Integreringas pris

No image

Før gjekk døve born på eigne døveskular. No går dei fleste på vanlege skular. Kva gjer det med borna? Kva gjer det med språket deira?

TEKST: ASTRID MARIE GROV | FOTO: KATRINE GADE

I meir enn 150 år var majoriteten av døve born i Noreg elevar på døveskular. Det innebar i mange tilfelle eit internattilvære langt vekk frå familien. Samtidig var det den einaste sjansen ungane hadde til å få språk og skulegang i ein fellesskap der dei ikkje kjende seg annleis.

Om å kjenne seg handikappa

Mykje har endra seg for døve og høyrselshemma born, og fordelane ved døveskular er ikkje lenger så openberre som dei var. Teknologiske framsteg, særleg i form av cochleaimplantat, har gjort det mogeleg å få noko høyrsel. I tillegg har det i Noreg lenge vore eit mål at alle elevar skal integrerast og gå på dei same skulane. Slik har dei fleste døveskulane blitt bygde ned og i stor grad erstatta av tilrettelagd undervisning på nærskulen. Døve er med andre ord integrerte og treng ikkje lenger å samlast. Eller?

Ein fersk rapport frå NTNU samfunnsforsking har oppsummert kva forskinga seier om korleis det går med integreringa av døve og høyrselshemma i skulen. Resultatet er nedslåande: Både fagleg og sosialt fell elevane utanfor. «Voksnes nærhet kan ikke kompensere for fravær av interaksjon med jevnaldrende», konkluderer rapporten.

– Akseptert som eg var

Hanne Enerhaugen er fødd i 1965, før integreringa av døve tok til for alvor. Ho er oppvaksen i Drøbak, men var elev på Skådalen offentlige skole for døve i Oslo som barn. Det er ho svært glad for.

Hanne Enerhaugen | Foto: Astrid Marie Grov– Eg vart henta heime klokka seks om morgonen, og skulen starta ikkje før halv ni. Men det var verdt det. Eg har gode minne frå den tida. Eg kjende meg aldri utanfor eller aleine på skulen, vi var som ein stor familie. Mange av venene eg har i vaksen alder, er folk eg vart kjend med på Skådalen.

Enerhaugen fortel at ho kunne lite teiknspråk då ho byrja på skulen.

– Eg gjekk i ein barnehage for høyrande, og før eg var tre, hadde eg ikkje noko språk i det heile tatt. Frå då av fekk eg litt opplæring i gestikulering, men det var fyrst på skulen eg lærte meg ordentleg teiknspråk.

Fellesskapen på skulen vart ekstra viktig fordi familien ikkje kunne godt teiknspråk, seier Hanne Enerhaugen.

– Heime var eg mykje aleine, men på skulen var eg saman med andre som snakka same språk, og vart akseptert som den eg var.

Enerhaugen er ikkje overraska over funna som viser at integreringa av døve i vanlege skular fungerer dårleg. Ho meiner ei vellukka integrering i praksis er umogeleg.

– Eg har sjølv vore lærar for døve i integrerte klassar og sett at det ikkje fungerer. Særleg når det gjeld det sosiale, fell døve utanfor. Dei leikar ikkje med andre og er utsette for mobbing, og ofte blir det språklege misforståingar. Born som ikkje blir forståtte, blir frustrerte og sinna, og det fører til at dei blir sette på som problemborn. Dårleg språkutvikling, sosial isolasjon og mangel på identitetskjenslekan føre til at døve får psykiske lidingar og blir uføre som vaksne.

Nedbygginga av døveskulane er eit stort tap for oss døve.

Døve bør igjen samlast på døveskular, meiner Enerhaugen.

– Når døveskulane no er bygde ned, blir møteplassane for døve borte. Den tilhøyrsla fellesskapsarenaer gjev, er så viktig. Nedbygginga av døveskulane er eit stort tap for oss døve, eg vil nesten kalle det eit overgrep.

Sjølv om mange døve born no får operert inn cochleaimplantat som gjer dei i stand til å høyre ein god del, meiner Enerhaugen fellesundervisning for døve er nødvendig.

– Cochleaimplantat er eit litt avansert høyreapparat, men det gjer ikkje døve til høyrande. Derfor fell òg CI-opererte born utanfor om dei ikkje får lære teiknspråk og ta del i ein fellesskap med likesinna.

– For bratt kvardag

På Oppsal søraust i Oslo ligg Vetland skole og ressurssenter for hørselshemmede. Det er ein av få spesialskular for høyrselshemma som er igjen i landet, med totalt 93 elevar frå 1. til 10. klasse. Rektor Toini Rysstad får ofte påminningar om kor viktig fellesskapen med andre born er for elevane, til dømes rett etter skulestart i august.

Det tyder enormt mykje for elevane å sleppe å vere annleis.

Toini Rysstad | Foto: Katrine Gade– Då samla eg alle elevane ute og spurde dei kva som var det beste med å kome att på skulen etter ferien. Det spontane svaret var «teiknspråk». Kommunikasjonen med ungane i gata og tilmed familien kan vere utfordrande for elevane våre. Når dei kjem hit, kan dei kommunisere og leike fritt. Eg merkar at det tyder enormt mykje for dei å sleppe å vere annleis.

Ei god integrering av høyrselshemma i vanlege skular er ekstra utfordrande i den moderne skulekvardagen, meiner Rysstad.

– Vi får inn elevar her som har starta i vanlege skular, men syntest kvardagen vart for bratt, både fagleg og ikkje minst sosialt. I dagens skule blir det lagt opp til så mykje samarbeid og kommunikasjon i ulike former at det kan vere vanskeleg å bruke tolk. Nokre elevar handterer ein slik kvardag, men det skaper utfordringar for mange. Føresette må òg jobbe hardt for å skape eit sosialt miljø rundt barnet når kommunikasjonen må skje på teiknspråk.

Rysstad fortel at òg foreldre set stor pris på både den teiknspråklege fellesskapen og undervisninga på Vetland skole.

– Både frå andre stader i Oslo og elles i landet har familiar kome flyttande til Oppsal og tilgrensande område. Det har etablert seg eit døvemiljø rundt skulen, og du kan observere folk bruke teiknspråk på butikken. Her kan ungane etablere ein identitet som døv og få døve rollemodellar.

Ebru og Mia Aimee er elevar ved Vetland skole og ressurssenter for hørselshemmede. Foto: Katrine Gade

Rigide rammevilkår

Marie-Lisbet Amundsen er professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho meiner målsetjinga om at den norske skulen skal framstå som ein inkluderande og tilpassa oppvekstarena for alle, er nærare visjon enn realitet. Ho er ikkje overraska over at integreringa av døve og høyrselshemma fungerer dårleg.

Den viktigaste læringa for elevar skjer i samspel med jamnaldrande som snakkar deira språk.

– Det har i for liten grad vore forstått at teiknspråk er eit eige språk. Ein lærar som kan litt teiknspråk, er ikkje nok. Den viktigaste læringa for elevar skjer i samspel med jamnaldrande som snakkar deira språk, anten vi snakkar om språklæring eller sosial læring. I eit rikt teiknspråkleg miljø vil døve elevar få sjansen til å utvide ordforrådet og utvikle ein eigen sjargong og humor, noko som kan mangle fullstendig i vanlege klassar.

Ei god integrering av høyrselshemma i vanlege skular er mogeleg, men det føreset at ein relativt stor del av elevane i klassen kan teiknspråk godt og brukar det i kvardagen, seier Amundsen.

– Det krev også tilrettelegging med tanke på klassestorleik, lys og akustikk. Tilrettelegging er utfordrande fordi rammevilkåra i den norske skulen er svært rigide og i liten grad gjev rom for alternative undervisningsformer og -opplegg. Både med omsyn til læring og trivsel har born og unge som brukar teiknspråk, utbytte av å vere i eit miljø der teiknspråk er undervisningsspråket.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2018 | Oppdatert:27.01.2021