Sats på språk i næringslivet!

Gode råd kan vere dyre, særleg i næringslivet. No kan Språkrådet tilby råd heilt gratis til dei som har planar om å skrive klarare tekstar.

AV BJØRG NESJE NYBØ

– Vis engasjement, og sats på språk! Det var oppmodinga frå Idar Kreutzer, administrerande direktør i Finans Norge, då bransjeorganisasjonen for to år sidan sette i gang eit langsiktig arbeid med å sikre eit klarare og meir kundevenleg språk i finansnæringa. Språkrådet var med og gav råd i planleggingsfasen.

Då Finans Norge vende seg til Språkrådet i 2014, hadde vi lenge ønskt å overføre erfaringane våre med klarspråksarbeid i offentleg sektor til andre sektorar.

Klarspråksarbeid

Klarspråk er eit velkjent omgrep i offentleg sektor; staten har drive med systematisk klarspråksarbeid i meir enn ti år. Det er lett å tenkje seg at berre ein følgjer råd om korleis tekstane bør sjå ut, kva som er rett og gale, så vil resten ordne seg sjølv. Men det har vist seg at det ikkje er så enkelt.

Klarspråksarbeid kan samanliknast med ei generalopprydding: Er det tekstar som kan kastast eller slåast saman? Korleis kan vi stokke setningane for å få innhaldet klart fram? Og korleis kan vi forklare faguttrykka for at dei skal vere lette å forstå? Det trengst ein overordna plan for klarspråksarbeidet på fleire nivå.

Råd frå Språkrådet

Språkrådet har no brukt erfaringane frå samarbeidet med Finans Norge til å utarbeide meir generelle råd om korleis eit klarspråksprosjekt i næringslivet kan planleggast og gjennomførast. Vi vonar at både større og mindre verksemder vil kunne gjere seg nytte av råda. For som Åse Wetås, direktør i Språkrådet, sa då klarspråksprosjektet til Finans Norge vart presentert:

– Det er første gong næringslivet har sett arbeidet med klart språk i system på denne måten. Vi vonar at dette vellukka opplegget også får andre bransjar og institusjonar til å satse meir på klarare språk. Det vil vere godt for både dei og kundane.

 

-- Bjørg Nesje Nybø er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter