Skitt fiske

No image

Mange fiskar har fått namn etter korleis dei ser ut.

At raudspetta har namn etter dei raude flekkene, overraskar vel ingen. Men at brosma har namn etter måten ho lyser på, er ikkje like innlysande. Namnet er truleg knytt til verbet brage, som tyder ‘lyse, skine’.

Form og farge

Andre flekkete fiskeslag er kolje og harr. Kolja (dansk kuller) heiter så i delar av landet vårt fordi ho har ein stor mørk flekk på kvar side (jf. kol). Harr tyder nok òg ‘mørkflekkete’, eventuelt ‘blågrå’, men det gamle adjektivet som låg til grunn, er søkk borte. Kolja heiter helst hyse ved sjøen i nord og vest, etter gammalnorsk ýsa, som fisken òg heiter på Island, der ho er særs omtykt. Namnet har vore knytt til eit gamalt ord for ‘brend’.

Fiskane lysing og kviting (òg kalla bleikje) har begge namn etter den skinande bleike buken. Kveita har på si side namn etter det kvite kjøtet. Ein fisk med raud buk er røye.

Langa heiter tradisjonelt helst lònga (med å-lyd) der ho er mest utbreidd, men samanhengen med adjektivet lang er ikkje til å ta feil av. Annleis er det med flyndra. Alle veit at ho er flat, men kven skulle tru at det historisk sett er same fl- i dei to orda? Og kven tenkjer på grisen i berggylta? Ei gylte er ei ‘purke’, som naturlegvis er i slekt med ein galte (råne).

Andre særmerke

Breiflabben eller breikjeften talar så å seie for seg sjølv, for framanfrå er denne fisken ein einaste stor flabb ‘kjeft’. Frå andre sider kan han minne om eit forvakse rumpetroll. Andre fiskar som gjer det, heiter gjerne ulk(e), som òg er eit ord for padde. Langs kysten har marulk vore eit vanlegare ord enn breiflabb. Mar- kjem av norrønt marr ‘hav’ og er i grunnen det same som latin mare (jf. marin).

Djupvassfisken uer, norrønt ǫgr, har anten namn etter augo, som nærmast sprett ut når han blir halt opp, eller etter dei kvasse uggane (finnane). Mange stader i vest heiter han tradisjonelt auger og liknande, som kan vera ei seinare tilknyting til augo. Danskane har fest seg mindre ved dette særmerket; dei kallar han rødfisk.

Uggar, piggar og taggar kjenneteiknar fleire fiskar. Var i piggvar kjem avnorrønt hvarf ‘krins’, og piggane er ein krins av beinknutar. Eit anna norrønt ord for ‘pigg’, gaddr, har gitt namn til gjedda, kanskje på grunn av forma. Åboren er vond å få tak på språkleg, men fyrste ledd er i slekt med agg, egg og ugge, medan det andre er det same som borre og heng saman med børste. Ei anna slags bust finn vi på lodda. Nynorskordboka fortel at «hannfisken har ei håret stripe av skjel langs sidene i gytetida». Hannlodda er altså litt lòden.

At noko skatar, ‘stikk fram’, eller i dette tilfellet bak, er nok det som har gitt namn til skata med den karakteristiske halen. Fiskenamnet ål har uvisst opphav, men det ville vere underleg om det ikkje var fasongen forfedrane og formødrene våre beit seg merke i.

Ikkje all fisk er like fast i fisken. Fiskenamnet lake kan henge saman med lågtysk lak ‘slapp’.

Åtferd

Eit par viktige fiskar har namn etter åtferda. Skreien skrir fram, ikkje minst mot Lofoten. Verbet som ligg under, er skride – skrid – skreid – har skride. Ein annan fisk trivst særleg over aur ‘stein- og grusbotn’, og det er auren (norrønt aurriði ‘aur-ridar’, bokmål ørret, dansk ørred).

Nokre viktige fiskenamn veit vi fint lite om opphavet til; det gjeld mellom anna laks, makrell, torsk, sei og sild. Og dei fleste av fiskane vi har nemnt, har mange dialektnamn i tillegg. Fleire av dei finn du på artsdatabanken.no og i Store norske leksikon.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2018 | Oppdatert:27.01.2021