Å melde bøker

No image

Eg var bokmeldar nokre år. Det var ved sidan av vanleg jobb, men likevel. Eg fekk lyrikkbøker heilt gratis. Ofte var postkassa full når eg kom heim, og eg hadde store stablar spreidd rundt på golvet. Eg las nesten hundre bøker i året. Dikt til frukost, middags og kvelds, kvar dag og heile helga. Eg var i himmelen.

AV TORE ELIAS HOEL, lektor og forfattar

Men det var eit problem. Eg likte ikkje å skrive om boka var god eller dårleg. Sånt er kinkig, fordi vurderingar er viktige for forfattaren og andre lesarar. Dessutan påverkar det litteraturen framover. Lese, ja. Skjønne, ja. Vurdere, hm?

Sjølvsagt visste eg om boka var god eller dårleg, men korleis skulle eg skrive det rett? «Temaet er uklart», skreiv eg, og det kom av at metaforane var «hermetiske» og motivet «ikkje konsistent». Så viste eg til naturdikta på side 16 og metaforane på side 43. Det blei likevel feil. For på side 12 og 19 fanst det dikt som ikkje passa inn i vurderinga. Sjølv om eg nyanserte og filte på setningane, blei det feil.

Men eigentleg var det meg. Eg har aldri vore flink til å kritisere. Når ein kollega på jobb seier at «avdelingsleiaren er ein kynisk dritsekk», tenker eg: «Nja, jo, men er det verkeleg så ille? Rett nok var han kjip førre torsdag, men han smilte på fredag, og han ser gjennom fingrane med at vi alltid kjem seint!» Nyansar som kollegaen ikkje hadde fått med seg. Han kunne nok ha filt på den krasse utsegna, men det ville uansett ikkje ha hjelpt. For tydelege vurderingar av levande menneske blir feil.

Lyrikksamlingar er som menneske. Like mangfaldige. Like umogelege å vurdere. Dersom eg filte på setningane for å bli presis, blei det detaljar og pirk. Heilt uleseleg. Dersom eg lét vere å file, blei det upresist og løgn. Bokstablane voks mens eg grubla.

Løysinga kom ein dag på jobb. Eg kom med matpakken inn døra på personalrommet. Avdelingsleiaren satt ved det eine bordet, den kritiske kollegaen ved eit anna. Han blunka og vinka på meg, ville seie noko jævlig om avdelingsleiaren. Eg blunka tilbake, men segla forbi og sette meg ved eit tredje bord.

Ikkje alt må skrivast med ord. Dei dårlege bøkene blei liggjande i stablane på golvet – inga skade skjedd. Dei gode bøkene drog eg fram og skreiv langt og grundig om, men utan eigentleg å vurdere dei. Og desse bøkene kom likevel til å påverke framtidas litteratur. Å ha sett dei var ros god nok. Så får dei som likar å kjefte, sitje ved sitt eige bord.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter