Kvifor røktar me norsk språk?

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

I reportasjen i dette bladet blir det sagt at språkleg forfall ikkje er mogleg. Då er det eit paradoks, tenkjer du kanskje, at me har eit språkråd i det heile tatt. Kvifor skal me arbeida med språkrøkt, verna norsk mot engelsk og styrkja til dømes norsk teiknspråk og kvensk? Når Språkrådet gjer dette, arbeider me kvar einaste dag for å hindra språkleg forfall. Eller for å styrkja språket, som me heller seier. Korleis heng dette saman? Svaret er at språk kan ha litt ulike tydingar.

Sjølve språket som system kan eigentleg ikkje bli betre eller dårlegare, og me arbeider ikkje for å røkta norsk fordi det er betre enn andre språk. Men språk kan òg bety ‘språkbruk’, og bruken av språket kan variera både i kvalitet og utbreiing. Det gjeld både talespråk og skriftspråk, standardspråk og dialektar, stemmespråk og teiknspråk.

Me har fastsette normer for korleis me skal formulera oss korrekt i skrift, men for talespråket er det noko annleis. Når kvar ny generasjon bruker språket litt annleis enn den førre, representerer ikkje det noko forfall. Talespråket har til alle tider endra seg gjennom bruk. Når mange nok språkbrukarar tek i bruk ei ny form, blir den etter kvart den nye normalen.

Det enklaste svaret på spørsmålet om kvifor me skal verna det norske språket, er at språket er sjølve infrastrukturen vår. Språket er oss, og det bind oss saman, sjølv om det altså endrar seg litt heile tida. Når me ser verdien av å ta vare på norsk som fellesspråket vårt, kan me òg lettare sjå kvifor me må ta vare på dei andre språka me har i landet.

Aasmund Olavsson Vinje har på ein god måte sett ord på kvifor me treng fleire språk og kulturar i verda. Sidan me i 2018 har markert at det er 200 år sidan han vart fødd, passar det å la han avslutta denne leiaren, og dette Språknytt-året, med den andre strofa av diktet «Nationalitet» (1864):

Dei største Tankar vi altid faa
af Verdsens det store Vit;
men disse Tankar dei brjotas maa,
lik Straaler af Soli, som altid faa
i hver si Bylgje ein annan Lit.


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter