Norsk romani

Romani er språket til taterane (romanifolket). Ordtilfanget, bøyingsverket og romani som identitetsmarkør er etter måten godt dokumentert. Men variasjon, syntaks og idiomatikk har vore lite granska.

AV SERGEJ ALEXANDER MUNKVOLD

Litteraturen om romani har vore heller liten, og kan i storo oppsummerast i The Romany Language in Norway av Ragnvald Iversen (1944). Boka gjev ei god, men ikkje uttømmande framstilling av formverk, ljodverk og ordfang. Syntaks og tekstdøme er nær fråverande. Fyrste framstillinga av romani gav Eilert Sundt i Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge (1850), men han skil ikkje mellom romani og blandingsspråket rodi. Etter Iversen er det kome fleire ordlister og meir teksttilfang på romani, m.a. Vandriane rakkrar. Taterne forteller / Taterane fortel (2014), som er redigert av Rolf Theil. Av vitskapleg arbeid har me særleg ei masteroppgåve av Åsta Mari Aune (2011) og ei doktoroppgåve av Jakob Wiedner (2017).

Bøyingsverket

Mykje av ordfanget i romani er nedervt, medan grammatikken stort sett fylgjer skandinavisk mønster.

Substantiv

Det «tradisjonelle» bøyingsmønsteret, slik Ragnvald Iversen skildra det:

 

Ubunde eintalBunde eintalUbunde fleirtalBunde fleirtal
Hankjønn (m.) bakro ‘sau’ bakron bakroar bakroane
Hokjønn (f.) busjni ‘geit’ busjnia busjniar busjniane
gaje ‘jente’ gaja gajer gajane
Inkjekjønn (n.) bers ‘år’ berse bers bersa

Dette bøyingsmønsteret er tolleg einfelt, men merk vekslinga gajergajane. Sjølv har eg ikkje høyrt dette i bruk; formene -ar og -ane i hokjønn vik i hovudsak for eit system der hankjønn har -ar og -ane medan hokjønn har -er og -ene (t.d. busjnier busjniene og gajer gajene). Bøyingsmønsteret samsvarar då med talemål fleire stader på Austlandet, der mange taterar bur.

Bøyingsmønsteret Iversen førte opp, treng ikkje vera eldst. Det kan godt vera at det berre er ein varietet. T.d. førte Iversen opp dander eint. f. ‘tann’ (nylaga etter dandra v. ‘bita’) for eldre dan (eint.) – danjar (flt.) (hjå Sundt) og gun(n)i/gurmi f. ‘ku’ for eldre gurni (hjå Sundt). Iversen fann ikkje spor etter dei eldre formene. Sjølv har eg høyrt dei eldre formene dan eint. / danjar flt. og gurni i bruk, men ikkje dandre eller gun(n)i.

På romani kallar ein tv for alidikkar (ali 'glas', dikka 'sjå') og telefon for tav (‘tråd’, jf. slå på tråden). Foto: LeoPatrizi / iStockphoto

Verb

Verba vert bøygde på to vis: (1) dikka ‘sjå’ – dikkar ‘ser’ – dikka ‘såg’ – kammar dikka ‘har sett’ og (2) ka ‘eta’ – karkaddekammar kadd. Imperativ av det fyrste verbet skifter mellom dikk og dikka, men dikka er vanlegast. Gjennomført infinitiv på -a skil seg ut frå austnorsk, som romani synest å fylgja elles, og somme har peika på svensk som mønster her, utan å spesifisera nokon varietet. Det kan vera meir nærliggjande å sjå på indre tilhøve: /a/ er attfinnande i mange bøyingsformer i den dominerande kasta-klassa i austnorsk, og eit system med gjennomgåande /a/ er meir einfelt. Det er òg likt til at /ə/ var lite aktuelt for di romani ikkje hadde dette fonemet då den «norske» bøyinga vart etablert. Rekonstruksjonen heng på uløyste spørsmål om gamalt samkvem og eldre austnorsk målsoge.

Adjektiv

Norsk romani skil ikkje lenger mellom hankjønn og hokjønn i adjektivbøyinga. Det heiter soleis både gavon honkar bengalo ‘gubben er galen’ og gaja honkar bengalo (mot eldre *bengali) ‘dama er galen’. Derimot heiter det bengalo m. og bengali f. når me brukar dei som substantiv, t.d. dikka bengalia døy! ‘sjå [den] skrulla der!’. Restar av hokjønnsforma finst òg i faste uttrykk som romani kjeb ‘romani-språket’, oftast stytt til romani.

Førestellingar om kva som er romani

Den romanien me kjenner til, frå Sundt og fram til i dag, inneheld ein del norske ord. På yta kan dette likna kodeveksling mellom romani og norsk, men det er ikkje soleis at ein målbrukar i eitt tilfelle talar «rein» romani og i eit anna tilfelle blandar romani og norsk – blandinga er ein integrert del av romani. Dei norske orda er lånord og interferens. Omfanget varierer fyrst og fremst frå person til person. Målbrukarane har likevel ei klår oppfatning av kva som er «ekte» romaniord, og kva som ikkje er det. Denne oppfatninga treng ikkje vera språkhistorisk rett. Ein tater på Vestlandet fortalde meg kor forfærd han vart då han som ung høyrde to buroar (d.e. «bønder», ikkje-taterar) frå Strilelandet bruka eit romaniord. Buroane skulle jo ikkje vita noko om språket hans. Ordet var (å) miga. Eit anna ord han nemnde, var ljot ‘stygg’. Ein tater på Austlandet oppgav høggram ‘om eit barn som bit’ som romaniord. Norske ord som ikkje vert bruka i standardmålet bokmål, kan soleis verta oppfatta som romaniord.

Derimot lyt me kalla det kodeveksling når taterar medvite blandar inn meir norsk enn det som er vanleg. Tanken er då at buroane ikkje skal skjøna at dei er taterar og talar romani, men likevel ikkje skjøna kva dei seier.

Aldri i beit for ord

Ordfanget i romani er i dag erodert på grunn av vanskeleg tradering og kan synast snautt. I praksis bøter målbrukarane på denne mangelen gjennom å bruka orda dei kjenner, på ein kreativ og assosierande måte. Soleis er somme nylagingar reine kalkeringar over norske ord, t.d. purranokeral (samansett av purrano ‘gamal’ og keral ‘ost’) ‘gamalost’ eller tiknogulo (tikno ‘liten’ og gulo ‘sukker’) ‘strøysukker’, jf. no. dial. småsukker. Andre ord er laga på eige grunnlag, t.d. alidikkar (ali 'glas', dikka 'sjå' og -ar) 'tv(-apparat)'. Ikkje alle desse nyorda er like utbreidde. Sume kan vera spontane og berre bruka i den eine samanhangen, som t.d. kasjtpuj (av kasjt ‘tre’ og puj ‘golv’) for ‘parkett’. Stundom får gamle ord tillagde tydingar, t.d. tav (‘tråd’) som ‘telefon’ (jf. slå på tråden). Det nedervde suffikset -ipa vert framleis nytta produktivt. Eit høvesord som mutripa (av mutra v. ‘miga’) kan soleis, alt etter samanhangen, tyda anten 'pissoar' eller ‘dårleg drykk’.

Eit so generisk ord som jenna v. ‘telja’ er i dag sjeldhøyrt. Då eg spurde ein korleis han ville sagt tel pengane! på romani (som på «rein» romani heiter jenna loviane!), sa han dikka akter loviane! (‘sjå etter pengane!’). Ein annan fortalde at far hans pla seia nasja pre templan å dikka etter nå purranot!, ordrett ‘spring (opp) på loftet og sjå etter noko gamalt (d.e. antikvitetar)!’. Merk elles at to ulike målbrukarar i desse døma bruka ulike ord for ‘etter’; éin bruka akter (frå lågtysk), hin etter (frå norsk) – men eit nedervt pallan er òg i bruk. Ikkje-norske lånord som akter attmed gamle ord som pallan stadfester elles at variasjonen mellom ord frå norske og romani berre er vanleg variasjon innanfor eit vidga ordfang med lånord frå norske og andre mål, og ikkje eit utslag av kodeveksling (jf. bolken ovanfor).

Romani er meir enn einstaka ord

Dei som har granska romani, har i stor mon sett på romani som ei samling ord. Men syntaksen og idiomatikken i romani syner at romani står på eigne bein og lever sitt eige liv. Eit vanleg uttrykk på romani er rakra ful, som ordrett tyder ‘tala drit’, men òg ‘baksnakka; småprata, tullprata, hefta med prat’. Eit mindre vanleg uttrykk er mero honkar nevo kei, som ordrett tyder ‘eg er ny her’, men som snarare gjev uttrykk for at ein ser for seg ein god handel. Eit anna er nasjta kji, som tyder ‘ikkje tola, orka’, t.d. mero nasjtar kji gavon ‘eg orkar ikkje (den) karen’, men ein kan òg seia nasjta kji når ein ikkje evnar noko eller ikkje har tid. Romani har ein del slike uttrykk som granskarar i liten mon har fanga opp.

 

-- Sergej Alexander Munkvold har arbeidd med romani hjå Romanifolkets/taternes senter.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter