Styrk norsk i akademia!

No image

Statsrådane Trine Skei Grande og Iselin Nybø inviterer til diskusjon om norsk fagspråk.

På ein konferanse på Universitetet i Oslo 13. november stilte kulturminister Trine Skei Grande og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø spørsmålet: Korleis kan vi i ein internasjonalt orientert universitets- og høgskulesektor ta vare på og vidareutvikle norsk fagspråk?

Dei viste til at det overordna målet for språkpolitikken er å sikre norsk som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, og at universiteta og høgskulane har eit lovfesta ansvar for å utvikle norsk fagspråk.

Ord frå Trine Skei Grande

– Det er eit kulturtap om vi ikkje klarer å kommunisere på norsk også på fagfelta i UH-sektoren. Ein kunnskapsversjon av vårt eige språk er eit fundament i samfunnet.

– Om ein trur at engelsk er meir presist, undergrev ein norsk som fagspråk. Det finst like presise uttrykksmåtar på norsk.

– Det er lønsamt for det norske samfunnet å ha eit godt norsk fagspråk, og det er viktig for tryggleiken på norske arbeidsplassar.

Ord frå Iselin Nybø

– Vi vil hindre at norsk fagspråk forvitrar. Vi må ha eit medvite forhold til kva som skal vere på norsk og engelsk. Derfor pålegg vi UH-sektoren å sjå nærmare på det ansvaret dei har for norsk språk.

– Det er lite vi kan gjere med at engelsk er vår tids latin. Men det ville vore trist om vi måtte ty til engelsk for å kunne si noko om faget vårt.

– Det er meir sannsynleg at ein når eit høgt fagleg nivå viss ein brukar morsmålet og ikkje eit framandspråk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter