Det gode avløysarordet – «et etords digt»

AV KARI HAAVE

Med «bil» i Norden i 100 år var tittelen på ein konferanse i Bergen 18.–19.10. 2002, finansiert av språkpolitisk referansegruppe under Nordisk ministerråd, Nordisk språkråd og Norsk språkråd. Det nordiske importordprosjektet, leia av Helge Sandøy, stod for arrangementet. I prosjektet undersøker dei korleis moderne importord blir behandla i dei nordiske språka, både i norm og bruk. Vidare ser dei på korleis språkholdningar blir danna, og spesielt korleis holdningane til importord i Norden er. Nå ligg rapporten frå konferansen – med innleiingane – føre i ei bok, med same tittel som konferansen. Det er bidragsytarar frå Færøyane, Island, Norge, Danmark og Sverige, og boka speglar både eit felles nordisk perspektiv og meir spesielle sider ved situasjonen i kvart land.

Historia om ein nordisk suksess

Prosjektleiar Helge Sandøy opnar med ei stutt innleiing der han tek utgangspunkt i det vellykka fellesnordiske importordet «bil», som han kallar «eit fint stykke nordisk brukskunst», som fylte 100 år i 2002. Kva vi skal gjere med dei nye orda som opptek folk? Kjem, gjer dei, og det er god morsmålsstyrking å gje nye omgrep namn som mange vil bruke og opplever som sine.

Danske Inge Lise Pedersen dreg linja frå ein balansert puristisk Ludvig Holberg, som leiter etter danske ord først viss dei ikkje «have været 100 Aar av Moden», men «ligesom en Nation Trænger iblant til en annen Nations varer, saa trænger også et sprog til et andet Sprogs Gloser». Ho gjev døme på nyare danske avløysarord, før ho tek for seg ordet bil, som har gjeve namnet til denne boka. Det vart utlyst ein konkurranse i avisa Politiken i 1902 om eit godt avløysarord for automobil, og om framlegget Bil skreiv journalisten at det nok var for nytt og dristig, og at ordet Tøf var det beste. Nå tøffar ikkje bilar lenger, og siste delen av det gresk-latinske framandordet er godt integrert i dei nordiske språka. Inge Lise Pedersen går også raskt gjennom dei ulike historiske periodane med innlån i dansk og kva holdningar folk har til innlånet.

Avløysarorda i allmennspråket

Jóhan Hendrik W. Poulsen skriv om det gode avløysarordet i færøysk, og frå han har eg lånt overskrifta til denne artikkelen. Han fortel historia om korleis pacemaker blei til kvikil i færøysk, og påpeikar at fortetting er viktig – eit ord skal vere eit «etords dikt/ eins orðs ljóð». Idealet er å kome opp med ei staving mindre enn originalen! Han meiner at humor er viktig i nyordsprosessen, som elles lett kan bli for gravalvorleg. På lista over gode døme danna på ulike måtar har han telda for computer og snyril for spiral.

Pia Jarvad presenterer fleire danske avløysarord og kva gjennomslagskraft dei har hatt. Strygefri for non-iron har slått an, men ikkje biltag for carport. Det fordanska ordet nørd har glidd godt inn.

Islendingane blir rekna som resarar når det gjeld tilpassing av importord, og Guðrún Kvaran gjev ein kort historikk før ho går gjennom dei ulike måtane å gjere det på, med kjende og meir ukjende islandske døme. Den største kategorien avløysarord er naturleg nok dei samansette, som sjónvarp for fjernsyn, tölvupóstur for e-post, brottfararspjald for boarding pass, handsími for mobiltelefon og lárpera for avocado. Av dei usamansette er sími godt kjent, med utvida tyding av eit gammalt ord for tråd. Det nyare fenomenet mobiltelefon heiter handsími, enkelt og greit. Ho gjer også greie for korleis þlota for jetfly og tölva for computer blei til.

Som ein del av det nordiske importordprosjektet legg Lars Vikør fram ei meiningsmåling om språkholdningar. Her er Finland også med, både med finsktalande og svensktalande, slik at det er sju undersøkingar i alt. Meiningsmålingsfirmaet Opinion utførte målinga i Noreg mot ca. 1000 menneske med vanleg spreiing på kjønn, alder, utdanning, inntektsnivå m.m. Spørsmåla dreiar seg om holdningar til å bruke engelsk språk til dagleg, engelske einskildord i eige språk og om kva ein vel av avløysarord når dei finst. Språk i media og engelsk som arbeidsspråk er andre spørsmålstema. For dei som fryktar nordisk språdød, kan det vere ei trøst at det i alle landa er motstand mot engelsk som morsmål for alle i verda, frå 62 % i Sverige til 84 % i Finland, med Noreg på midten med 72 %.

Fagspråk og tilpassing av importord

Under temaet fagspråk skriv Helena Palm om røynslene med termgrupper i Sverige. I det ho kallar «drömtermgruppen », er arbeidet initiert av ekspertar med brei kompetanse, i samarbeid med terminologar med metodar og omgrep, og dei har kontakt med journalistar som kan spreie dei nye termane slik at dei blir aksepterte.

Journalist i NTB, Alf Skjeseth, skildrar kvalane dei har i hans bransje når nyhendestoffet veltar inn frå engelskspråklege nyheitsbyrå. Dei skal skrive «effektiv likefram og lite dristig sakprosa » med høge krav til presisjon, der parolen er alltid å prøve å finne norske ord. Moteord som implementere, destinasjon og agenda blir til iverksette, reisemål og dagsorden. Uttrykk som never mind, off the record og you name it flyg gjennom lufta i redaksjonen, men finn ikkje vegen til tastaturet. Nokre engelsklån er verre å erstatte, som backbencher, mainstream og must. Skjeseth meiner andre klisjear og fantasiløyse elles kan vere like ille i journalistspråket som eit og anna presist engelsk uttrykk.

Den svenske tilpassinga av framandord er interessant historisk sett, og Martin Gellerstam går tilbake til 1801 og Carl Gustaf Leopold, som byrja forsvenskinga av franske ord til butelj, affär, fåtölj og staty. Svenska Akademiens Ordbok blei utgjeven frå 1874, og diskusjonen om «ljudenlighet» i svensk skriftspråk går vidare fram til i dag, også når det er engelske ord som skal tilpassast. Dei etablerte tejp, tajt og fajt har til dømes fått følgje av rejva, dejta, blejda og sajt.

Islandske Ásta Svavarsdóttir tek for seg dei fire gradane av nydanning: Direkte innlån som blir tilpassa fonologisk og morfologisk, direkte omsetjing der opphavsspråket skin igjennom, gamle ord med ny eller utvida tyding og nye heimlege ord danna utan utanlandsk påverknad.

For ein norsk lesar er Johan Myking sin gjennomgang av språkutviklinga i den norske oljesektoren spesielt interessant som nær språkhistorie. Etter den vellykka og offensive fornorskinga av oljeterminologien på 1980-talet, som han kallar domeneerobring, følgjer på 1990-talet domenetap, manglande evne til å kommunisere på morsmålet på alle nivå, og deretter overgang til engelsk som konsernspråk, som han karakteriserer som domenefråskriving. Eit område, boreterminologien, er sortert i lingvistiske kategoriar.

Frå romanen Svart regn (1995) av Magnar Johnsgaard har han henta døme på engelske fagord og stilt dei opp mot normerte termar frå Norsk termbank, utarbeidde i harde komitestridar mellom fagfolk og språkfolk. Det går altså an, sjølv om modellen, slik Myking ser de, ikkje utan vidare kan overførast til terminologiarbeid generelt.

Nordisk eller engelsk – ja takk, begge delar?

Tarald Lie har skrive hovudoppgåva «The use of English in Norwegian popmusic», der han spør kva som motiverer nordmenn til å synge på engelsk, og kva slags holdningar vi har til det. Her er det altså ikkje berre tale om enkeltord, som elles i ramma for konferanserapporten, men heile tekstar. Det er forska lite på dette før, og Tarald Lie har ei sosiolingvistisk tilnærming der han intervjuar artistar som Åge Alexandersen, Ingrid Bjørnov, Jan Eggum, Anneli Drecker og Helge Gaarder, tekstomsetjar Terje Mosnes og tekstforfattarar for Morten Harket, Håvard Rem. Det er fire motiv som utkrystalliserer seg: Tradisjon, ambisjon, intonasjon og emosjon. Idealisten vel norsk og estetikaren engelsk, medan realisten og pragmatikaren står for mellomstandpunkt. Dette er godt stoff for oss som arbeider med språk i forhold til ungdomsgenerasjonen. Artikkelen til Endre Brunstad tek oss attende til ordplanet og til det nordiske prosjektet. Ei delundersøking tek for seg utviklinga når det gjeld omfanget av moderne importord, og ikkje berre frå engelsk, i nordiske aviser frå dei same dagane i 1975 og 2000. Tidlegare undersøkingar i dei nordiske landa er refererte som bakgrunn, før nokre metodiske utfordringar ved denne studien blir drøfta. Det ferdige resultatet vil komme i 2004.

Ordsmedar ved ambolten

Stig Johansson er svensken som forskar på påverknaden frå engelsk språk – i Noreg. Saman med Anne-Line Graedler har han gjeve ut boka Rocka, hipt og snacksy. Om engelsk i norsk språk og samfunn (2002). Han ser på fornorskingsarbeidet til Språkrådet litt frå utsida, og har studert korleis kollisjonspute og nakkesleng har teke innersvingen på airbag og whiplash, medan designer er for godt etablert, og spinoff og stayer lever sitt eige mangfoldige liv. Eitt av råda frå Stig Johansson er å sjå på mange samanhengar når ein skal leite etter erstatningsord. E-post er brukt nesten fire gonger så ofte som e-mail, men å eposte er det få som driv med – det blir helst å maile. Utfordringa er: «Tänk på att ord inngår i nätverk!» Kan hende må vi leve med «kulturord » som bagel og dreadlocks (og bacon og rock?!) I Stig Johanssons Råd för ordsmeder heiter det i punkt 15: «Godta det som inte kan ändras.»

I Ordsmia til Norsk språkråd går det til tider nokså heitt for seg. Jan Hoel ser på korleis nokre IKT-uttrykk svarer til definisjonen på kva eit avløysarord er. Dag F. Simonsen viser arbeidsmåten i Ordsmia ut ifrå diskusjonen kring orda bagel og wrap, og Anne Helene Aarflot drøftar suksesskriterium for avløysarord i norsk. Nettlesar er inne, verdsveven møter motstand.

For dei som er opptekne av språkutvikling og språkrøkt, er dette ei lærerik, interessant og morosam bok. Norsklærarar som eg sjølv kan finne gode og artige døme på korleis dei gjer det i andre nordiske land. Vi kan også sjå fram til fleire rapportar frå importordprosjektet. Synet på kva som er gode avløysarord – eittords dikt – og fornorska skrivemåtar, er like delt som synet på kva som er god og dårleg lyrikk. Somme av deltakarane i vår heimlege beiken-debatt, som ikkje såg noko poetisk i det nye ordbiletet, kunne ha lært mykje av å lese bøker som dette. Men det er vel for mykje å håpe på.

 

-- Kari Haave har vært lektor i norsk, historie og tysk ved Elverum videregående skole siden 1976, og er hovedlærer/seksjonansvarlig for norsk, samfunnsfag og religion siden 1993. Hun har erfaring fra lærebokarbeid og som sensor i norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter