Norsk på klar førsteplass

Dei fleste norske bedrifter bruker norsk når dei kan, og engelsk når dei må. Det viser resultata frå ei ny undersøking. 

AV BJØRG NESJE NYBØ

– Dei seinare åra har uroa over at engelsk skal breie seg som arbeidsspråk i privat sektor, berre vakse. Undersøkinga vår tyder på at det står betre til enn vi frykta, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

I den første delen av undersøkinga spurte vi leiarar i bedrifter med meir enn ti tilsette innan industri, varehandel og tenesteyting. I den andre delen spurte vi tillitsvalde i LO-forbunda Fellesforbundet og Industri Energi.

Mest norsk

– Hovudkonklusjonen er at norske bedrifter følgjer parolen i språkplakaten for næringslivet, som Næringslivets Hovudorganisasjon og Språkrådet står bak: «Bruk norsk når du kan, og engelsk når du må», fortel Wetås.

– Det viser seg nemleg at norsk er det språket som er klart mest brukt i bedriftene. Det er både leiarar og tillitsvalde samde om.

I industrien er det berre vel to prosent som svarer at dei ikkje nyttar norsk i det heile, medan alle bedriftene i bygg og anlegg nyttar norsk.

Undersøkinga syner likevel at sju av ti bedrifter også nyttar engelsk, men det er store variasjonar frå bransje til bransje, noko svara frå industrien og bygge- og anleggsverksemda viser. Her spriker tala frå åtte av ti bedrifter for dei førstnemnde til halvparten for dei siste. Innanfor desse bransjane blir engelsk stort sett brukt i samband med styremøte.

Det viser seg dessutan at det er små forskjellar mellom svara frå leiinga og dei tillitsvalde. På spørsmål om kor stor del av arbeidsstokken som må nytte engelsk i arbeidet, svarer éin av ti tillitsvalde at det berre er leiarane som må nytte engelsk, medan to av ti leiarar meiner det same.

Meir engelsk

Det er praktiske behov som styrer val av språk hos bedriftene i undersøkinga. Engelskbruken aukar med talet på tilsette i bedrifta. Ein kan då tenkje seg at når talet på tilsette aukar, er det også større sjanse for at arbeidsstokken i vår globaliserte verd omfattar fleire nasjonalitetar med mange ulike morsmål. Og undersøkinga viser nettopp det, at jo fleire nasjonalitetar som arbeider i bedrifta, jo meir engelsk blir brukt. Men er då engelsk det språket det er mest naturleg å ty til? Det er eit spørsmål vi vil komme attende til i nye undersøkingar.

– Undersøkinga er laga slik at vi kan bruke ho til nye kartleggingar seinare. På den måten kan vi følgje utviklinga i bruken av engelsk og norsk i næringslivet over tid. Sjølv om det er mange bedrifter som tar norsk som arbeidsspråk på alvor, ønskjer vi at endå fleire skal gjere det, seier Wetås.

Kva så med kundar og eigartilhøve, vil dei påverke språkbruken? Ikkje uventa er svaret at dei bedriftene som har utanlandske kundar og leverandørar, bruker meir engelsk enn om dei berre var norske. Det same gjer dei bedriftene som har utanlandske eigarar eller dotter-/søsterbedrifter i utlandet. Likevel nyttar 60 prosent av dei norskeigde bedriftene engelsk, anten dei er enkeltståande eller eigd av ei anna norsk bedrift.

Effektiv kommunikasjon

Effektiv ekstern kommunikasjon er den viktigaste grunnen til at bedriftene nyttar engelsk, uavhengig av bransje, men òg effektiv intern kommunikasjon blir oppgitt som grunn. Innan bygg og anlegg blir dei to sett på som like viktige for fire av ti bedrifter, medan den eksterne kommunikasjonen er viktigast for industrien.

Ein annan viktig grunn er reklame og marknadsføring. Her er det store skilnader mellom bransjane. I halvparten av bedriftene i industrien meiner dei tillitsvalde at det er ein viktig grunn, medan det i bygg og anlegg er svært få som svarer at det er viktig.

Går ut over tryggleiken

Dei tillitsvalde fekk spørsmål om bruken av engelsk fører til problem i bedrifta. Mellom 40 og 50 prosent meiner at det først og fremst skaper problem for den interne kommunikasjonen. Innanfor bygg og anlegg meiner dessutan fire av ti tillitsvalde at engelskbruken også går ut over den interne effektiviteten og helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen.

– Det siste er graverande, sidan tryggleiken er så viktig i arbeidet på bygge- og anleggsplassar, seier Wetås.

 

-- Bjørg Nesje Nybø er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter