Haldningar til engelsk

AV RAGNHILD LJOSLAND

Ein høyrer ofte at det har vorte så mykje engelsk i samfunnet. Engelsk «spreier seg» og «øver press» på norsk, kan ein lese t.d. i Plan for styrking av norsk språk, som er utgjeve av Norsk språkråd. Ein samfunnssektor der engelsk har ein stor plass, er universitets- og høgskulesektoren. Både i forsking og undervisning har det vorte meir vanleg med engelsk dei siste åra. Frå ein byrjar å studere er store delar av pensum på engelsk, og i nokre tilfelle er også førelesingane det. Mellom forskarar er det no mykje meir vanleg å publisere på engelsk enn på norsk. Dei siste 20 åra har delen publikasjonar skrivne på engelsk av norske forskarar auka frå 62 til 71 %. Av doktoravhandlingar var 81 % på engelsk i 2001. I arbeidet med hovudoppgåva mi, Engelsk som akademisk språk i Norge. En domentapsstudie, vona eg å finne ut meir om kva for mekanismar som ligg bak, når så mange forskarar vel engelsk, og ikkje norsk. Eg intervjua 14 doktorgradsstudentar om dette.

Ein premiss i undersøkinga mi var at språk ikkje går ut av bruk heilt av seg sjølve. Språk er ikkje levande organismar, og kan ikkje «døy ut» eller «presse ut» kvarandre for eigen maskin, slik ein ofte kan få inntrykk av. Dersom det er slik at norsk er i ferd med å gå av bruk i universitets- og høgskulesektoren eller på andre område av samfunnet, så er det i så fall på bakgrunn av handlingar som vi nordmenn gjer, og ikkje på grunn av nokon eigenskap ved norsk eller engelsk språk i seg sjølve. Kvar gong ein forskar skal skrive eller seie noko, må han eller ho velje kva for språk det skal skje på. Når mange forskarar i mange situasjonar vel å handle likt, er det vi får sjå, utslaget av handlingane deira på samfunnsnivå. I dette tilfellet er utslaget det som vert kalla domenetap for norsk: Språket vårt er nærast i ferd med å gå ut av bruk i forskinga. Skal ein forstå korfor domenetap skjer, må ein altså forstå motiva for dei handlingane som ligg bak.

Det er sjølvsagt mange ulike motiv og årsaker som ligg bak for forskarane når dei vel å skrive på engelsk. Nokre er reint praktiske grunnar: Kanskje deltek dei i eit større prosjekt med medarbeidarar i mange land, eller kanskje har dei ein oppdragsgjevar som vil ha rapporten på engelsk. Universiteta her i Noreg legg òg i nokre tilfelle føringar for kva språk som skal brukast. Til dømes blir doktorgradsstudentar i teknisk-naturvitskapelege fag ved NTNU i Trondheim oppfordra av universitetet til å skrive på engelsk. Ein annan grunn kan vere at forskaren ønskjer å bli publisert i eit engelskspråkleg tidsskrift. Mange skriv på engelsk «for sikkerheits skuld», dei ønskjer å kunne bli lesne av så mange andre forskarar som råd, anten dei forstår norsk eller ikkje.

Men det finst òg grunnar som ikkje er praktisk motiverte. Dette er grunnar som er meir «usynlege», dei er vanskelege å få auge på fordi dei er bakt inn i heile tankegangen vår. Ofte er forskarane ikkje sjølve klar over dei eingong, fordi dei er ein integrert del av kulturen. Det er slike grunnar eg skal konsentrere meg om her.

Da eg intervjua doktorgradsstudentar om korfor dei hadde valt å skrive doktoravhandlinga si på engelsk, var det svært mange som svarte at det hadde dei rett og slett ikkje tenkt over. Det var noko dei såg på som sjølvsagt. Dei hadde ikkje drøfta språkvalet med rettleiaren sin og heller ikkje vurdert ulike alternativ for seg sjølve. Derfor er det kanskje ikkje rett å seie at 81 % av alle norske doktorgradsstudentar vel å skrive på engelsk, slik eg sa i innleinga til denne artikkelen. Det er heller slik at dei rett og slett skriv på engelsk, utan at dei opplever det som noko reelt val. Det berre er slik at ein skal skrive på engelsk. Dette har dei vorte oppdratt til gjennom 5–6 års universitetsstudium der mesteparten av pensumstoffet er på engelsk, og førelesarane deira sjølve skriv mest på engelsk. Dette gjer at unge forskarar manglar førebilete for å skrive på norsk. Å bruke norsk er markert, uvanleg, noko som ein vel aktivt. Å bruke engelsk er umarkert, standardalternativet, og krev ikkje noko aktivt val. Det er stort sett berre i språkvitskapelege miljø dette blir sett spørsmålsteikn ved. Elles er engelsk det opplagte valet. Dette er noko doktorgradsstudentar flest er innforstått med og ser som udiskutabelt. Forståinga har vorte ein del av den kulturelle kompetansen deira.

Valet som ligg bak handlinga, treng altså ikkje vere medvite, det kan vere motivert ut frå allment aksepterte normer i den akademiske kulturen. I denne kulturen ligg det òg ein del meir eller mindre aksepterte førestillingar om språk som viser seg i haldningar overfor norsk og engelsk og overfor språk generelt. Desse haldningane er svært vanlege både blant akademikarar og «folk flest», og eg vil no vise nokre døme som eg høyrde i intervju med studentane. Eg har stilisert utsegnene litt for å gjere dei lett gjenkjennelege. For kvar utsegn vil eg forklare haldninga som ligg bak, og så trekkje fram eventuelle motargument som har vorte reist, m.a. av språkforskarar.

«Språket er berre ein reiskap»

Dette er ei grunnleggjande språkhaldning som blir kalla instrumentalisme. Instrumentalisme går ut på at språket blir sett på først og fremst som ein reiskap for kommunikasjon. Språket sin funksjon er å uttrykkje eit meiningsinnhald. Kva for språk meininga blir uttrykt på, speler såleis inga stor rolle. Andre funksjonar språk kan ha, til dømes som identitetsskapar eller kulturberar, kjem i bakgrunnen. Følgjeleg vil eit språk som er meir utbreitt, vere «betre» enn eit språk som er mindre utbreitt. I sin yttarste konsekvens kan den instrumentalistiske tankegangen føre til den konklusjonen at det ville vore best om alle språk bortsett frå eitt døydde ut. Det eine språket som skal stå att, er då engelsk. Dette er ei utvikling som er både naturleg og gunstig, og som ein bør medverke til, eller i alle fall ikkje hindre, argumenterer instrumentalistane med. Ein mindre ekstrem versjon av instrumentalisme er ein ønskesituasjon der alle folk i verda kan engelsk, og bruker det t.d. i arbeidet, mens ein kan bruke dei ulike nasjonalspråka heime og i situasjonar der ein er sikker på at ein berre ønskjer å kommunisere med landsmenn. I begge tilfella vil nasjonalspråk i alle fall ikkje ha noko i forskingspublikasjonar å gjere, ettersom forskarar i andre land òg kan ha nytte av å lese dei.

Motargumentet mot dette er at språket slett ikkje berre er ein måte å kode ein bodskap på. Språket er ein del av kulturen og dermed identiteten til folk, og å ta frå folk høvet til å bruke morsmålet vil vere eit overgrep. Språkleg mangfald er viktig for å ta vare på eit kulturelt mangfald i verda og for å motverke kulturell einsretting. Dette vil òg vere viktig i forskinga, ettersom einsretting vil verke dempande både på kreativitet og kritisk tenking. Vidare er det ikkje hipp som happ om forskarar får uttrykkje seg på morsmålet eller ikkje. Det kan vere vanskeleg å uttrykkje tankar og kompliserte resonnement på eit språk ein ikkje meistrar til fulle. Dersom alle skal skrive på engelsk, kan det bli slik at dei som har engelsk som morsmål, lettare vil slå igjennom med sine idear enn dei som må uttrykkje seg på eit framandspråk. Dermed får vi ein skeiv maktbalanse til fordel for engelsk og amerikansk forsking, noko som også er uheldig for idémangfaldet og den vitskaplege utviklinga.

«Engelsk er eit rikare språk enn norsk»

Vi har alle sikkert høyrt dette argumentet. Det har fleire ord, og har derfor eit høgare presisjonsnivå. Dette er det òg mange unge forskarar som trur. Oppfatninga er at ein vitskapleg tekst rett og slett vil vere av betre kvalitet på engelsk enn på norsk, fordi det engelske språket opnar for eit høgare presisjonsnivå. Variantar av dette argumentet blir brukt over heile verda, og heller ikkje berre mellom forskarar. Engelsk blir sett på som «rikt, variert, edelt, tilpassingsdyktig, interessant, etc.» skriv språkforskaren Robert Phillipson, og dette har han observert i mange land i ulike delar av verda.

Eigentleg går det ikkje an å avgjere kva for språk som er «rikast». Det er fordi vi ikkje har nokon måte å telje opp kor mange ord som finst i ulike språk. Dei største engelske ordbøkene har ca. 400 000 ord, mens den største norske har over 300 000. I den nye Norske ordbok, som er under utgjeving fram mot 2014, vil det også vere med om lag 300 000 ord. Men ordbøker er redigerte: Kor vanleg må eit ord vere før det vert med? Kor mange dialektord og samansette ord skal ein ta med? Til den nye, norske ordboka som kjem, har redaksjonen samla ca. 600 000 ord, men vel å kutte ned til halvparten av redigeringsomsyn (ifølgje redaktør Tor Erik Jenstad). Alle språk er eigentlig uendelege, ettersom ein kan setje saman ord og lage avleiingar og nye ord etter kvart som ein treng dei. Robert Phillipson skriv at argumentet at engelsk er eit så rikt språk, ikkje har rot i vitskaplege undersøkingar av kvalitetar ved det engelske språket i det heile. I staden meiner han det er ei form for imperialistisk argumentasjon som heng att frå kolonitida. Nordmenn og andre som talar engelsk som framandspråk, held fram med den argumentasjonen som engelskmennene i si tid brukte overfor indarar og andre kolonifolk for å legitimere koloniseringa.

«Engelsk er eit nøytralt språk»

Det engelske språket blir av mange sett på som nøytralt på den måten at det ikkje først og fremst blir assosiert med engelskspråklege land som Storbritannia og USA. Derimot blir engelsk av dei unge forskarane i undersøkinga rekna som eit internasjonalt og kulturnøytralt språk, som alle «eig» like mykje. Slik dei tenkjer på det, er ikkje engelsk stadbunde på same vis som norsk. Ein kan samanlikne det med eit standardtalemål: Standardtalemålet er ei overregional norm, som er gangbar over heile landet, og ikkje knytt til nokon bestemt geografisk stad. Samtidig kan standardtalemålet ha utspring i ein regional dialekt, slik som t.d. oslomålet. På same måten kan engelsk bli opplevd som ei overnasjonal norm, som er gangbar over heile verda, sjølv om det har utspring i England. Norsk, derimot, kan da samanliknast med ein dialekt: Det er knytt til ein heilt bestemt stad, nemleg Noreg, og er ikkje like gangbart utanfor dette landet.

Ein stad er i denne samanhengen ikkje berre eit geografisk område. Ein stad har også ein kultur og ei historisk forankring knytt til seg2. Med Noreg assosierer vi også konsept som «det norske», «vikingtid», «bunad» og liknande. Er noko nøytralt og ikkje knytt til nokon stad, vil det heller ikkje få oss til å tenkje på noka bestemt historisk eller kulturell tilknyting. Derfor kan det at eit språk blir sett som anten nøytralt eller knytt til ein stad, også skape assosiasjonar til verdiar som modernitet versus tradisjon. Korleis dette gir seg utslag, skal vi sjå i samband med den neste påstanden.

«Engelsk er framtida, norsk er for sidrumpa»

Engelsk lønner seg, meiner mange. Dei har ei førestilling om at å bruke engelsk i seg sjølv gjev økonomisk vekst og teknologisk utvikling. Denne førestellinga har nettopp samanheng med assosiasjonen til det moderne, som engelsk fører med seg. Engelsk blir knytt til framsteg. Norsk, derimot, blir assosiert med noko nasjonalistisk, tradisjonelt og ruralt. Frå informantane mine høyrde eg t.d. at berre bygdesosiologar og norskfilologar kan publisere vitskapelege tekstar på norsk. Norsk representerer det motsette av framsteg. Som ein av informantane mine sa: «Hvis det ble sagt at vi skulle skrive på engelsk, så hadde jeg sett mange positive grunner til det. Mens hvis det hadde blitt sagt at vi skulle skrive på norsk, så … Nei, jeg hadde … Snevert, liksom. Bakstreversk.» Vidare var det fleire av dei eg intervjua, som meinte at det ikkje ville vere økonomisk gunstig for Noreg som forskingsnasjon om forskarar publiserte meir på norsk, og det ville heller ikkje verke positivt for karrieren til den einskilde forskaren. Dermed var det veldig lite freistande for dei å velje norsk.

No er det sjølvsagt vanskeleg å argumentere vitskapeleg for at norsk er meir eller mindre «bakstreversk» eller «sidrumpa» enn engelsk. Men det som i alle fall er sikkert, er at dersom mange nok meiner det, så vil dette på eit vis bli rekna som sanninga. Og jo sjeldnare norsk blir brukt i samanhengar som blir rekna som moderne, jo sterkare vil denne førestillinga feste seg hos folk. Så når store teknologibedrifter som t.d. Telenor går over til engelsk som konsernspråk, vil dette vere med på å halde oppe førestellinga om at norsk ikkje er eigna til bruk i slike moderne ting som høgteknologi. At få forskarar skriv på norsk, er også med på å halde denne førestillinga ved like. Det liknar såleis ein sjølvoppfyllande profeti.

«Engelsk viser at du er dyktig»

Haldninga at dersom du som forskar skriv på engelsk, er du er dyktig, har også på eit vis samanheng med det eg skreiv i førre avsnittet. Det heng saman med at haldningar til språk gjerne går langs to aksar: prestisje og solidaritet. At ein måte å snakke eller skrive på har høg prestisje, vil seie at tilhøyrarane oppfattar det som eit signal om høg kompetanse og kvalitet. At det har høg solidaritet, vil seie at det skaper varme kjensler hos folk. Det gjeld både for språk og dialektar. Til dømes har standardtalemål gjerne høg prestisje, men låg solidaritet. Dialektar, derimot, har gjerne låg prestisje, men til gjengjeld høg solidaritet. Slik er det med norsk og engelsk òg. Engelsk har ein svært høg prestisje: Skriv du doktoravhandlinga di på engelsk, sender du ut eit signal om at du er interessert i å vere med i forskingsfronten. Du viser at du er dyktig, eller at du i alle fall er interessert i å bli det. Men skriv du på norsk, kan du bli mistenkt for å skjule at du eigentleg ikkje har noko særleg å fare med. For unge forskarar er det svært viktig å bevise at dei er kompetente. Med doktoravhandlinga skal dei vinne innpass i og respekt i fagmiljøet. Dette er det lettare å oppnå om dei skriv på engelsk, i og med den prestisjen språket har. Men varme kjensler overfor engelsk har dei unge forskarane ikkje. Solidariteten deira ligg i det norske språket, ikkje i engelsk. Det ville vore synd om norsk forsvann, var dei aller fleste einige om. Vi må halde oppe norsk, meinte dei. Men ikkje akkurat i forskingspublikasjonar.

Og kva så?

Er det slik at norsk er på veg til å gå ut av bruk i forskinga, eller kanskje til og med i heile universitets- og høgskulesektoren? Ser ein på utviklinga dei siste tjue åra, kan ting tyde på det. Ein kan sjå positivt eller negativt på denne utviklinga, alt etter kva for verdiar ein prioriterer. Men som eg var inne på i byrjinga: Dette er opp til oss. Det er berre vi her i Noreg som rår over framtida til språket vårt. Vi vel korleis og i kva slags situasjonar vi vil bruke det. Det er opp til oss om vi vil bruke norsk i forsking og høgare undervisning eller ikkje. Dersom ein vil forsøke å snu utviklinga, kan haldningsarbeid vere ein stad å byrje.

 

-- Ragnhild Ljosland er cand. philol. i nordisk språkvitenskap og er nå stipendiat i sosiolingvistikk ved NTNU.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter