Grøne fingrar, grøne nyord

No image

Vi har dyrka grønsaker og frukt i uminnelege tider, men måten vi gjer det på, endrar seg stendig. Difor får vi nyord som geriljajordbær, andelsbruk og måneskinnsbonde.

AV OLE VÅGE

Økologisk og kortreist mat er viktig for oss. Stadig fleire tek saka i eigne hender og dyrkar mat i urbane parsellar og dyrkingskasser eller samarbeider med bønder. Nokre er ekstra utolmodige og plantar grønsaker, bær og blomar i rundkøyringar, vegkantar og fråflytta tomter for å skape grøne flekkar i ein grå by. Geriljagartnarar kallar dei seg.

Geriljagartneri

Ordsamansetjinga geriljagartnar er kreativ og spelar på at dei plantar i løynd utan godkjenning frå grunneigar eller kommune. Og revolusjonen, han er grøn. Arsenalet kan vere frøbomber, små kuler med jordblanding og frø som geriljagartnarane raskt kan setje i jorda utan å påkalle merksemd.

Gerilja- som føreledd må seiast å vere likande når ein finn andre, nærskylde nyord som geriljadyrking, geriljahage og geriljajordbær. Om ein skapar mange, ulike samansetjingar med eit slikt føreledd, seier språkvitarane at det er produktivt. Det er også snev av sjølvmotseiing i samansetjinga, frå det uføreseielege i geriljakamp til det velordna i gartneri og hage, og kanskje ligg litt av tiltrekkinga til ordet i akkurat det.

Dyrking i måneskinn

For andre er løysinga å verte andelsbonde. Gjennom ein avtale med ein vanleg bonde kan ein vere med på å så, hauste og gjere dugnadsarbeid. Her er krigsmetaforikken fråverande, og ordsamansetjinga speglar heller eit harmonisk og kontraktuelt forhold til grunneigaren. Vi finn også nærskylde nyord som andelsbruk og andelsgard. Alle desse nyorda er gode døme på at nye måtar å drive dyrking på skapar eit behov for nye ord.

Somme kan ta seg vatn over hovudet når dei har for store grøne ambisjonar. Då kan ein ende opp som måneskinnsbonde. Som ordsamansetjinga speglar, lyt nokre av oss ta dei seinaste kveldsstundene til hjelp for luking, vatning og anna arbeid i åkeren, på jordet eller i hagen. Førstedelen måneskinn- står her for noko anna enn sjølve lyset frå månen. Ordet symboliserer heller tidspunktet for måneskinnet, altså kvelden og natta, derav det alternative nyordet midnattsbonde.

Når ein lagar slike samansetjingar der eit ord står for eit anna, men relatert omgrep, kallar språkvitarar det for metonymi.

Hotellhumler

Pollinering er viktig for god vokster i hagen. Difor har fleire sett opp såkalla insekthotell, også kalla humle- og biehotell. Dei er små kasser som skal gjere det triveleg for pollenspreiarane våre.

Her spelar etterleddet -hotell på at det er ei forfina kasse for mellombels opphald oppdelt i små rom, kanskje ikkje ulikt hotell som vi menneske nyttar. Vi finn også att -hotell i nyordsamansetjingar på heilt andre felt, som dekkhotell, øvingshotell og surdeigshotell. Føremonen ved bruk av slike metaforar er at vi lett kan førestille oss nye omgrep ved å trekkje parallellar til det etablerte og kjende.

Sniglar og minibrokkoli

Av og til får vi nye ord i språket av andre grunnar enn menneskeleg skaparglede og oppfinningar. Ei hovudpine for alle som dyrkar noko, er den nye snigelen med brun farge som kom til Noreg for eit par tiår sidan. Journalistar og andre kalla han for både mordarsnigel, monstersnigel og kannibalsnigel og framheva dimed det uhyrlege og avskyelege ved han. Ei stund vart han jamvel kalla for iberiasnigel før forskarar slo fast at det eigentleg er ein annan art.

No held vi oss til brunskogsnigel eller kortforma brunsnigel. Eigentleg er det ikkje uvanleg at nye fenomen kan få ulike namn som konkurrerer seg imellom, frå dei verknadsfulle og tabloide til dei meir sobre og nøytrale.

I andre tilfelle kan vi menneske lage nye artar og artsnamn ved å krysse dei etablerte. Brokkolini er eit døme på det. Grønsaka er ei kryssing av brokkoli og gai lan (også kalla kinesisk brokkoli), medan ordet er ei kryssing av brokkoli og det italienske forminskingsleddet -ini, slik spagettini er tynnare variantar av spagetti.

Mange nyord i språket vårt er døgnfluger. Men den grøne, økologiske bølgja med nye former for dyrking synest å slå røter i samtida vår. Dei grøne nyorda er sånn sett språklege staudar som gror fram att vår etter vår.

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter