Fokus på nynorsk i opplæringa

AV ANNE STEINSVIK NORDAL

Det siste året har opplæringa i nynorsk som sidemål igjen vorte eit politisk tema. I 2003 fremma tre representantar for Framstegspartiet forslag om lovendring, slik at sidemålsundervisninga i skulen skulle verte valfri. Framlegget vart nedstemt i Stortinget, og statsråd Kristin Clemet sa i stortingsdebatten mellom anna: ’det tillater også gjerne at det gjøres forsøk med sidemål og gjerne med nynorsk […] Det er ikke en unntaksbestemmelse. Det er en forsøksbestemmelse. Man kan altså ikke bare få unntak for noe man synes er overflødig, men man kan få lov til å gjøre forsøk med noe for å se om man kan få til en bedre utvikling i faget.

Sidan den tid har regjeringa i Stortingsmelding nr. 30: Kultur for læring gjort framlegg om å fjerne eksamen i sidemål i ungdomsskulen og gjere sidemålseksamen i vidaregåande skule til eit trekkfag. Dermed står vi no i ein situasjon som er heilt open når det gjeld nynorsken si stilling i skulen.

Kva har ein fått ut av denne mest hundre år lange satsinga på opplæring i nynorsk og bokmål i allmennfag i den vidaregåande skulen, og over tretti år med opplæring i bokmål og nynorsk for alle grunnskuleelevar? Opplæringa i nynorsk som sidemål har vore lite granska, men det er ei vanleg oppfatning at elevar med nynorsk som sidemål har fått svakare karakterar i emnet enn dei med bokmål som sidemål.

Grunnlaget for tidlegare forsøk med nynorsk som sidemål har gjerne vore ulike måtar å prøve å løyse ’nynorskproblemet’ på. Utgangspunktet har vore negativt på den måten at målet har vore å minimalisere nynorskopplæringa. Fleire skular har til dømes søkt om å få fritak frå skriftleg nynorsk, å ha framskoten eksamen etter ein intensiv periode med nynorskopplæring eller å ha vurdering i nynorsk utan karakter.

Slike forsøk er defensive og verkar til å redusere nynorskopplæringa. Det vert brukt metodar som ikkje er vanleg å bruke i andre fag når ein vil oppnå betre kvalitet på opplæringa. Desse forsøka er vanskeleg å grunngje med at ein skal ’få til en bedre utvikling i faget’.

Prosjektet ’Nynorsk som sidemål’

Prosjektet ’Nynorsk som sidemål’, som Høgskulen i Volda no utformar forprosjektet til, har som føremål å forske på sidemålsopplæringa i nynorsk i skulen i dag. Dette skal vere eit forskings- og utviklingsprosjekt som skal granske nye former for sidemålsopplæring ved å initiere alternative metodar og sjå på verknad og læringseffekt av desse endringane.

Prosjektet vil fokusere på kompetanseoppbygging i skulen ved å ta i bruk omgrep og modellar som skal hjelpe til å analysere praksis i sidemålsopplæringa. Ein ynskjer å utvikle norskopplæringa ved at forskarane går i dialog med lærarar i skulen og på den måten presenterer og utviklar alternative metodar. Opplæringa i sidemål må knytast opp mot arbeidet med å utvikle ein generell skrivekompetanse hos elevane, slik at dei vert betre til å skrive både nynorsk og bokmål. Å måle verknaden og læringseffekten av desse undervisningsopplegga høyrer sjølvsagt med til forskingsprosjektet. Gjennom forskingsprosjektet håper ein å få stadfesta at det ein meiner er god opplæring i nynorsk, gjev gode resultat for heile norskopplæringa i skulen.

Resultata av ei endra opplæring må ein samanlikne med den opplæringa som er vanleg i skulen i dag. Karakterane som elevane får til eksamen i nynorsk som sidemål, kan sjølvsagt vere eit samanlikningsgrunnlag, men det må òg vere ei breiare vurdering som er i samsvar med metodane ein brukar i forsøket. Prosjektet skal skaffe fram kunnskap om korleis sidemålsundervisninga i nynorsk er, og korleis den kan vere. Hypotesen for prosjektet er at ved å utvikle sidemålsopplæringa til noko betre, vil det få positive verknader for heile norskfaget.

Aksjonsforsking

Ein viktig premiss for prosjektet ’Nynorsk som sidemål’ er å bruke forskings-, forsøks- og utviklingsarbeidet til å bygge opp nasjonal kompetanse knytt til undervisning i nynorsk. Dette har vore gjort tidlegare mellom anna i PILOT-prosjektet, som Utdanningsog forskingsdepartementet har sett i gong for å bygge opp nasjonal kompetanse for bruk av IKT som reiskap i opplæringa.

I aksjonsforsking vert resultata brukt til å sette i gang praktiske tiltak under medverknad av forskaren sjølv. Forskaren kjem med forslag til endringstiltak, deltek i gjennomføringa av tiltaka, og kontrollerer verknaden av dei. Målet er å bringe den faglege ekspertisen med i ein ønskt endrande prosess i undervisninga, slik at forskaren vert ein aktør i staden for ein observatør som strevar etter objektivitet.

Aksjonsforsking som aktivitet ligg i spenningsfeltet mellom å drive forsking og å medverke til utvikling i praksisfeltet. Aksjonsforsking handlar om å drive forskings- og utviklingsarbeid i samarbeid med praksisfeltet. Omgrepa ’deltakarorientert forsking’ eller ’praksisnær forsking’ er brukande for å illustrere koplinga mellom forskarar og praktikarar og mellom teori og praksis. Forskarane må integrerast i arbeidet med utvikling av prosjektet med det som mål at støtte og rettleiing frå forskarane skal skape grunnlag for reell handling og endring i undervisninga.

I forprosjektet vert det viktig

  • å finne ut korleis ein skal etablere fellesskap mellom forskarar og praktikarar som kan vere med å skape ny fagleg-didaktisk forståing og nye handlingar i høve til betre nynorskopplæring
  • utvikle ein modell for aksjonsforsking som skaper felles læringsmiljø for fleire skular samtidig
  • å legge til rette for at slike fellesskap kan lukkast med kunnskapsutvikling mellom institusjonane

Siktemålet for nynorskprosjektet er at erfaringsdeling og teoriinnspel kvar for seg skal føre til inspirasjon og ny forståing, men også at det skal forsterke og utvikle skulane sine prosjekt.

Når deltakarane får innspel, spørsmål og idear frå andre, vert dei tvinga til å reflektere over eigen praksis og gjennom denne prosessen verte meir medvitne om å finne svar på kva, korleis og kvifor i undervisninga .

Betre sidemålsopplæring i Bærum

Som del av forprosjektet har Høgskulen i Volda vore med på eit forsøk på å styrke sidemålsopplæringa i nynorsk i Bærum kommune. Initiativet vart teke av Bærum mållag og ei gruppe lærarar frå fleire ungdomsskular i Bærum i mars 2003. Alle ungdomsskulane i kommunen er med i forsøket, og Bærum kommune har løyvt 100 000 kroner til prosjektet. Arbeidsmåtane og metodane i forsøket ligg tett opp til det som her er kalla aksjonsforsking.

Prosjektgruppa i Bærum sette opp fire mål for prosjektet:

  • ein ynskjer å undersøkje haldingar til nynorsk som sidemål og korleis sidemålopplæringa i praksis går føre seg hos norsklærarane
  • ein ynskjer å skape eit forum der norsklærarane kan dele erfaringar når det gjeld undervisning i nynorsk som sidemål
  • ein ynskjer å gje tilbod om fagleg påfyll når det gjeld nynorskundervisning
  • ein vil gjere tilgjengeleg ein idébank for god sidemålsundervisning i nynorsk

Høgskulen i Volda vart kontakta for å gjere ei haldnings- og kartleggingsundersøking mellom lærarane i ungdomsskulen. Undersøkinga skulle vere grunnlag for det vidare arbeidet med styrking av nynorskundervisninga. Granskinga vart gjennomført i januar/ februar i år, og 88 lærarar svarte på spørsmåla i undersøkinga. Resultata av granskinga vart lagde fram for ei samling for lærarar som er med i prosjektet, i februar, og svara vart òg brukte som grunnlag for kurs i nynorsk som sidemål, som vart avvikla i mars. Som del av prosjektet er det oppretta ein idébank for lærarane på Bærum kommune sine internettsider, der gode undervisningsopplegg, pluss generelle tips og råd om god nynorskopplæring vert lagde ut.

Åndalsnes-forsøket

Eit anna forsøk som er med i grunnlaget for granskinga, er eit forsøk som vart starta på Åndalsnes ungdomsskule hausten 2003. Eit samarbeid mellom Noregs Mållag og Åndalsnes ungdomsskule førte til at ei av 8.-klassene ved skulen tok i bruk lærebøker på nynorsk i kristendoms- og livssynsundervisninga. Lærarane og elevane brukar nynorsk i alt skriftleg arbeid i faget, og ein håper på denne måten å styrkje nynorskkunnskapane til elevane, men og at elevane får meir positive haldningar til nynorsk.

Høgskulen i Volda har gjennomført ei haldningsgransking mellom elevane som har vore med på forsøket. Sjølv om forsøket har vore i gang i kort tid, tyder resultata frå denne granskinga på at elevane som er med på forsøket, alt no har vorte meir språkmedvitne og har fått meir positive haldningar til nynorsk.

Fokus på nynorsk i opplæringa

Utforminga av hovudprosjektet ’Nynorsk som sidemål’ skal vere ferdig i vår. Kor omfattande granskinga skal vere, og kva klassetrinn ein skal konsentrere seg om, vil ein klargjere gjennom forprosjektet. Det er viktig å få fram forskingsresultat både frå grunnskule og vidaregåande skule, og ein bør granske skular i fleire delar av landet, både i byar og randsoner, slik at ein kan få fram eit stort spekter av erfaring på dette feltet.

I prosjektet er det aktuelt å samanlikne skular som har prøvd ulike måtar å styrke nynorskundervisninga på, med skular med meir tradisjonell nynorskundervisning. Ein må vurdere totale kunnskapar i morsmålsfaget, og det vil vere viktig å få med både haldningsmål og kunnskapsmål i vurderinga.

Til slutt må det strekast under at om dette forskingsprosjektet skal verke til betre opplæring i nynorsk som sidemål, må ein halde fram med vurdering av skriftleg sidemål både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Om ein tek vekk vurdering av skriftleg sidemål i ungdomsskulen og gjer det til eit trekkfag i vidaregåande skule, vert faget mindre aktuelt å drive forsøk med i skulen. Karakterar og vurdering har alltid vore viktig for kva status eit fag har, og det gjeld ikkje minst for nynorsk som sidemål. Det er viktig at ein ikkje endrar vurderinga i sidemål før ein endrar vurderinga i heile norskfaget, elles får sidemålsforskinga lite å seie for å få til ’en bedre utvikling i faget’, som statsråden så tydleg har uttrykt det.

 

-- Anne Steinsvik Nordal er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda med norskdidaktikk som fagområde.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter