Leiar: Lær av dei som får det til!

Endeleg blir det sett i gang eit pedagogisk prosjekt der målet er å oppnå betre resultat i sidemålet. Det blir presentert i ein artikkel i dette nummeret. Samtidig som det er i startfasen, kjem Stortingsmelding nr. 30 (2003– 2004) der Utdannings- og forskingsdepartementet nemner med rette at det manglar forsking på sidemålet. Men i staden for å prøve å setje i gang meir forsking og å skaffe seg meir innsikt foreslår departementet å nedprioritere sidemålet ved å ta det bort som eksamensfag i ungdomsskolen og gjere det til «trekkfag» ved eksamen i den vidaregåande skolen.

Sidemålsundervisninga er vellykka for mange elevar i norsk skole. Det gjeld dei fleste med nynorsk hovudmål, men òg for ein del med bokmål som hovudmål. Dei lærer begge målformene godt, og seinare i livet praktiserer mange to hovudmål. Men for andre fungerer undervisninga dårlegare. Kva er klokast å gjere i ein slik situasjon? Jo, på andre område ville ein ta utgangspunkt i kontrastane og straks prøve å lære av dei som faktisk får det til!

Tospråkssituasjonen vår ligg godt til rette for forsking. Ved å jamføre systematisk gode og dårlege resultat med f.eks. holdningar, motivasjon, toleranse, region, talemålsgrunnlag og undervisningsform kan ein finne ut kva som verkar mest inn på læringsprestasjonane. Laboratoriet har vi rundt om på skolane. Det ville overraske om vi ikkje fann ein del slåande mønster. Kanskje vil vi også oppdage at sidemålet ikkje er eit studieobjekt for berre pedagogisk, men like mye for sosiologisk forsking. Di større grunn er det til å skaffe seg innsikt – i vår eigen kultur.

Stortingsmeldinga kjem med radikale konklusjonar utan å vise interesse for forsking. Utan sakleg grunngiving avviser departementet faktisk også rapporten frå Europarådet som viser til den positive språklæringsgevinsten ein kan oppnå med opplæring i dei to målformene. Rapporten argumenterer ut frå internasjonal forsking.

«Urettferdig» seier meldinga om eit forslag frå eit førebuande utval om tilfeldig trekking av målform til norskeksamen. Det «urettferdige » gjeld først og fremst bokmålselevar som ikkje lærer seg det nynorske sidemålet godt nok. Stortingsmeldinga identifiserer seg mest med dei og vil altså redusere statusen åt faget. Meldinga drøftar ikkje kva elevar med nynorsk hovudmål heretter vil oppleve som «urettferdig ». Slik samfunnet vårt er, må dei uansett lære begge målformene. St.meld. nr. 30, med namnet Kultur for læring, er – i motsetning til f.eks. kulturmeldinga i fjor – heilt fri for ei kultur- og samfunnsforståing av språksituasjonen. Derfor finst det heller ingen konsekvensanalyse, f.eks. av om nyordninga kjem til å auke presset enda meir på nynorsk som hovudmål.

Språkrådet har i mange år rådd myndigheitene til å styrkje og forske på sidemålsopplæringa. No går Utdanningsdepartementet motsett veg. Det kastar ut dei gode erfaringane med dei dårlege. Vi oppfordrar Stortinget til å bruke klokskapen. Sats heller på å byggje på det som fungerer godt, og som faktisk viser seg å vere ein resurs. Dét vil vere kultur for læring.

 

Helge Sandøy

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter