Det høgtidssame – bygdemål og landsmål

Kan ein dialekt brukast til alle slags tekstar? Eller krev somme tekstar eit særskilt språk? Ja, slike spørsmål kom fram på 1800-talet då somme menneske her i landet ville ha alternativ til det gjengse skriftspråket. 

AV JARLE BONDEVIK

Særleg aktuelt vart det når bibel- og kyrkjespråket kom på tale. Der rådde ein høgtidssam stil med eit framandvore ordtilfang. På den tida hadde ikkje mange særnorske ord kome inn i bibeltekstane, bibelspråket var felleseige med danskane, og folk flest tykte det høvde med eit språk som ikkje hadde mykje med daglegspråket deira å gjera. I kyrkja gjekk dei inn i eit anna rom, og språket der skulle vera opphøgd over kvardagen.

Talemål – folkemål

Men likevel var det folk som meinte at dei kunne gå inn i dette rommet med kvardagsmålet sitt, og det byrja å koma små prov på dette. Før landsmålet hadde etablert seg, var det ikkje fåe tekstar frå Bibelen som vart omsette til ei språkform som var tufta på eit bygdemål. Så stor merksemd hadde desse tekstane fått at då Stortinget tok bibelomsetjinga til nynorsk føre seg i 1881, forma dei vedtaket slik at det skulle tekkjast så mange som råd var av stortingsmennene. Vedtaket hadde denne ordlyden: «Med Hensyn til Sprogformen er det Samlagets Mening, at Ivar Aasens Norm i alt væsentlig bør befølges, samt at Sproget bør lægges saa nær ind til det nuværende Talesprog som muligt er uden at der stødes an mod den bibelske Sprogtones Værdighed.»

Dette noko uklåre vedtaket vart ‘kvalitetssikra’ ved at kyrkjedepartementet skulle godkjenna omsetjarane og kontrollera dei omsette tekstane. Så hamna då den offisielle omsetjinga av Det nye testamentet trygt i Aasens fang. Men då omsetjinga kom ut i Kristiania i 1889, hadde tittelen framleis minne om det tvitydige i stortingsvedtaket: Det nye Testamente. Umsett fraa den greske Grunntekst paa norsk Folkemaal og utgjevet med Statskostnad av Det norske Samlaget.

Bibeltekstar på bygdemål – frå Romsdalen

Før ein kom så langt i omsetjingsarbeidet, hadde mykje hendt. Tidleg ute var romsdalingen Iver Brovold (1823–1910), lærar og kyrkjesongar i Tresfjorden. Han hadde laga nokre omsetjingar av to tekstar til heimedialekten sin, tresfjordmålet, av to stykke frå evangelia, og i 1853 vart dei trykte i eit stykke i Morgenbladet av soknepresten i Vestnes, O.T. Krohg. Likninga om farisearen og tollmannen og forteljinga om då Jesus metta fem tusen, er omsette i ei målform som er ei brukeleg attgjeving av talemålet i Tresfjorden. Her er det palatalisering av lang l: Fjeille, og av lang n: dein, og her er dativen teken med: I fasta tvo Gaange i Veken (dativ: Veken). Saman med eit omsett vers frå fyrste salmen i Evangelisk Psalmebog skulle desse tekstane syna at også eit bygdemål hadde sin verdi og sin venleik.

– frå Telemark

I 1870-åra fekk Aasen-målet auka tevling frå slike som ikkje ville retta seg etter ein landsnormal, men lata bygdemåla koma fram i skrift. Alt i 1871 kom ei rein målføreomsetjing av eit heilt bibelskrift. Det var Johannesevangeliet, som juristen Werner Werenskjold gav ut på vesttelemål. Werenskjold hadde den føremonen at telemålet var kjent gjennom folkeviseutgåvene til Sophus Bugge og M.B. Landstad, og hadde fått status ut over bygdene i Telemark. Så vidt eg kan døma om det, har Werenskjold skapt ei fin omsetjing. Her er ingen pratande lågprosa, men ein noko høglagd stil som høver til evangelieteksten. Det finst nokre uttrykk som Werenskjold har teke frå folkevisene, og som truleg ikkje var vanlege i talemålet på den tida, til dømes dativ i uttrykk som «av sonno» (dativ fleirtal av sann adj. ‘i sanning’) og «at Hondo» (dativ fleirtal av hand hokjønn ‘i hendene’). Werenskjold ville gjera rett og skil til båe kantar: til dialekten, som han ville gje att «som den lever paa Folketungen», og til det religiøse språket, som kravde «Omsorg for Arbeidets høiere praktiske Interesse».

– frå Sunnmøre

At Olaus Fjørtoft (1847–78) også laga prøver på bibelomsetjingar, er vel ikkje så mange klår over. Fjørtoft var studentradikalar og var stadig i ordskifte med den leiande flokken i Det norske Samlaget. Han ville gjerne ha religionslærebøkene i ei målform som låg nær talemålet til borna i bygdene. Sjølv skreiv han ikkje slike bøker, han meinte det var best at borna gjekk rett til Bibelen: «Jesu Tala og Samtal bore vera samla før seg sjøl og dæ bore vera Læreboka, me skulde ha i Skulen,» skriv han i Fram. I denne samanhengen kan vi sjå omsetjinga hans av bergpreika, som han sende ut som tilleggshefte til bladet Fram.Tittelen på heftet var Jesu talar. Han skal sjøl tale, og det kom i 1871. Der la han fram denne sentrale og kjende teksten frå Bibelen på si vanlege målform, som ikkje likna særleg på Aasen si form. Fjørtoft stryk gjerne bokstavar som ikkje vert uttala, så her heiter det aue (auge), ore (ordet) og jora (jorda), og han bruker pronomenformene de, dokker og dokkar i 2. person fleirtal.

Men heller ikkje her kan ein tala om lågprosa. Ordvalet høver i den jamne prosastilen – utan ord med særleg høg stilverdi. Eit døme frå Matt. 5, 15: «Ein kveikjer helder inkje eit ljos og set det op under ein saa, men paa ein stake, og daa skin det fyr alle dei, som er inne i stova.» Fjørtoft omsette òg ein profettekst frå Det gamle testamentet. Skriftbiletet i tekstane til Fjørtoft var nok eit hinder for lesarane og gjorde at han ikkje kunne kommunisera så godt med dei. Men ein anar ein nærleik til innhaldet som gjer godt. – No fekk Olaus Fjørtoft ei stutt levetid, og han er ute or soga når arbeidet med omsetjinga av Bibelen til nynorsk byrjar for alvor.

– frå Trøndelag med bibelsoge

På det pedagogiske området kom ein ivrig aktør frå bygdemålssida med i diskusjonen om språket i religionsbøkene. Det var trønderen Olav Jakobsson Høyem (1830–99). Han sende ut to katekismer i 1870-åra, med ikkje så fåe bibeltekstar. For alvor kom diskusjonen om arbeida hans i gang då han gav ut ei omsetjing av ei dansk bibelsoge i 1881. Det bør poengterast at siste boka ikkje er ei bibelomsetjing, med ei bibelsoge, tilmåta undervisninga i folkeskulen. Høyem, som var folkemålstilhengjar, og som hadde si eiga rettskriving og sine eigne former, fekk inga varm mottaking. I Fedraheimen skreiv Garborg om boka, og det vart ein lengre diskusjon der det vart reist prinsippielle spørsmål om korleis ein bibeltekst skulle sjå ut – anten han no var mynta på born eller vaksne. Garborg tykkjer ikkje at Høyem kunne takast som noko føredøme i bibelomsetjing: Høyem hadde ei folkeleg løysing som var for folkeleg. «Men denne folkelege Vegen er sleip og faarleg. Det er tidt berre eit Hanestig millom det ’Folkelege’ og det ’Flate’, og di høgare Emne Ein skriv um, di lettare kan ein glida ned,» slik skriv Garborg. – Ikkje alle hadde same synet som han, dei meinte at Høyem hadde råka talestilen bra, og det høvde i ei bibelsoge.

– frå Østerdalen

Eit anna namn som bør nemnast i denne samanhengen, er Ivar Mortensson- Egnund (1857–1934). Som teolog og forfattar var han særleg interessert i tekstane i Det gamle testamentet, og han byrja å prenta korte stykke frå Salmane og frå andre gammaltestamentlege bøker i bladet Fedraheimen. Mortensson-Egnund lika å vera frikar på mange måtar, også i språkvegen. Han skilde seg ut frå dei som helst ville følgja Aasens normal. Han bruker aformer som i Jorda og Bonna, kløyvd infinitiv (som vera, på -a, men kaste-e), og han sløyfar ofte stumme konsonantar som i Sta (stad), Hovu (hovud) og Møe (møde), like eins skriv han Folke (folket). Men Mortensson-Egnund gav bibeltekstane ei poetisk form. Det han omsette av Salomos Ordtøke, kan kallast ei attdikting, med ei strofeform som er henta frå gamlestevet. Nokre av desse strofene kom inn i leseboka som Garborg og Mortensson-Egnund gav ut saman, i 1885. Eitt døme frå Ordtøka:

Den, som liter paa gods og gull,
skal enda med sorg og kvide;
men den, som gjeng paa rettferds veg,
skal bløma som lauv under lide.

Det var kanskje ikkje så merkeleg at somme tykte at Mortensson-Egnund hadde ‘fornorska’ den hebraiske poesien vel mykje. I ein seinare periode omsette Mortensson-Egnund nokre tekstar til 1921-bibelen.

Noko i same leia som Mortensson- Egnund gjekk Alexander Seippel, som omsette store delar av Bibelen, men det høyrer neste hundreår til.

– frå Gudbrandsdalen

Eit eineståande innslag i norsk bibelomsetjing er Georg Sauerwein (1831–1904), frå fyrsten heimehøyrande i Tyskland, men seinare busett på Dovre og i Kristiania. Han hadde ein særgivnad for språk, og arbeidde med omsetjing av Bibelen til m.a. madagassisk, kabylsk, armensk, bulgarsk, polsk og portugisisk. Ein stor biografi om han er skriven av Oskar Vistdal. Der står det at Sauerwein arbeidde med 75 språk. Sauerwein gav ut ei diktsamling på dovremål, og der finn vi omsetjing av nokre av Salmane.

Som Hjorten, ette Vattnom tyst,
Ette Bækkjom sine skrik,
Saa Sjæle mi, i Sorg aa Lyst,
Ette Gud, paa Naade rik.

Desse linene syner at Sauerwein meistra dølamålet òg, i formverket er han heilt sikker, skriv Andreas Bjørkum, som har teke for seg målet i diktsamlinga.

Nokon særleg innverknad på omsetjingsarbeidet her i landet fekk nok ikkje Sauerwein. Han må likevel reknast som ein av dei som prøvde korleis eit bygdemål høvde for bibelske tekstar.

– Frå Nord-Noreg

To andre omsetjarar skal takast med, A.M.St. Arctander (1847–1919) og Leonhard Næss (1855–1940). Arctander omsette Peters fyrste brev og Næss m.a. Johannes’ fyrste brev. Språket hjå Arctander er nokså særeige, med former som ingen andre brukte. Han syner ordskapande evne, med ord som sendemann (apostel) og spådomsmann (profet). Arctander fekk helst kritikk for arbeidet sitt. Næss følgjer Aasen-normalen tettare enn dei andre som er nemnde ovanfor, og han vart seinare med på å omsetja tekstar til 1921-bibelen.

Sluttord

Dei omsetjarane som er omtala her, kom frå mange kantar av landet, og det syner breidda det var i den rørsla som ville ha eit bibelmål som låg nærare deira eige talemål.

Det vart elles den offentlege omsetjinga av Det nye testamentet (1889) som kom til å verta mønstergjevande for nynorsk bibelomsetjing. Men alle dei forsøka som vart gjorde på 1800- talet, var med å syna at Bibelen kunne lesast i ei anna språkleg utforming enn i den tradisjonelle ‘skriftsprogsteksten’.

Mange av omsetjingane frå 1800- talet vart publiserte i dei nynorske blada, slik som Ferdamannen, Fedraheimen og Nordmannen, og var med på å allmenngjera bibeltekstane og gje prestisje til den målforma som vart nytta.

 

-- Jarle Bondevik er dr.philos. og professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter