Arabiske ord i norsk

No image

Matematikk er ein fellesnemnar for arabisk og norsk, idet algebra kjem av arabisk al-jabr ‘foreining’ og slik foreinar språka. Andre språklege likskapsteikn finn vi i religionen, naturvitskapen, klesskapet og spiskammeret – og endåtil på himmelen.

AV ERLEND LØNNUM

Sjøforsvarets øvst rangerte offiser, admiralen, kan takke arabarane for den beundringsverdige tittelen. Ordets arabiske opphav amir al-bahr tyder nemleg ‘herskaren på havet’. Ein langt lågare rangert tittel ber den asketiske fakiren, som på arabisk tyder ‘fattig tiggar, heilag mann’. Det same kan ein seie om mamelukkane, eigentleg ‘dei eigde’, altså slavane, som var livvakter hos den egyptiske sultanen, og som seinare gav namn til eit par vide kvinneunderbukser.

Gjennom arabisk språk og kultur møter vi fleire titulerte og velsituerte herrar: sultanar ‘fyrstar’, emirar ‘herskarar’ (jf. admiral), kalifar ‘etterfølgjarar’ og sjeikar ‘gamle menn’ – reine tusen og ei natt.

Muslimsk ordforråd

Religiøse omgrep er eit viktig arabisk innslag i norsk. Islam og muslim har med gudleg ‘overgjeving’ å gjere, medan den heilage boka Koranen tyder ‘opplesingsstykke’ (qur’an). Minaret er arabisk for ‘fyrtårn’, og det gir eit godt bilete på muezzinane (‘bøneroparane’), som kalla til bøn frå øvst i minarettårna før høgtalarane tok over.

I moskeen, ‘der ein bøyer seg i bøn’ (masjid), møter ein sjiittar, av sji’at Ali ‘Alis parti’, eller sunnittar, av sunna ‘livsførsel, tradisjon’. Der kan ein søkje råd frå ein skriftlærd mulla ‘lærar, herre’. Eller ein kan be om ei sakkyndig fråsegn om islamsk lov, ein såkalla fatwa, frå ein mufti ‘dommar’ eller imam ‘leiar’.

Alskens på al-

Ikkje overraskande har vi fått nokre lånord med forstavinga al-, som er den bestemte artikkelen på arabisk. Alkymien, kunsten å lage gull, består til dømes av det arabiske prefikset pluss det greske ordet for kjemi, khymeia.

Visse etymologar meiner dessutan at albatrossen kan vere av arabisk avstamming, av di symjefuglen er ein ‘dykkar’, al-jattaz, og av di portugisiske sjømenn kalla han for alcatraz, med latinsk påverknad frå albus ‘kvit’.

Andre kjente al-ord på norsk er alkove, al-qubbah ‘rom med kvelving’, og alkohol, al-kohl ‘fint pulver’, som i Europa har blitt einstydande med den finaste delen av noko, særleg av vin. Tydinga ‘pulver’ ligg òg til grunn for mirakelmiksturen eliksir (al-iksir).

Import av mat og klede

I klesvegen har vi mellom anna importert gamasjar og gas frå arabisk, begge med geografisk opphav. Snøresokken gamasje skal ha fått namnet sitt frå byen Ghadames i Libya, medan forbindingstøyet gas kan vere oppkalla etter byen Gaza i Palestina.

I matvegen har arabarane eksportert namn på rettar som couscous ‘knust, smått’ og falafel ‘peparkorn’. Eit arabisk ord for drikk, sjarbah, har gitt oss to lånord: sirup og sorbé. Og kaffien vi gjerne drikk, har utgangspunkt i arabisk qahwa, som har tatt vegen til oss via tyrkisk, italiensk, fransk og tysk.

Om ein ønskjer eit måltid laga i samsvar med islamsk lov og moral, må maten vere halal, det vil seie ‘rein, tillaten’. Det motsette heiter haram og tyder ‘urein, forboden’, slik harem òg gjer det.

Med sola i senit

På himmelen lyser det opp eit par punkt med arabiske namn. Senit markerer det punktet på himmelkvelven som er loddbeint over der du står. Ordet er ei kortform av samt ar-ras og tyder eigentleg ‘vegen over hovudet’. På motsett side av senit finn du nadir, som tyder nettopp ‘motsett’.

Og med blikket vendt mot stjernene set vi sluttpunkt for denne reisa.

Andre arabiske lånord i norsk
hasard  al-zahr ‘terning(spill)’ massere mass(a) ‘røre ved’
havari  awarija ‘skadde varer’ monsun mausim ‘årstid’
kaliber qalib ‘støypeform’ racket/rekkert rahat ‘handflate’
lutt al’ud ‘(instrument av) tre’ razzia/rassia gazja ‘plyndringsferd’
maske maskhara ‘artist, tryllekunstnar’ sofa suffah ‘liten benk; pute’

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter