Nyare terminologiarbeid i Noreg

AV JOHAN MYKING

Terminologiarbeidet i Noreg er inne i ein omformings- og nyetableringsprosess.

Grannelanda våre Finland og Sverige har lenge hatt ei arbeidsdeling mellom statlege språkrøktorgan for allmennspråket og terminologisentralar som for ein stor del arbeider på kommersielle vilkår. På Island ligg derimot begge typane arbeid under eitt og det same statlege organet, medan Danmark har ein desentralisert modell med sterk tilknyting til forskingsmiljø. Noreg har vore utan eit eige nasjonalt terminologiorgan sidan 2001, men Språkrådet har i dette tidsrommet teke det nasjonale ansvaret for terminologiarbeid gjennom ei eiga faggruppe. Det norske terminologiarbeidet har røter attende til førkrigstida, og har alltid hatt ei form for tilknyting til det nasjonale språkrøktarbeidet.

Språknemnd og Språkråd (1951–2004)

Norsk språknemnd vart skipa ved lov i 1951 og var i funksjon frå 1952 til 1972, då ho vart avløyst av Norsk språkråd, som er nedlagt frå 1. januar 2005 og no avløyst av det nye, omdanna Språkrådet.

Terminologiarbeid var rekna for ei viktig oppgåve for Språknemnda. Ved skipinga kom denne formuleringa inn i formålsparagrafen:

Nemnda har som særlige oppgaver bl.a. […] å fremme enhet i terminologi – i hvert mål for seg og i begge mål under ett –

Både Norsk språknemnd og Norsk språkråd kom til å leggja vekt på terminologi for skuleverket, særleg gjennom kontrollen av lærebøker. Denne kontrollen har vore rekna som ei sentral oppgåve gjennom størstedelen av funksjonstida.

Rådet for teknisk terminologi

Rådet for teknisk terminologi (RTT) oppstod i det norske teknologimiljøet ved Noregs tekniske høgskole (NTH). Føregangaren til RTT var «Sprogkomiteen» av 1897, sett ned av Den Norske Ingeniørforening (NIF) med økonomisk støtte av Stortinget. Komiteen arbeidde fram til 1905 og vart formelt nedlagd i 1912. Mandatet var «å samle og ordne materiale til en ordbok over tekniske ord og betegnelser såvel nu brukelige som nye forbedrede». Det vart samla inn eit stort ordmateriale frå tekniske fag, noko vart publisert i Teknisk Ukeblad, men arkivet gjekk visstnok tapt. I eit notat frå 1930-åra heiter det noko lakonisk om den Norske Ingeniørforenings «Sprogkomité» av 1897:

«Komiteen har åpenbart lagt stor vekt på å finne «forbedrede ord og uttrykk», og har sett det som en hovedoppgave å arbeide med fornorskning av terminologien. Diskusjoner om nylagede norske ord synes å ha optatt meget tid i komiteens møter, og har utvilsomt bidratt til å sinke og stoppe arbeidet.»

Den språkleg sakkunnige var Hjalmar Falk. Det er lett å sjå at motsetnaden mellom dei som først og fremst var interesserte i språkreinsing, og dei som var meir opptekne av det ingeniørfaglege, alltid har vore til stades.

Etter krigen vart RTT flytta og reetablert i Oslo i 1956. Rådet samarbeidde heilt frå starten nært med fleire institusjonar og verksemder, ikkje minst Norges Standardiseringsforbund med Gulbrand Jensen som drivkraft. Sekretariatsleiarar var Arvid Lippestad mellom 1963 og 1973, frå 1974 Bernhard Christiansen, medan Håvard Hjulstad overtok som dagleg leiar for sekretariatet frå 1989.

Formålsparagrafen for RTT lydde slik (sitert etter statuttane  for stiftinga frå 1989):

«Stiftelsen RTT har til oppgave å arbeide aktivt for klarhet, entydighet og ensartethet i en fagterminologi som er hensiktsmessig for norske forhold.

Stiftelsen RTT skal bidra til økt forståelse for betydninga av en hensiktsmessig fagterminologi og til å spre kunnskap om norsk fagterminologi.»

Fram til 1989 var RTT ein medlemsorganisasjon, der større og mindre verksemder, bransjeorganisasjonar, departement og andre offentlege instansar, m.a. Språkrådet, var medlemer. Det praktiske ordbokarbeidet vart gjennomført i terminologikomitear, og komitéarbeidet vart samordna i sekretariatet i RTT. Frå 1956 og fram til 1985 hadde RTT stått for utgjevinga av 45 ulike ordbøker, dei fleste på Universitetsforlaget, og i 1985 hadde sekretariatet 15 utøvande komitear i arbeid. Samarbeidet med Språkrådet var viktig, særleg med tanke på å skapa ein einsarta terminologi i lærebøker for skuleverket. Dei to institusjonane samarbeidde elles om rådgjeving og felles konsulentverksemd, særleg spela dei ei viktig rolle som språkkonsulent for Norges Standardiseringsforbund.

RTT vart omdanna frå medlemsorganisasjon til stifting frå januar 1990. RTT tok til å gje ut bladet Termposten frå 1990 og stod som norsk partnar i det nordiske samarbeidsorganet Nordterm frå starten i 1976. Gjennom heile den tida RTT var ein medlemsorganisasjon, hadde staten vore representert i styret, og det vart gjeve statsbidrag til drifta heilt fram til RTT vart lagt ned i 2001.

Norsk termbank (1979–1997)

Utgangspunktet for Norsk termbank var det såkalla Prosjekt for datamaskinell språkbehandling (PDS) ved Universitetet i Bergen. Dette var opphavleg ikkje ein institusjon, men eit prosjekt eller prosjektmiljø ved Nordisk institutt. Det var sett i gang av Kolbjørn Heggstad i 1967, i dei første åra med stønad frå mellom anna Noregs allmennvitskaplege forskingsråd (NAVF). Heggstad var fram til midten av 1980-talet den leiande fagpersonen i det omfattande prosjektsamarbeidet rundt PDS.

Det som vart heitande Norsk termbank, vart frå først av sett ut i livet som eit terminologisk dataarkiv ved PDS, der både Språkrådet, RTT, Universitets­forlaget og Standardiseringsforbundet var inne i biletet med finansiering og drift. PDS vart på denne måten eit kraftsentrum i det norske terminologi­miljøet fram til rundt 1985, og Kolbjørn Heggstad var den sentrale personen i miljøet i eigenskap av leiar for PDS og samstundes styreformann i RTT. Dei fleste kanalane gjekk på ein eller annan måte gjennom PDS, og ofte fekk miljøet rolla som formidlar mellom ulike interesser i terminologiarbeidet. Den formelle skipinga av terminologiprosjekta ved PDS som eiga «avdeling i avdelinga» med namnet Norsk termbank kan daterast til 1979.

Bernhard Christiansen hadde teke til å arbeida med oljerelatert terminologi gjennom terminologisk komitéarbeid midt på 1970-talet. Om lag samstundes sette sentrale aktørar, ikkje minst i og rundt PDS-miljøet, seg i sving med aktivt lobbyarbeid mot oljemiljøet i Stavangerregionen, det vil seia Oljedirektoratet og dei sentrale oljeselskapa med Statoil i spissen. Dette arbeidet nådde eit topppunkt då Statoil under leiing av Arve Johnsen vedtok å setja ut i livet det store prosjektet som vart plassert ved PDS / Norsk termbank under namnet Terminol-prosjektet. Dette første store oljetermino­log­iske prosjektet vart gjennomført i åra 1983–1985 for å utvikla eit norsk arbeidsspråk på Statoil sitt oljefelt.

Terminol-prosjektet er framleis det største terminologiske einskildprosjektet i Noreg nokosinne. Det fekk ei oppfølging med toppunkt i 1986, men aktiviteten på dette terminologiske feltet varde ved i fleire år, først og fremst ved Norsk termbank og ikkje som felles, nasjonal prosjektportefølje. Det er eit faktum at Terminol-prosjektet utløyste så ulike syn på økonomiske, faglege og strategiske vegval at dei ulike terminologiske fagmiljøa kom til å stå fjernare frå kvarandre enn før. For det nasjonale fagmiljøet vart såleis effekten på mange måtar den motsette av arbeidet med dataterminologi: Dataterminologien hadde fungert konsoliderande, oljeterminologien utløyste kløyvingar.

Frå 1988 vart Norsk termbank omorganisert til ei fagleg underavdeling ved Nordisk institutt og administrativ seksjon i stiftinga Unifob. I ei ny omorganisering i 1997 vart Termbanken samorganisert med det nye forskingsprogrammet for humanistisk informasjonsteknologi (HIT) og samlokalisert til HIT-senteret. Aktiviteten er vidareført som einskildprosjekt, og terminologi er framleis eitt av arbeidsfelta i Avdeling for kultur, språk og informasjonsteknologi (Aksis), som HIT-senteret no heiter.

Samarbeid og konfliktar

RTT kom frå 1970-talet som nemnt inn i eit langvarig samarbeid med Prosjekt for datamaskinell språkbehandling. For heile 1970-talet, fram til rundt 1980, kan ein tala om ein norsk samarbeidsakse mellom sentrale institusjonar som Norsk språkråd, Norsk leksikografisk institutt, PDS, RTT og Norsk termbank. Ein vesentleg del av publiseringa gjekk via Universitetsforlaget. Som vi har sett, var drifta av PDS og Termbanken finansiert med eksterne prosjekt, mellom anna datateknisk arbeid for Norsk språkråd og RTT. Desse eksterne prosjekta kom ofte frå Universitetsforlaget, som finansierte mesteparten av arbeidet med dataterminologien. Det nasjonale terminologimiljøet kom i tida rundt Terminol-prosjektet inn i ein periode prega av større interesse­motsetnader, og framstod på 1990-talet med to tyngdepunkt: RTT vart omdanna til stifting med sekretariat i Oslo, og Norsk termbank vart fastare integrert i Universitetet i Bergen. Som den tredje hovudaktøren finn vi så Norsk språkråd, med fastare regulært samarbeid med RTT enn med Norsk termbank. Målt i terminologiske årsverk var det Norsk termbank som utgjorde det største terminologimiljøet i landet etter 1985 og fram mot hundreårsskiftet.

Andre aktørar

Rundt skipinga av RTT i 1989 var det krefter i RTT som såg at utviklinga innanfor Dei europeiske fellesskapa (EF) kunne føra til at EF-relatert terminologi kunne verta ein naturleg samarbeidsakse for norsk terminologiarbeid. I samband med forhandlingane mellom EF og EFTA om skipinga av EØS kom det i stand eit stort arbeid med omsetjing av det traktat- og regelverket som EØS-avtalen byggjer på. Dette arbeidet vart i 1990  organisert som Omsetjingseininga EØS, ei separat eining i Utanriks­departementet med eigne terminologar der. Etter EU-avrøystinga i 1994 er arbeidet med omsetjing av EØS-regelverket vidareført på permanent grunnlag og med ein eigen stor, elektronisk termdatabase som formidlings- og arbeidsverktøy.

Norges standardiseringsforbund (NSF) var som nemnt ein aktiv og engasjert aktør i norsk terminologiarbeid fram til på 1980-talet, men òg seinare. Innanfor NSF og andre standardiseringsorganisasjonar, t.d. Norsk Allmennstandardisering (NAS), har det alltid gått føre seg eit viktig terminologiarbeid, fordi standardisering av terminologi heng nært saman med den teknisk-faglege standardiseringa. Det finst såleis fleire hundre organisatoriske einingar som arbeider med spesifikk terminologi knytt til ulike fagområde. Det går såleis òg føre seg ein omfattande terminologisk aktivitet i den omorganiserte og samanslegne standardiseringsorganisasjonen Standard Norge.

I mange land er arbeidet med medisinsk terminologi viktig, og godt utvikla. I norsk samanheng er det komme ut fleire viktige medisinske ordbøker, m.a. Audun Øyris Norsk medisinsk ordbok. Midt på 1990-talet kom det ut norske versjonar av internasjonale kodeverk og klassifikasjonssystem. Særleg viktig er den 10. utgåva av WHOs internasjonale sjukdoms­klassi­fika­sjon ICD-10 (1996, trykt utgåve 2005). I Noreg har det medisinske kode­verksarbeidet fått eit permanent uttrykk gjennom Kompetansesenteret for informasjonsteknologi i helsevesenet (KITH), som forvaltar ansvaret for dei medisinske kodeverka på oppdrag frå Helsedepartementet. Det har ikkje eksistert noko systematisk og organisert terminologiarbeid i meir strikt tyding på denne sektoren. Kodeverksarbeid og terminologiarbeid har likevel mange felles kjenneteikn, noko som gjer det naturleg med samarbeid.

Store næringslivsaktørar har sjeldan spela ei aktiv rolle i det organisatoriske terminologiarbeidet. Ut frå tilgjengelege kjelder er det heller ikkje lett å dokumentera breidda i det praktiske terminologiarbeidet i privat sektor. Internasjonale selskap, som til dømes omsetjingsfirmaet Berlitz (seinare: Bowne Global Solutions, no: Lionbridge Norway AS), har spela ei rolle i norsk terminologiarbeid som stiftar i RTT og som utførande terminologiprodusent i EØS-omsetjinga.

Terminologiske ordbøker – fagordbøker

Den klassiske terminologiske arbeidsmodellen med RTT i sentrum og med omfattande komitéarbeid og andre samarbeidspartnarar gav viktige resultat på 1980-talet. Norsk dataordbok kom i 1. utgåve i 1976 og vart ein stor salssuksess gjennom mange opplag og utgåver. Norsk markedsføringsordbok kom ut i 1981. Saman med RTT gav Språkrådet ut den vesle terminologilista Oljeordliste i 1982, med 371 sentrale og definerte omgrep frå oljeutvinninga i Nordsjøen. Ein kan godt kalla dette ei kulturpolitisk markering av den sentrale rolla denne nye næringa kom til å spela, og terminologilista er framleis i sal. RTT gav elles ut to oljerelaterte ordbøker på Universitetsforlaget, RTT35 (1976) og RTT43 (1980), begge med tittelen Ordbok for petroleumsvirksomhet.

Ein viktig prestasjon ved Norsk termbank i perioden fram til 1984 var utgjevinga av Hjulstad og Norevik (red.), Norsk teknisk fagordbok (NTFO) i 1984. Dette var i røynda ei samling av alle RTT-ordbøkene, som låg lagra i arkivet Norsk termbank. NTFO inneheld i tillegg svært mykje materiale frå Norsk Standard og vesentlege delar av Norsk teknisk ordbok. (Sjå nedanfor.)

Språkrådet hadde òg i mange år eit nært samarbeid med Norges Standardiseringsforbund gjennom korrekturarbeid og annan språkkontroll av Norsk Standard, og med Rådet for teknisk terminologi gjennom språkleg kontroll av RTT-ordbøker, særleg med ansvar for at nynorske ekvivalentar kom meir og meir inn i desse bøkene utetter 1980- talet. Ansvaret for skuleverket kjem godt til syne gjennom Ordliste for fysikk og kjemi til skolebruk, som Norsk språkråd gav ut i 2000.

Prosjektet ADNOM vart sett i gang av Patrick Chaffey ved Universitetet i Oslo i samarbeid med PDS og vidareført ved Utanriksdepartementet. Det første konkrete resultatet av dette prosjektet var ADNOM-ordboka i 1984 (Chaffey 1985). Den reviderte utgåva frå 1988 har den sjølvforklarande tittelen Norsk-engelsk administrativ ordbok: navn og termer fra offentlig virksomhet og er redigert av Patrick Chaffey.

Magne Rommetveit (red.): Norsk landbruksordbok (1979) er eit uvanleg ambisiøst ordbokprosjekt, kanskje eitt av dei mest ambisiøse ordbokprosjekta som har vore her i landet, både på grunn av det rike materialet, dei mange språka som er representerte, og den høge informasjonskvaliteten. Det vert arbeidd med planar om ei oppdatering og utviding av ordboka.

Audun Øyris Norsk medisinsk ordbok (7. utg. 2003) er vorten karakterisert som ein klassikar i norsk fagleksikografisk tradisjon. Den første utgåva kom ut i 1987. Ordboka høyrer til den fagtradisjonen der opphavspersonen er ekspert på fagfeltet og altså ikkje er leksikograf med språkvitskapleg bakgrunn. Denne ordboka på nynorsk er mykje nytta som referanseverk i anna medisinsk-terminologisk arbeid.

Ei anna nynorsk fagordbok er Norsk teknisk ordbok, som vart utarbeidd av Rådet for norsk teknisk ordbok og utgjeven i 1984. Dette rådet var eit «eldsjelprosjekt». Medarbeidarane tok del i arbeidet med Norsk dataordbok, og det vart ei stund arbeidd med planar om å gje ut ei nynorsk dataordbok.

Som dømet ICD-10 ovanfor viser, er det uskarpe grenser mellom ordbøker og andre typar fagleksikografiske produkt. Den store Norsk flora av Johannes og Dagny Tande Lid  er som namnet seier, ein flora, dvs. ein systematisk ’nomenklatur’ over den norske floraen, med illustrasjonar og eit omfattande apparat med leksikalske opplysningar. Verket kom ut første gong i 1944, og den sjuande utgåva kom i 2005. Norsk flora er rekna som eit standardverk i norsk og nordisk fagordbokarbeid og utgjer saman med verka til Rommetveit, Øyri og Norsk teknisk ordbok ein sterk manifestasjon av styrken i det nynorske fagspråkarbeidet.

I Terminol-prosjektet og etterfølgjande prosjekt vart det ekserperte materialet lagt inn og dataført. Det vart laga eit komplett databasesystem som ganske snart erstatta papirmediet som fullverdig oppslagsverk. Seinare la dette materialet og denne teknologien grunnlaget for Norsk termbanks database (termdatabasen NOT), som kom i handelen som NOT for Windows i 1994. Det vart laga ei papirbasert ordbok som kom ut på Kunnskapsforlaget i 1988.

Moderne terminologisk ordbokarbeid har ambisiøse mål om å kombinera datalingvistiske metodar for terminologisk bearbeiding med nye format tilpassa Internettet. Her i landet er det eit prosjekt leidd av Magnar Brekke ved Noregs handelshøgskole som er pioner på dette feltet: «KunnskapsBank for økonomisk-administrativt domene (KB-N)» lagar ein stor terminologisk databank for økonomisk-administrativt fagspråk.

Norsk terminologi – ein mogeleg konkurransefordel?

Terminologi som marknad og industriell sektor har ikkje stått sterkt i det norske samfunnet, og dette har terminologi felles med andre former for språkteknologisk arbeid. Årsaka finn vi nok delvis i grunnleggjande økonomiske og kulturelle særdrag ved det norske samfunnet: Norsk næringsliv er dominert av engelsk, og nordmenn flest er godt motiverte for dette språket, og ein slik situasjon stimulerer ikkje store økonomiske aktørar til å fremja norsk som konkurransefordel. For mindre verksemder er mangelen på norskspråkleg dokumentasjonsmateriale eit handikap, og når det gjeld helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i det nye, fleirspråklege arbeidslivet, er det livsviktig å sikra ein god fagleg kommunikasjon med norsk i sentrum. Dei terminologiske utfordringane kjem i åra frametter til å vera store, og det er ei sentral oppgåve for Språkrådet å skapa forståing og interesse for dette arbeidet.

 

Artikkelen er ei forkorta utgåve av artikkelen «Terminologi i Noreg – historisk oversyn», i Jan Hoel (red.) Hvem tar ansvaret for fagterminologien? Språkrådet 2005, s. 2–15.

-- Johan Myking er førsteamanuensis ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og har vore aktiv i terminologisk prosjektarbeid, m.a. som leiar for Norsk termbank 1994–1996.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.03.2006 | Oppdatert:12.06.2015