Klipp

I dag er det sjølvsagt at ord og uttrykk frå kvinnedominerte område er med i ordboka. Ei reell likestilling finn vi likevel ikkje i språket. Tradisjonane heng att, og nokon av dei er seigliva. Her peikar yrkestitlar seg ut. I vår har vi sett at helsesystrene ynskjer å endre tittel til helsesjukepleiar, medan Jordmorforbundet meiner at jordmor er ein kjønnsnøytral tittel. I ordboka har dagens offisielle titlar rådmann, jordmor og helsesøster fått kjønnsnøytrale definisjonar som speglar det vi i dag legg i desse omgrepa. Der det finst ein eller fleire variantar til den tradisjonelle nemninga med -mann, er dei i stor grad tekne med, til dømes politikvinne, talskvinne (i tillegg til talsperson) og varakvinne (i tillegg til vararepresentant). 

ordbokredaktør Helene Urdland Karlsen, i Dagbladet

***

Til sammen ti norske artister opptrer under årets festival i Roskilde i Danmark. […] – Tidligere var det mye oppmerksomhet på den elektroniske scenen, etter artister som Kings of Convenience og Röyksopp. Men de siste 3–4 årene har det vært norsk popmusikk publikum vil ha. I Danmark er det også større interesse for hiphop som bruker norsk språk.

bookingansvarleg Stefan Gejsing, til NTB

***

– Stemmen er den fjernkontrollen du alltid har med deg, og stemmestyring gir mening i hjemmet. Stemmestyring er ikke så viktig ennå, men kan komme til å bli det. Men systemene er ikke i det norske markedet ennå og dermed ikke tilpasset norsk språk. Men de kommer.

teknologirådgjevar Eirik Solheim, intervjua i Stavanger Aftenblad

***

Kva slags feil irriterer me oss over? I nokon mon er det individuelt. Me har alle våre kjepphestar. Det kan likevel sjå ut til at dei «vanlege skrivefeila» vert hata mest. Då siktar eg mellom anna til særskriving (kjempe glad, skrive bord) og samanblanding av og/å og då/når. Me får ofte høyra at desse tinga er feil, og etter kvart dreg me på oss noko som vert kalla innlært irritasjon: Me vert irriterte over slike feil fordi me har lært at det er rimeleg å irritera seg over slike feil. Det er vanskeleg å sjå at denne irritasjonen har nokon funksjon, bortsett frå at han disiplinerer oss språkbrukarar og lærer oss å vurdera kvarandre ut frå måten me skriv på. At eit standardspråk har bruk for skriftnormer, er dei fleste samde om. Men treng me irritasjonen i tillegg? 

forfattar Kristin Fridtun, i Dag og Tid

***

Vi tror at det både i offentlig og privat sektor i Norge ligger mange ulike datasamlinger som kan brukes til helt andre teknologiske formål enn det de opprinnelig var samlet inn til. Kommunene kan altså sitte på noe som kan bli gull for norsk språkteknologi – helt uten å være klar over det! […] Hvis vi skal bevare dialektmangfoldet vårt i framtida, er det viktig at digitale produkter kan forstå norske dialekter. Da trenger vi store mengder digitale dialektdata som kan mates inn i disse produktene. Det er bare vi som kan bestemme om vi skal snakke norsk eller engelsk til kjøleskapet vårt i framtida.

språkdirektør Åse Wetås, i Kommunal Rapport

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter