrep ofte er på engelsk.

Døme frå termbruken hos tidlegare NHH-studentar i kurset Organisasjon og ledelse viser at det lett kan oppstå hinder for læring dersom det blir lagt for lite vekt på koplinga mellom kunnskapen som skal lærast, dvs omgrepa, og dei faguttrykka som er tilgjengelege i læringsprosessen. Her er to autentiske sitat (min kommentar i klammer):

«Noen handlinger er intrinsikke – de er deres egen belønning. (Disse intrinsikke belønningene er hva Herzbergs tofaktorteori kaller motivatorer.) [engelsk term: intrinsic reward = indre belønning]

Effektloven er grunnlaget for atferdismen. Atferdismen er en radikal synsvinkel på menneskelig motivasjon som sier all oppførsel kan forstås ved å studere bare avhengighet og konsekvenser. [engelsk term: behaviorism = behaviorisme]»

Dersom det herskar forvirring om korleis ein skal omsetja dei engelske termane til norsk, kan resultatet bli at studentane brukar dei engelske termane i sine skriftlege arbeid. At ein slik praksis må verka hemmande på fagleg kommunikasjon, seier seg sjølv. Kanskje endå viktigare er det då å vurdera i kva grad studentane verkeleg klarer å tileigna seg kunnskap om eit fagområde, og om dei er i stand til å kommunisera denne kunnskapen. Dette er noko som uroar meg som pedagog. Som fagspråkforskar og terminolog, derimot, ser eg spanande utfordringar og forslag til løysingar.

Terminologiarbeid ved NHH

NHH har som mål å vera leiande innanfor økonomiske og administrative fag i Noreg. Dette gjev eit ideelt utgangspunkt for å ta vare på parallellspråklegheit på desse fagområda. For å klara det må NHH ha språkstrategiar. Å sørgja for konsistent samsvar mellom engelsk og norsk fagspråk på dei ulike fagområda krev ein større innsats enn det ein kan venta av dei einskilde vitskapeleg tilsette. Ikkje minst krev det at forslag til norske termar for å avløysa engelske blir samla og diskuterte av heile fagmiljøet, for å unngå at ein nyttar ulike «merkelappar» på det same fenomenet.

Praktisk terminologiarbeid på økonomisk-administrative og juridiske fagområde har i mange år vore eit satsingsfelt på NHH ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon (FSK). Ei rekkje fagordbøker har blitt produserte av FSK sin fagstab på desse områda. Dette kan sjåast i samanheng med undervisingstilbod til bachelor- og masterstudentar ved høgskulen.

Dei seinare åra har FSK òg utvikla eit sterkt fagmiljø innanfor terminologi som teoretisk forskingsfelt. Ein har fått etablert eit større terminologisk forskingsprosjekt der målet er å byggja opp ein internettbasert, omgrepsorientert kunnskapsbank som blant anna skal dekkja det faglege ordforrådet innanfor økonomisk-administrative fag. Prosjektet er delvis finansiert gjennom KUNSTI-programmet[1], eit forskingsprogram med fokus på kunnskapsutvikling for norsk språkteknologi i regi av Noregs forskingsråd. Ein samarbeider òg med Aksis/Unifob AS ved Universitetet i Bergen, som står for utviklinga av den teknologiske plattforma.

Målet med kunnskapsbasen, som har fått namnet KB-N (Kunnskapsbank for norsk økonomisk-administrativt domene), er i samarbeid med fagspesialistar[2] å utvikla, kvalitetssikra og ta i bruk både fagkompetansen og dei språkressursane som skal til for å takla skriftleg fagspråkleg kommunikasjon. KB-N vil innehalda omgrepssystem frå dei ulike faga og gje definisjonar på omgrepa og tilhøyrande termar som blir nytta, både på norsk og engelsk.

KB-N – eit språkstrategisk tiltak

Slik vil KB-N kunna nyttast som eit pedagogisk hjelpemiddel gjennom at innhaldet blir ei støtte i innlæringa av nye omgrep. Ei strukturert framstilling av omgrep og omgrepsskildring vil gje studentane den språklege reiskapen dei treng for å tileigna seg nye fagområde. Basen vil dermed leggja til rette for termlister og ekvivalentar mellom norsk og engelsk, som utgreiinga frå Språkrådet  etterlyser.

Ein solid kunnskapsbase, slik som KB-N, vil òg kunna nyttast i samband med forskingsformidling, til dømes dersom ein står fast når ein skal finna norske faguttrykk. Kunnskapsbasen vil såleis vera eit godt steg i rett retning mot ei slik institusjonell sjølvforvalting som Simonsen etterlyser. Det underteikna etterlyser, er nasjonal vilje til å vidareføra slike språkstrategiske instrument som KB-N representerer, gjennom tildeling av forskings- og driftsmidlar, slik at ein verkeleg får norsk i hundre!

Notar

1 http://program.forskningsradet.no/kunsti/no/

2 http://www.nhh.no/fsk/sff/kbn/

Litteratur

  • Laurén, Ch., J. Myking & H. Picht (1997). Terminologi som vetenskapsgren. Lund: Studentlitteratur
  • Sammendrag av pensumbok i organisasjon og ledelse. Studentsammendrag av pensum, 1997.
  • Imsen, G. (1998). Elevens verden. Innføring i pedagogisk psykologi. Oslo: Tano Aschehoug.
  • Kaufmann, G & A.Kaufmann (1996). Psykologi i organisasjon og ledelse. Bergen: Fagbokforlaget
  • Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder: et forslag til strategi. Oslo: Språkrådet, 2005
  • Simonsen, D.F. (2006). Behov for en samlet, men differensiert språkpolitikk. I Forskerforum: tidsskrift for norsk forskerforbund, 2/2006. Oslo: Forbundet, 28

 

-- Marita Kristiansen er førsteamanuensis i engelsk språk ved Noregs handelshøgskole.  Ho arbeider med både teoretisk og praktisk fagspråkforsking med fokus på disiplinautonomi og økonomisk-administrativ terminologi.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter