Finn du ikkje ordet, er det ikkje sikkert at språket har skulda!

Språkrådet og arbeidet med terminologi og fagspråk – status og planar

AV JAN HOEL

I andre artiklar i dette heftet er det gjort greie for kva terminologi og fagspråk er. Eg nøyer meg difor med å seie at fagspråk er sakprosa nytta i fagleg samanheng, og at om ein ser på fagspråk som ertesuppe som samlar og nærer fagmiljø, så er terminologien ertene. Utan terminologi blir det ikkje noko fagspråk. Ein god del termar slår rot i allmennspråket, riktig nok med svekt presisjon. Fagterminologi er difor ei av dei viktigaste kjeldene for fornying av ordforrådet vårt. Eit godt døme er moderne dataterminologi som vi alle må lære oss.

I dette heftet er det òg ein artikkel som m.a. kort omtalar noko av det Norsk språkråd utretta på dette området i levetida si i åra 1972–2004. Eg lèt difor fortida liggje her, men slår fast at etterfølgjarinstitusjonen Språkrådet erver røynsle og oppgåver på området. I staden skal eg sjå på kva den gamle og den nye institusjonen har gjort på dette feltet dei to siste åra, og på planane for åra som kjem.

Korleis fylle eit tomrom?

Stiftinga Rådet for teknisk terminologi (RTT) var nasjonalt terminologiorgan i Noreg fram til seinhausten 2001. Rådet gjorde gjennom mange år ein stor innsats for norsk terminologi og fagspråk, ikkje minst kjenner mange dei fagordbøkene som RTT gav ut, ca. 70 i alt.

Sommaren 2002 oppnemnde styret i det dåverande Norsk språkråd ei nasjonal referansegruppe for terminologiarbeid som skulle vareta norsk fagspråk i tomrommet etter RTT. Gruppa fekk avløysing ved årsskiftet 2004– 2005 då styret i Språkrådet oppnemnde Språkrådets faggruppe for terminologi og fagspråk («terminologigruppa»). Den førstnemnde gruppa rakk m.a. å få gjennomført ei spørjeundersøking på forsommaren 2004 og å skipe til ein strategikonferanse[1] i oktober same året. Den sistnemnde gruppa fekk i oppgåve å følgje opp konklusjonane i undersøkinga og konferanserapporten.

Spørjeundersøkinga

Undersøkinga vart gjennomførd for Språkrådet av den nasjonale standard­iseringsorganisasjonen Standard Norge. Etter ei innleiande kartlegging av personar og verksemder som arbeider med terminologi i Noreg, vart dei spurde om behov, ønske og haldningar på området. Det var stor semje om at fagkommunikasjon må vere på norsk i Noreg, ikkje på engelsk. Behovet for effektive, nettbaserte termdatabasar var stort, og dei aller fleste meinte at det offentlege har eit særskilt ansvar for å finansiere slike basar. Mange ønskte kurs eller anna opplæring i terminologi og praktisk terminologiarbeid.

Dei fleste meinte at ein norsk språkpolitikk må utarbeidast og setjast ut i livet også på det terminologiske og fagspråklege området. Språkrådet vart for det meste tiltenkt ei samordnande og haldningsskapande nøkkelrolle som må gå ut på m.a. å fastsetje og iverksetje overordna retningslinjer i tråd med språkpolitikken. Mange meinte at det dessutan trengst eitt eller fleire terminologiske senter («lokomotiv») som kan samarbeide med fagmiljøa om praktisk utvikling, innsamling og registrering av terminologi.

Terminologigruppa til Språkrådet

Med undersøkinga og konferansen som bakteppe sette den nyoppretta terminologigruppa i gang arbeidet sitt i 2005. Ho byrja med å utforme eit mandat for arbeidet, med denne overgripande «visjonen»:

Gruppa er ei fagleg rådgjevande referansegruppe for Språkrådet på området norsk terminologi og fagspråk. Gruppa har til oppgåve å hjelpa styret og sekretariatet til å utforma og gjennomføra ein strategi for å utvikla og styrkja norsk som fagspråk og for å fremja fagkommunikasjon på norsk.

Gruppa skal ikkje sjølv drive med praktisk terminologiarbeid, men stimulere til slikt arbeid og til annan aktivitet knytt til terminologi- og fagspråkfeltet. Den viktigaste innsatsen har vore å knyte kontakt med ulike miljø, byggje opp nettverk med andre institusjonar og skape merksemd kring fagfeltet. I tillegg til å gje ut den førnemnde konferanserapporten har gruppa

  • skipa til ein konferanse i Bergen i november 2005 i samarbeid med Noregs handelshøgskole og Aksis/ Unifob ved Universitetet i Bergen[2]
  • teke på seg norsk leiarskap i den nordiske samanslutninga Nordterm for tidsrommet juni 2005–juni 2007 og dermed ansvaret for å skipe til Nordterm-dagane i Noreg i juni 2007
  • sett i gang omsetjing til norsk av ei innføring i terminologiarbeid, Guide to Terminology (trykt norsk utgåve blir ferdig til sommaren)
  • I forlenginga av verksemda til gruppa har sekretariatet i Språkrådet samarbeidd med heimlege og nordiske miljø om m.a.
    • norsk digitalfjernsynsterminologi (med Noregs televisjon og Elektronikkbransjen)
    • brannfagleg terminologi (med Kollegiet for brannfaglig terminologi)
    • revisjon av Nordterms terminologistandard Terminologi for terminologi på nordisk (med Standard Norge og Nordterm)
    • revisjon av den norske teksten på dei nyutforma vevsidene til Nordterm

Terminologigruppa har hatt desse sju medlemene:
Bjørn Buan, Sintef helseregister og klassifisering
Jan Hoel, Språkrådet (leiar)
Knut Jonassen, Standard Norge
Johan Myking, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen
Jorunn Danielsen Newth, Opera Software Norge
Cecilie Ovrum, EØS-sekretariatet, Utanriksdepartementet
Sissel Rike, Institutt for omsetjing og fagspråk, Høgskolen i Agder

Framtida

Når desse linjene blir lesne, er terminologigruppa oppløyst. Språkrådet har fått ei ny ytre organisering med fleire, mindre «fagråd». Terminologi og fagspråk er ansvarsområdet til eit av dei. Arbeidet til terminologigruppa blir vidareført der, i det store og heile med dei same måla.

Språkrådet la i oktober 2005 fram eit «strategidokument» med framlegg om ein framtidig norsk språkpolitikk[3] og tilhøyrande tiltak på viktige innsatsområde. Norsk terminologi og fagspråk får mykje merksemd i dokumentet og blir utførleg diskutert i eit eige kapittel (kap. 11 Presist fagspråk – eit avgjerande vilkår, s. 138–151). Terminologi på norsk er fleire stader framheva som eit nøkkelvilkår for at norsk språk skal kunne stå imot trykket frå engelsk og overleve fram mot neste hundreårsskifte (sidetala viser til nettversjonen av dokumentet):

[…] Norsk må også bli det naturlege valet i alle situasjonar der det ikkje ernødvendig å bruke framandspråk.

Eit avgjerande vilkår for at ein slik politikk skal lykkast, er at det finst oppdatert norsk terminologi tilgjengeleg på alle fagområde. Slik terminologi gjer fagleg kommunikasjon på norsk mogleg. […] (s. 4)

Det blir òg lagt stor vekt på at eit norsk fagspråk best fremjar forståing og omgrepsutvikling i læringssituasjonar og er ein føresetnad for forståeleg og demokratisk kunnskapsformidling og kommunikasjon i yrkes- og samfunnsliv:

[…] Ein annan grunn til at studentane må tileigna seg det norske fagspråket,er denne: God yrkesutøving etter at studia er avslutta, krev at dei kan formidla kunnskapane sine på norsk. […] (s. 5)

Eit siste sitat peiker på at ei kraftig opprusting av arbeid med norsk terminologi og fagspråk er naudsynt for at norsk språk skal overleve som fullverdig bruksspråk i framtida. Ansvaret for opprustinga blir lagt på «samfunnet», som nok i stor grad må lesast som «det offentlege»:

Skal norsk bli brukt på alle område i samfunnet også i framtida, er vi avhengige av at det finst norsk terminologi og eit levande norsk fagspråk som kan fungera ved sida av det engelske på alle fagområde. Her er det nødvendig med ei vesentleg styrking av innsatsen frå samfunnet si side. […] (s. 7)

Dei sju framlegga til språkpolitiske tiltak på området terminologi og fagspråk står til slutt i kapittel 11. Eg gjev att det første her:

1  Språkrådet må gjerast til eit overordna, nasjonalt samordningsorgan med sterk kompetanse i fagspråk og terminologi og brei kontaktflate mot samfunnet, nasjonalt så vel som internasjonalt. Det må utviklast forpliktande samarbeidsformer for fagspråkleg kvalitetssikring mellom ulike fagdepartement, direktorat og andre offentlege instansar. (s. 149)

Det er mykje som må gjerast før Språkrådet har fylt tomrommet etter RTT og oppfylt alle dei gode føremåla i strategidokumentet. Om alle krefter dreg i same retninga, treng vi kanskje ikkje lenger å leite etter nokon å skulde på om nokre år, for vi må håpe at vi då alltid vil finne ord på morsmålet vårt for det vi ønskjer å uttrykkje!

Notar

1 Jan Hoel (red.): Hvem tar ansvaret for fagterminologien? Rapport fra en strategikonferanse om terminologi og fagspråk i Norge (Språkrådet 2005). Sjå http://www.sprakradet.no/upload/8177/fagspraak04.pdf

2 Kan terminologi på norsk bidra til økonomisk lønnsomhet? Belysning av situasjonen innenfor fiskeri, havbruk og regnskapsførsel. (Handelshøgskolen, tidsskriftet SYNAPS nr. 18/2006)

3 Gjert Kristoffersen m.fl.: Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi. (Språkrådet 2005). Sjå http://www.sprakradet.no/upload/3620/ norsk_i_hundre.pdf

 

-- Jan Hoel er rådgjevar i Språkrådet. Han er for tida leiar i styringsgruppa for den nordiske samanslutninga Nordterm.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2006 | Oppdatert:12.06.2015