Når talemålet ikkje kan stå i vegen

No image

NRK er den fremste normeraren av talespråk i Noreg. Men språksjef Ragnhild Bjørge skulle titt og ofte ønskje at nokon kunne gi henne fasiten på korleis ord skal uttalast.

AV ASTRID MARIE GROV

NRK har snakka til det norske folket sidan 1933. Men medan nordmenn flest i stor grad får «snakke som dei vil», har NRK retningslinjer for talespråket. Språksjef Ragnhild Bjørge er klar på kvifor.

– Dersom folk hengjer seg opp i språket me brukar, får dei ikkje med seg kva me seier. Og då har me svikta samfunnsoppdraget vårt, som er å formidle informasjon. Difor er det viktig at me får så få klagar på talespråket vårt som råd, og me må ha retningslinjer for kva journalistane kan seie og ikkje.

Skil mellom kjede og skjede

Nokre uttaleformer vekkjer meir merksemd enn andre. Bjørge fortel at NRK har eit prinsipp om å halde litt tilbake når det gjeld lydendringar.

– Me skil enno mellom kitt og skitt og kjede og skjede i NRK, for me veit at ei samanblanding av desse lydane vekkjer sterke reaksjonar. Sjølvsagt både aksepterer og registrerer me at lydendringar skjer i det norske språksamfunnet, men NRK skal ikkje gå i bresjen for dei.

Bjørge innrømmer at det hadde vore kjekt med ein fasit for korleis ord skal uttalast. Men i Noreg finst det inga offentleg normering av talespråk, så den kursen må NRK stake ut sjølv. Ho seier at personnamn og stadnamn er noko av det som skapar mest hovudbry. For at journalistane skal finne ut korleis eit namn skal uttalast, byggjer NRK no opp ein uttalebase.

– Namn er viktige for identiteten til folk, så me må ha eit særleg medvite forhold til uttalen av dei. Me prøver langt på veg å akte på den lokale uttalen. Til dømes skal journalistane våre seie GEiranger og ikkje GeirAnger og Fæje og ikkje Fedje, slik mange gjer, fortel Bjørge.

Det er ikkje alltid like lett å avgjere kva for ei uttaleform som skal vinne fram.

– Me må ofte gå nokre rundar med stadnamna, både norske og utanlandske. Til dømes vurderte me ei stund om den tradisjonelle norske uttalen av Hiroshima skulle endrast frå HiroshIma til HirOshima, slik dei uttalar det m.a. på engelsk. Men japanskkunnige meinte at begge delar var like langt unna den japanske uttalen med tonelagsskilnad,og rådde oss til å leggje trykket på tredjestavinga, så då heldt me fram med det.

Det normerte talespråket

Noreg har blitt eit dialektparadis av dei sjeldne, men NRK har framleis klare retningslinjer for at dei òg skal la publikum høyre normert talespråk. Det gjeld særleg i nyheitssendingane.

– Hovudregelen er at nyheitene frå studio og i reportasjar skal vere på anten normert bokmål eller nynorsk. Nyheitene er det aller viktigaste me sender, og då skal ingenting stå mellom innhaldet og lyttaren. I tillegg har me eit spesielt ansvar for å formidle norsk språk, og då særleg nynorsk. Etter kvart er det ikkje så mange kanalar att for det normerte talespråket, så det er viktig at folk får høyre det hjå oss. Enkeltmedarbeidarar kan søkje unnatak frå denne regelen, men det skjer nok langt oftare på distriktskontora enn i rikssendingane, seier Bjørge.

Utanfor nyheitssendingane har dialektbølgja òg for alvor nådd NRK.

– Dialektane har blitt viktigare og viktigare for folk. Tidlegare var talemålet i NRK nokså strengt normert, men i takt med stemninga i folket har me opna for meir dialektbruk dei siste åra. I NRK er me dessutan opptekne av den gode forteljinga, og me trur at dialektane gjer det lettare å fortelje og formidle gode historier.

Sjølv om NRK har opna for dialektbruk, tyder ikkje det at journalistane kan snakke akkurat som dei vil.

– Frå 2015 har me hatt eigne nedskrivne retningslinjer for dialektrøkt i NRK. Tre sentrale prinsipp er at språket skal vere tydeleg, forståeleg og konsekvent, uavhengig av om ein brukar dialekt eller normert talespråk. Dersom ein seier søv, skal ein såleis halde seg til den forma og ikkje veksle med sover. Slike inkonsekvensar er noko publikum fort kan hengje seg opp i.

Og er journalistane med på notane? Stort sett, fortel Ragnhild Bjørge.

– Det hender det blir diskusjonar, men det er jo naturleg. I det store og heile opplever eg at medarbeidarane våre respekterer reglane me har for talemålet. Alle vil jo nå fram, smiler ho.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.09.2016 | Oppdatert:27.01.2021