Nå snakkar vi!
Det var noko anna!

No image

AV ERLEND LØNNUM, redaktør

Nå snakkar vi!Det var noko anna!

Fasilitere engelsk eller stå opp for norsk? Det er det lammaste spørsmålet ever, seier kanskje du. Whatever – who cares?

Skal vi fremje engelsk eller forsvare norsk? Det er det dummaste spørsmålet du har høyrt? Same det, for kven bryr seg?

Too bad, men vi vurderer at vi må reise problemet og adressere det, for vi er ikkje like komfortable med engelsk for norsk i alle kontekstar.

Det er synd, men vi meiner at vi må ta fatt i problemet, for vi trivst ikkje like godt med engelsk for norsk i alle samanhengar.

Ein misjon for Språkrådet er å implementere tiltak når det kjem til norske ord for engelske. Vi skal ikkje overkome engelsk, men kome opp med løysingar i forhold til dominansen av engelske ord.

Ei oppgåve for Språkrådet er å setje i verk tiltak når det gjeld norske ord for engelske. Vi skal ikkje engelsken til livs, men føreslå norske ord der engelske ord har overtaket.

Den engelske influensen på norsk verkar ikkje å kome til ein ende med det første. Utan for mykje fuss vil vi stå opp mot det som suger meir og meir: at vi blir short på norske ord-skills!

Den engelske innverknaden på norsk ser ikkje ut til å ta slutt med det første. Utan for mykje oppstyr skal vi motarbeide den leie utviklinga der vi gløymer norske ord!

Anyway, vi reiser glasa for norsk språk og tenkjer seriøst at vi må bruke norsk når vi kan, og engelsk når vi må. Best case scenario er at det gjer ein liten forskjell. Resten er ditt kall.

Kor som er, skåler vi for norsk språk og seier beint fram at vi må bruke norsk når vi kan, og engelsk når vi må. I beste fall monnar det litt. Du avgjer resten.

«Thanks for sharing», seier du.

«Takk til deg», seier du.

«Når som helst», seier vi.

«Berre hyggjeleg», seier vi.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter