Språk og litteratur hand i hand

No image

Aasmund Olavsson Vinje ville ha vore 200 år i år. Han var ein av grunnleggjarane av det nynorske skriftspråket som bruksspråk og ein aktiv og kreativ brukar av landsmålet. Men han hadde ingen lett veg mot målet.

AV GUNNSTEIN AKSELBERG

Få av nynorskens fedrar har hatt så stor innverknad på framveksten av det nynorske skriftspråket og den nynorske skriftspråkpraksisen som Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870). Men han vingla mange gonger undervegs, eksperimenterte og prøvde ulike skriftspråklege løysingar før han vart nøgd og kjende seg trygg.

Heile tida var det nynorsken si kraft som skjønnlitterært og saklitterært skriftspråk som avgjorde kva for språklege normer og former han valde. Vinje var ein av dei aller fyrste som tok i bruk det nynorske språket i mange og ulike litterære sjangrar og samanhengar. Slik var han med på å gjera nynorsken til eit allsidig bruksspråk heilt frå starten av.

Den litterært mangslungne Vinje

Mange generasjonar har  lese, sunge og gledd seg over Vinje i metrisk form – frå barneskule til aldersheim. Lyrikken hans er mangslungen av di Vinje handsamar mange og ulike emne, og lyrikken hans er tradisjonell av di Vinje oftast skriv innom faste metriske mønster. Ikkje sjeldan bryt Vinje ut i lyrisk-poetiske innslag inne i reine prosatekstar. Den lyriske forma og dei eksistensielle temaa som Vinje tek opp i poesien, er oftast lett attkjennande.

Vinje var ein makelaus lyrikar, essayist og prosaskribent.

Vinje var dessutan ein makelaus essayist og prosaskribent. Han boltra seg språkleg friast og var mest aktiv som essayist, og den essayistiske litteraturen ruvar mest i produksjonen hans – både kvantitativt og intellektuelt. Tema av kulturell, politisk, sosial, økonomisk og personleg karakter turnerte han elegant – ofte med ei kritisk, vurderande og utfordrande tilnærming. Det er ein fryd å lesa essaytekstane til Vinje – der både Montaigne (1533–1592) og Holberg (1684–1744) gjev grunntonen. Den britiske Spectator-stilen til Addison og Steele frå tidleg 1700-tal kling òg oftast med.

Det er særleg tre litterære verk i Vinje sin produksjon der den essayistiske stilen kjem glimrande til uttrykk: vekeavisa Dølen (1858–1870) og dei to reiseskildringane Ferdaminni frå sumaren 1860 (1861) og Bretland og Britarne (1873) (fyrsteutgåva var A Norsman’s View of Britain and the British, utgjeven i Edinburgh 1863). Andre døme på Vinjes solide essayistiske framstillingar er dei rundt 700 artiklane han skreiv som Christiania-korrespondent for Drammens Tidende i perioden 1851–1859. Desse tekstane vart publiserte elektronisk våren 2018 i samband med 200-årsfeiringa.

Felles for tekstane i Dølen, Ferdaminni, Bretland og Britarne og i Drammens Tidende er Vinje si suverene evne til å kombinera ei sikker og kvass språkføring med eit skarpt, granskande og observerande blikk.

Den språkleg mangslungne Vinje

Vinje vart på sett og vis ein frivillig kasteball mellom dei to norske skriftspråkstrategiane som vaks fram utover på 1800-talet: ei gradvis fornorsking av det danske språket og utviklinga av ei eiga norsk skriftspråknorm, noko som førte til at han store delar av livet kom til å representera ei omskifteleg skriftspråkleg line. Ikkje det at han ivra for riksmålslina, men han hadde stor sympati for gradvis å fornorska språket ved å ta inn norske ord og norske former i skriftspråket, meir enn berre å fastsetja «éin gong for alle» ei alternativ særnorsk skriftspråkleg norm, slik han meinte Ivar Aasen gjorde. Vi kan kanskje seia det slik at også språkleg, som i svært mange andre tilfelle, såg Vinje «retta og vranga på livsens vev».

Vinje vart ein frivillig kasteball mellom dei to norske skriftspråkstrategiane.

Då Vinje tok til å verta skriftspråkleg produktiv – i den andre halvdelen av 1840-åra skreiv han avisinnlegg både «lokalt» i Mandal, der han oppheldt seg nokre år, og «nasjonalt» i Morgenbladet – var det framleis den danske skriftspråknorma som rådde i landet. Ivar Aasens skriftspråklege alternativ hadde enno ikkje fått si form, men Aasen jobba med saka. Fyrst i 1853 kom Aasen sitt banebrytande arbeid Prøver af Landsmaalet i Norge, der han mellom anna hadde med normerte prøver på det nye særnorske skriftspråket. Med denne boka vart landsmålet sjøsett. Frå no av fanst det eit språkleg grunnlag både for å diskutera og for å praktisera ei særeiga norsk skriftnorm.

I dei fyrste åra etter 1853 var det i hovudsak Aasen sjølv som nytta dette alternative norske skriftspråket, men frå 1858 var det fleire som prøvde seg med den nye særnorske norma. Desse både eksperimenterte med og supplerte landsmålsnorma til Aasen. Ein av dei språklege eksperimentatorane var nettopp Vinje. I det fyrste nummeret at vekebladet sitt Dølen skriv han: «Eg vil derfor prøva meg på eit Maal som ligg midt imillom det norske og danske».

Norskfarga dansk og danskfarga norsk

Då Vinje var Christiania-korrespondent for Drammens Tidende frå 1851 til 1859, brukte han dansk skriftspråk i dei til saman 700 artiklane om ulike sakstilhøve. Men journalisten i Drammens Tidende var ikkje berre lojal mot den danske skriftnorma. Allereie her eksperimenterte han – sikkert både medvite og umedvite – med å ta inn norske ord og norske grammatiske former. Mellom anna vart han kritisert for å nytta ord og former som rædda, flittigare og nyttigare. I Drammens Tidende praktiserte Vinje idéane til Knudsen om fornorsking og blandingsmål, men i motsetnad til Knud Knudsen som tok ord og former frå den norske «dannede dagligtale» i byane, tok Vinje ord og former frå sitt eige telemål og frå andre talemål – som skilde seg sterkt frå den norske «dannede dagligtale».

Vinje og ei norsk språknorm

Det var fyrst då Vinje tok til å gje ut vekebladet Dølen i 1858, at han markerte seg som norsk skriftspråkbrukar. Men sjølv i sitt eige vekeblad, og særleg i dei fyrste årgangane av Dølen, var Vinje språkleg usikker. Her nytta han danske innslag som hvorfor, hvordan, hverken, bevisar, betyda, kun, der (relativt pronomen), Tidinds Strid og Norskhet. Dette språket til Vinje «kunde en næsten kalde et maskeret riksmaal», er det vorte sagt.

Rundt 1860 var Vinje komen fram til ei meir eller mindre stø ny norsk målform. Særleg vart boka Ferdaminni fraa Sumaren 1860, gjeven ut i 1861, trekt fram som døme på eit stabilt og heilsleg språk hjå Vinje. Likevel var det stor avstand til Aasen si språkform i denne boka. Sjølve tittelen på boka, Ferdaminni, signaliserte eit brot med Aasen. Forma -minni i Ferdaminni var henta frå Vinje sitt eige talemål, telemålet, og uttrykte trongen hans til å la landsmålsnorma få eit breiare talemålsgrunnlag enn det Aasen var viljug til. Hjå Aasen skulle fleirtalsforma her vore -minne, altså Ferdaminne.

På 1860-talet, frå 1863 til 1865 – etter at han hadde gjeve ut Ferdaminni og vore i England – fekk Vinje det føre seg at han hadde vore altfor slepphendt i bruken av særeigne norske språkformer i litteraturen sin. Han frykta at slike språkformer ville vera eit hinder mellom lesarane og han sjølv som forfattar. Difor tok han til å nytta ein god del danske former att. No nytta han former som til dømes Jomsvikinger, Greider (< Greidur), Penge, Kunstnere, først (< fyrst), før (< fyr), over (< yver), om (< um) og hos (< hjaa); og formuleringar som hun har blott hvilt (< ho hever kvilt) og vi har ikke (< me hev ikki).

Det er fyrst i 1865 at Vinje tek til å nærma seg Aasen si målform. Det episke diktet Storegut, gjeve ut i 1866, er skrive i ei tillempa språkleg Aasen-form. Vinje vart likevel aldri fortruleg med Aasen-normalen. Mellom anna meinte han at Aasen var altfor oppteken av prinsipielle teoretiske språktilnærmingar, og at Aasen forsømte den praktiske sida ved språket. Sjølv ville Vinje halda fram der Aasen slapp, mellom anna med å studera talemåla si praktiske side.

Vinje var altså langt frå samd med Aasen i eitt og alt. Det vert hermt etter Vinje at han i 1868 skal ha sagt om Aasen: «Eg skal bruke resepta di, saa langt eg kan, men eg maa skrive paa mit eiget maal. Eg vil ikje væra noko apekat.» Vinje hadde ei meir praktisk og dynamisk tilnærming til norsk skriftnorm enn Aasen. Han var mindre puristisk, og difor var han også svært oppteken av talemålsnære former. Vinje eksperimenterte med den språklege forma heile livet, og han kalla seg difor for ein av «Nomadene på Sprogmarken».

Kunstnaren, pragmatikaren og språkmannen Vinje

Det var landsmålet som løyste ut lyrikaren Vinje. Han nådde nok ikkje like langt, djupt og inderleg i den poesien han utforma i dansk språkdrakt. Før han tok til å skriva dikt på landsmålet, nådde han vel lengst i dei mange visene han skreiv på bygdemål.

Vinje var heile livet på språkleg leit og dreiv med språklege eksperiment.

Truleg var det òg kunstnaren, og ikkje målmannen eller språkpolitikaren, som forma landsmålet hans, og som gjorde at Vinje heile livet var på språkleg leit og dreiv med språklege eksperiment. Etter som kunstnarpersonlegdomen Vinje vaks fram, endra han òg språket sitt frå eit nokså traust kansellistisk dansk til ei meir blodfull, fri og personleg norsk uttrykksform der den klassiske arven smelta saman med hans eige heimlege språktilfang. 

Vinje pendla skriftspråkleg i nesten heile sitt vaksne liv mellom dansk, Aasen-normalen og bygdemål. I 1860-åra var Vinje svært påverka av sunnmøringen Olaus Fjørtoft, som ville la lokale talemålsformer få større plass innom landsmålsnorma. Mellom anna ville Fjørtoft i 1869 ha bundne a-former som mora og husa – og ikkje som Aasen ha formene moderi og husi – i ei planlagd landsmåls-ABC. At Vinje i Dølen frå same tid konsekvent nytta a-forma i bundne hokjønnsformer i eintal, er nok ikkje tilfeldig. Dei siste åra innsåg Vinje at han nok var mindre «vestlending» enn han hadde vore tidlegare, og sleppte fleire austnorske målformer, midlandsformer, til i skriftspråket sitt. På slutten av livet kunne han omtala seg sjølv som «me austlendske».

Med Vinje vart det munnlege og levande norske skriftspråket spreidd til ulike domene og litterære sjangrar. Ikkje minst i rolla si som journalist fungerte han som ein språkleg banebrytar. Han var med å gjera det norske skriftspråket til eit allment bruksspråk som var funksjonelt og praktisk, og som folk kunne kjenna seg att i.

 

-- Gunnstein Akselberg er professor i norsk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter