Grunnstoffa fortel historier

No image

Vitskapsfolk er i ferd med å gje namn til fire nye grunnstoff: nihonium, moscovium, tenness og oganesson. Korleis får grunnstoff namn, og kva skjuler det seg bak dei?

AV OLE VÅGE

– Namna på moderne grunnstoff er ei brokete samling av vanskelege framandord. Det er viktig å knyte namna til noko kjent. Derfor bør vi kjenne til historia bak namna på grunnstoffa, seier Vivi Ringnes, som har arbeidd med kjemi i mange år ved Universitetet i Oslo.

Tennessee–Moskva–Japan

I år skjer det spennande ting på namnefronten i den kjemiske verda. Fire nye grunnstoff vert døypte av den internasjonale samanslutninga av nasjonale kjemiske selskap (IUPAC). Organisasjonen har gjort framlegg om namna nihonium for grunnstoff nr. 113, moscovium for 115, tenness for 117 og oganesson  for 118. Namneforslaga er ute på høyring til november, og skrivemåten er heller ikkje endeleg.

Nihonium kjem av nihon, ein av to måtar å uttale Japan på japansk, og namnet er danna for å påskjøne japanske vitskapsfolk som oppdaga grunnstoffet. Moscovium kjem av Moskva, og tenness kjem av delstaten Tennessee i USA. Fagmiljø i Russland og USA har samarbeidd om å finne desse to grunnstoffa. Namnet på det siste grunnstoffet, oganesson, heidrar den russiske professoren Jurij Oganesian for pionerarbeidet hans.

Fordelen med å nytte stadnamn i namngjevinga er at ein kan gjere fleire til lags enn berre éin person. Men namna er ikkje heilt lytefrie.

– Eg synest det er gode val av namn. Personar og stadar som bør krediterast for oppdagingane, vert heidra. Men det gjer jo at kjemien fjernar seg endå meir frå lekfolk. Ingen vil forstå kva nihonium og oganesson skal bety eller symbolisere, seier Ringnes.

Blant nissar og troll

Nokre av grunnstoffa har vi kjent til heilt sidan oldtida. Det ser vi att i namn på metall som jarn og kopar, som er arveord i språket vårt. Men sidan kjemi vart vitskap på 1700-talet, har ei rekkje grunnstoff vorte oppdaga.

I ein periode fekk nyoppdaga grunnstoff namn etter mytologi og overtru. Kobolt og nikkel fekk namn av bergverksfolk som trudde at troll og smårøvarar var på ferde og øydela koparen som skulle utvinnast frå koparmalmen. Kobolt kjem opphavleg frå det tyske Kobold og tydde ‘svartalv’, medan nikkel kjem frå Nickel, som tydde ‘nisse, bergtroll’ på tysk. Det synte seg å vere heilt nye grunnstoff, ikkje sabotasje frå underverda.

I andre tilfelle kalla ein opp grunnstoffa etter himmellekamar, til dømes uran (etter planeten Uranus), selen (gresk for ‘måne’) og palladium (etter asteroiden Pallas). Vanlegare var det likevel å kalle opp nye grunnstoff etter mineralet eller malmen der ein fann grunnstoffet, som aluminium frå mineralet alun. Nye eksperimentelle metodar på 1800-talet gjorde at ein kunne måle lysstrålar, og dimed fekk ein del grunnstoff namn etter fargar, til dømes rubidium (‘mørkeraud’) og indium (‘indigo’).

Namnemotar

– Namnsetjing har gått litt etter motar. Nye måtar å gje namn på har avløyst tidlegare måtar, seier Ringnes.

Etter kvart vart det vanleg å namngje eit grunnstoff etter ein stad, gjerne der det vart oppdaga, eller der oppdagaren kom frå. Det slo gunstig ut for svenskane. Den vesle byen Ytterby utanfor Stockholm gav namn til heile fire grunnstoff: yttrium, ytterbium, terbium og erbium. Noreg fekk ingen, men vi kan vel seie at vi deler scandium (etter Skandinavia) med svenskane, som fann grunnstoffet i norsk malm.

Den latinske språkdrakta til namna har alltid halde stand. Difor heiter det t.d. ruthenium, latinsk Rutenia for Russland, og lutetium, latinsk Lutetia for Paris.

Kald krig

Utover 1900-talet tok namnsetjinga ei ny retning. Kjemikarar byrja å kalle opp nye grunnstoff etter personar, som bohrium etter Niels Bohr og curium etter Marie og Pierre Curie. Men dette synte seg ikkje alltid like enkelt.

Under den kalde krigen klarte sovjetiske og amerikanske kjemikarar å framstille nye grunnstoff på kvar sin kant. Og dei vart ikkje alltid samde om namna. Då grunnstoff nr. 104 vart oppdaga, ville sovjetarane heidre fysikaren L.V. Kurtsjatov med kurtsjatovium, medan amerikanarane slo eit slag for rutherfordium etter E. Rutherford. Engelske bøker nytta rutherfordium, og kurtsjatovium var i bruk i mange norske lærebøker heilt fram til 1997.

Kven har så det siste ordet når kjemiske namn vert storpolitikk?

– Det har alltid vore tradisjon for at oppdagaren av eit grunnstoff fekk æra å namngje det. Men det er IUPAC som gjer det endelege vedtaket. Og det var IUPAC som kom fram til at rutherfordium skulle verte det endelege namnet på grunnstoff nr. 104, fortel Ringnes.

Kjemikarane tek altså ingen språklege snarvegar når nye grunnstoff skal få namn. Det dreier seg trass alt om å setje namn på dei grunnleggjande byggjeklossane i universet vårt.

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter