Prank og practical joke

Rett som det er, blir hjulet funne opp på nytt både i vitseverda og i språket. Ikkje få eldre norske skribentar har skrive om practical jokes, som om det var eit engelsk fenomen. No snakkar mange unge om pranks, som om det var eit nytt fenomen. Men nordmenn har alltid drive med puss, pek, pretter og spikk på morsmålet. Vi «prankar» deg ikkje, altså.

Stykke og strek

Det er ingen skort på ord for practical jokes i norsk. Vi kan dela orda i tre grupper. Dei to fyrste er

  • ord med -stykke (fantestykkegapestykkeskjelmsstykke ofl.)
  • strek og samansetningar med -strek (apestrek, fantestrek, gapestrek, narrestrek, revestrek, skalkestrek og skøyarstrek)

Desse orda er dekkjande, men nokre av streka kan òg stå for lureri som ikkje har humoristisk siktemål, slik rampestrek kan ha. I verste fall kan det vera snakk om meinstrek med leie konsekvensar. Men stykke finst det òg reint positive variantar av, som meisterstykke og kunststykke.

Puss og pek

Den tredje gruppa inneheld stutte ord som

  • pek, prette (nokre stader prett), puss, spikk, smeit, fiff, fynte

Smeit er lite utbreidd, og fiff (jf. fiffig) har meir eller mindre mista den aktuelle tydinga. Fynte har den rette tydinga i somme dialektar, men kan òg visa til andre løgne påfunn og fakter (jf. finte, som nok er same ordet).

Puss og pek er vel kjende frå bokmål òg. Puds finst dessutan i dansk; det kjem frå mellomlågtysk pusseputze. Bokmålsordboka forklarar det med ‘skøyerstrek’. Det heiter som kjent å spela nokon eit pussPek kan òg heita peik på nynorsk, men i denne tydinga er det faktisk vanlegast med monoftong, òg i dialektar der det heiter å peika eller peike. Bokmålsordboka forklarer pek med ‘puss, narrestrek’: Ein gjer nokon eit pek.

Prette og spikk

Endeleg har vi prette og spikk, som er det tradisjonelle i svært mange dialektar for prank og practical joke. Det finst òg eit ordtak med pretteDen som gjer ei prette, kan venta ei prette att. Ein gjer altså nokon ei prette, men ein kan òg pretta nokon, altså bruka eit verb, jf. å pranka /prænka/, som mange no seier.

Det er så at spikk og prette òg kan ha ei vidare tyding innanfor lureri- og svikarfaget, men dei dekkjer dei engelske orda bra. Om ein ikkje har noko betre å ta seg til, kan prettemakarar trygt halda fram med harmlause «pranks» og kalla dei noko meir originalt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.12.2018 | Oppdatert:26.01.2021