Fag, fagmenneske og fagspråk

AV TORODD KINN

Det vert sagt at vi lever i informasjonsalderen, og i flaumen av meir eller mindre nyttig informasjon freistar vi å byggje eit kunnskapssamfunn. Medan informasjonen kan finnast så mange stader, er kunnskapen å finne hos menneska. Skal vi byggje kunnskapssamfunnet, må den einskilde tileigne seg fagkunnskap, og iallfall i teoretiske fag går det meste av læringa føre seg språkvegen. Vi nyttar språk når vi lærer og underviser, når vi forskar og formidlar, og dette språket er i ymsande grad fagleg.

Fagkommunikasjon

Fagspråk er berre i svært avgrensa grad eigne språksystem, men er derimot eigne former for språkbruk. Fagspråka nyttar same lydar, rettskriving og grammatikk som allmennspråket. Men i ordtilfanget finn vi ein skilnad: Attåt ord frå allmennspråket har fagspråka eit tillegg, nemleg fagterminologi. Denne skilnaden rører ved språksystemet, men grunnen til at han finst, ligg i språkbruken. Fenomenet fagspråk lèt seg nok best forstå ut frå dei situasjonane der det vert nytta.

Det mest typiske dømet på fagspråk har vi der fagfolk skriv eller snakkar om eit emne frå det fagområdet som dei er ekspertar på, og der teksten er retta til andre fagfolk på det same feltet. Her er den vitskaplege artikkelen og konferanseinnlegget døme på viktige sjangrar, høvesvis ein skriftleg og ein munnleg. Men fagspråk har vi òg der ekspertane rettar seg til lekfolk, som i populærvitskaplege tekstar, eller til elevar og studentar, som i lærebøker og førelesingar. Å lære seg å nytte fagspråk er ein del av det å lære eit fag, og dermed høyrer fagtekstar for elevar og studentar òg med i den fagspråklege heilskapen.

Presisjon

Å tileigne seg fagkunnskap inneber å utvikle ei djupare og meir finmaska forståing av fenomena på det aktuelle fagområdet, av korleis elementa fungerer og heng saman. For å kunne snakke presist om dette treng ekspertane ein fagterminologi. Her er eit utdrag om såkalla DNA-replikasjon frå ei lærebok for vidaregåande skule:

«I cellekjernen … finst det ei mengd med frie nukleotid som ikkje er bundne til noka nukleotidkjede. Desse vil no binde seg til dei «ledige» basane på nukleotidkjedene. Nukleotid med adenin vil alltid binde seg til tymin på nukleotidkjedene, og tymin vil alltid binde seg til adenin. Sameleis vil cytosin alltid binde seg til guanin, og guanin vil binde seg til cytosin.» (Soldal 1996:139)

Her er det fleire termar som er uforståelege for dei som ikkje har temmeleg god kjemisk og biologisk fagkunnskap, t.d. nukleotid, adenin og cytosin. I sitatet knyter forfattaren termane saman og formidlar informasjon som skal hjelpe elevane til å byggje opp sin eigen kunnskap om emnet. I ein vitskapleg artikkel kan forfattaren ta for gitt at lesarane forstår terminologien, for dei fleste av dei er òg ekspertar.

Varsemd

Fagleg forsvarleg språkbruk krev ikkje berre presisjon. Ofte må eksperten formulere seg varsamt, ikkje minst når forskingsresultat skal presenterast. Det kan vere mykje tvil knytt til korleis resultata skal tolkast, og kva slutningar ein kan trekkje av dei. Her er ein passus frå ein medisinartikkel:

«Den totale komplikasjonsraten synes å ligge høyere i vår studie enn det som publiseres i de fleste serier (11). Spesielt synes infeksjonsraten på 7 % (11/154) å kreve en grundig evaluering. En postoperativ kontrollrutine med fysisk evaluering av den enkelte pasient er klart overlegen en praksis med kun telefonhenvendelse eller spørreskjema. Dette kan i det minste forklare noe når det gjelder våre høye tall.» (nomed05)

(Referansen «nomed05» syner til ein artikkel i tekstkorpuset til prosjektet Kulturell identitet i akademisk prosa (KIAP) , sjå nedanfor.) Her er det fleire såkalla garderingar: synes, de fleste, i det minste … noe. Forfattarane er varsame i drøftinga si her, og dette er eit typisk trekk ved vitskapleg språkbruk.

Abstraksjon og generalisering

Fagspråk er ofte abstrakt og generell språkbruk. Mange fagtekstar er abstrakte i den forstand at dei handlar om fenomen som vi ikkje kan ta og kjenne på, som t.d. ’inflasjon’ og ’integrasjon’. Men dessutan er fagtekstar ofte generelle i den forstand at dei ikkje handlar om spesifikke objekt eller hendingar, men om objekttypar og hendingstypar. Dette sitatet frå medisin er typisk:

«HPV-gensekvenser kan påvises i infisert vev med metoder der man bruker mplifikasjon eller hybridiseringsteknikker. Av disse er polymerasekjedereaksjon (PCR) den mest sensitive og mest anvendte metoden for å påvise HPV-infeksjon. Bestemte gensekvenser blir mangfoldiggjort (amplifisert) til flere millioner nye kopier …» (nomed19)

Her er det tale om metodar for å påvise ein viss type infeksjon og ikkje om spesifikke situasjonar der medisinarar nyttar metodane. Dette finn vi svært mykje av i fagspråk. Difor er fagspråk kjenneteikna av mykje bruk av passiv (her: kan påvises, blir mangfoldiggjort), nominaliseringar (substantiv danna av verb, her: amplifikasjon, hybridisering) og ubestemte pronomen (her: man). Slike språklege middel gjer det lettare å generalisere og utelate informasjon som gjeld spesifikke hendingar, som t.d. kven som utfører handlingane.

Forfattarfråvær?

Mellom anna på grunn av språktrekk som passiv og nominalisering har det vore vanleg å oppfatte fagspråk, og særleg vitskapleg språk, som upersonleg. Eit sitat som det følgjande ser ut til å støtte ei slik oppfatning. Her skriv forfattarane om spesifikke medisinske inngrep ved sitt eige sjukehus.

«166 pasienter … ble operert for lyskebrokk ved dagkirurgisk enhet i 1996. Generell anestesi eller spinalanestesi ble anvendt ut fra pasientenes preferanse. Hos seks pasienter ble det utført bilateral operasjon, slik at det totalt sett ble operert 172 lyskebrokk.» (nomed05)

Vi legg merke til at dei nyttar passive og ikkje aktive setningar, t.d. «166 pasienter ble operert», og ikkje «Vi opererte 166 pasienter». Men vi skal vere varsame med å kritisere dette som upersonleg språkbruk. Pronomenet vi har svært tøyeleg referanse. Hadde forfattarane brukt det, kunne det ha vorte oppfatta som ’vi forfattarane’. Men det var temmeleg sikkert andre med på operasjonane, og det er lite truleg at alle dei tre forfattarane var med på alle inngrepa. Dømet ovanfor er frå den delen av artikkelen der forfattarane presenterer materiale og metode. I innleiinga er dei meir personlege:

«Her skriv dei om seg sjølve som forskarar og om kva dei gjorde i forskinga. Det er klart kven det er tale om, og det fell meir naturleg å bruke vi-forma. Avhengig av samanhengen kan altså fagtekstforfattarar tillate seg å vere synlege i teksten sin. Forfattarnærvær er mellom hovudtemaa for forskingsprosjektet Kulturell identitet i akademisk prosa (KIAP), og det same er tekstleg samspel med lesaren, sjå http://kiap.aksis.uib.no og Fløttum, Dahl og Kinn (under utgiving).»

Samspel med lesaren

Kva med lesarane, vert dei trekte med? Det varierer sterkt mellom sjangrane og faga. I lærebøker er det vanleg å vende seg til lesaren med spørsmål og oppgåver, og pronomenet du førekjem nokså ofte. Eit anna verkemiddel er inklusivt vi, som femner om ’du’. Forfattaren og lesaren vert då omtalte som eit fellesskap. Her er eit døme:

«Når vi skal lære om eigenarten til ulike biotopar i lokalmiljøet, er det viktig at vi reiser ut i naturen og sjølve studerer biotopane. Vi kan undersøkje kva planter og dyr som finst i biotopen, og kor mykje det er av kvar art. Vi kan også måle dei ikkje-levande faktorane som klima, lysforhold, jordbotnforhold eller vasskvalitet, …» (Soldal 1996: 308)

Når han bruker det inklusive vi-et her, unngår lærebokforfattaren å nytte du-forma. Dermed unngår han òg å skilje mellom seg og eleven, og det skeive makt- og kunnskapsforholdet mellom eksperten og eleven vert ikkje så påtrengjande. Men bruk av inklusivt vi er ikkje avgrensa til lærebøker; vi finn det òg i vitskaplege artiklar. Her er eit døme frå økonomi:

«Utvalget ble tilfeldig delt inn i fem like store undergrupper. De oppgitte skattebeløpene var 500, 1 000, 2 000, 3 000 eller 5 000 kroner, hvor personer i samme underutvalg fikk oppgitt det samme skattebeløpet. Fra tabell 1 ser vi at utvalget består av 49 % menn, og gjennomsnittlig alder er 42 år.» (noecon24)

Det er klart at ’vi’ i den siste setninga, den som ser, er lesaren. Men det er svært uvanleg å nytte du i denne sjangeren. I staden nyttar forfattaren eit inklusivt vi som framstiller det som om han sjølv og lesaren er saman om observasjonen. I økonomi og fleire andre fagfelt er dette svært vanleg språkbruk. Ved at lesaren får seg tildelt oppgåver i leseprosessen, kan det òg tenkjast at han eller ho vert meir tilbøyeleg til å resonnere på same måte som forfattaren om temaet. Inkluderinga har altså klar retorisk funksjon: Lesaren skal overtydast. Anten dei er uttrykkjeleg nemnde eller ikkje, er både forfattarane og lesarane til stades rundt teksten: Dei skaper, formidlar og tek til seg kunnskap, og dei argumenterer og lèt seg overtyde – eller ikkje.

-- Torodd Kinn er førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Dei viktigaste forskingsfelta hans er grammatikk og vitskapleg tekst.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.03.2006 | Oppdatert:28.05.2021