Då norsk vart eit eige språk

No image

Eit språk er ein dialekt med ein hær og ein flåte, seier eit gammalt munnhell. Det er dei nærskylde skandinaviske språka prototypiske døme på. 

AV IVAR BERG

Kva er eit språk? Og når vart norsk eit språk? Det kan verka som nokså banale spørsmål, men når ein undersøkjer dei historisk, ser ein fort at dei ikkje er så opplagde. Dei skandinaviske språka har vorte oppfatta som ulike storleikar gjennom tidene – som dialektar og nasjonalspråk, som kulturberarar og politiske maktmiddel. Og det er nett oppfatningane våre me skal sjå nærare på her.

Dansk tunge

Dei urnordiske runeinnskriftene frå dei fyrste hundreåra av tidsrekninga vår viser ingen geografiske skilje; språkleg er dei eins over heile Skandinavia. Med tida byrja fleire dialektar å skilja seg åt. Det me oftast kallar norrønt er ei sams nemning for gammalnorsk og gammalislandsk, som skil seg litt frå gammalsvensk og gammaldansk. Men det ser ikkje ut som om samtida oppfatta store skilnader.

I tekstar på norrønt frå seint på 1100-talet og frametter vert språket i heile Skandinavia kalla for dǫnsk tunga ‘dansk tunge’. Snorri Sturluson innleier til dømes historia om dei norske kongane (Heimskringla) slik: «I denne boka lét eg skriva gamle forteljingar om dei hovdingane som har hatt makt i Norden og har tala dansk tunge» (mi omsetjing). Snorri kunne nok uttrykkja nasjonale motsetnader og fordomar, men han knytte dei altså ikkje til språk. Nordmenn, svenskar og danskar tala alle dansk tunge i førestillingsverda hans.

Etter kvart vart nemninga dǫnsk tunga erstatta av norrǿna, som kom til å tyda ‘vestnordisk’, altså språket i Noreg og dei norske nybygdene vest i havet, særleg Island og Færøyane. Det er interessant at medan adjektivet norrǿnn i gamle islandske tekstar tyder ‘norsk’ i motsetnad til islandsk, var substantivet norrǿna eit sams namn for språket på Island og i Noreg, også etter at språka hadde vorte nokså forskjellige i løpet av seinmellomalderen. Siste gongen eg har funne denne nemninga bruka i norske kjelder, er i samband med eit brev frå kong Henrik VI av England, omtala i ein tekst frå 1436. Brevet var på latin, men det hadde vorte omsett til noreno, ein skrivemåte for norrǿnu (oblik form av substantivet norrǿna – på den tida vart substantiva bøygde i kasus).

«Vårt språk»

Dei fyrste gongene me møter språknamna dansk og svensk, er ikring år 1300 i samband med omsetjingar, der dei står i motsetnad til framande språk. Men både i grannelanda og i Noreg har me døme på at det heimlege språket like gjerne vart omtala i nøytrale vendingar som vårt mål. På latin, som var eit viktig språk i dei nordiske landa (og elles i Europa), skreiv dei gjerne materna lingua ‘morsmål’ eller liknande.

Det ser ikkje ut som det var knytt særlege nasjonale verdiar til skriftspråka svensk og dansk. Danske skrivarar kunne vera aktive i Sverige og nytta mange danske former, og omvendt. Når det midt på 1300-talet kom inn i svenske lover at noko skulle skrivast a suensko ‘på svensk’, var dette i motsetnad til latin og lågtysk, som båe var viktige språk den gongen. Det kunne altså like gjerne stått «vårt språk». Språknamna fanst, men dei var framleis ikkje knytte til spesifikke språklege særdrag.

Språknamnet norsk

Fyrste gongen me møter norsk som språknamn i kjeldene, er i 1486. Då kom eit engelsk skip til Marstrand, som var ein norsk by fram til heile Bohuslän vart svensk i 1658. Det heiter at skipet hadde med seg ein tolk som kunne «bode norske och tyske». Seinare finn me sporadisk språknamnet norsk, men det kan somtid veksla med dansk, så det ser ikkje ut som desse namna viste til to klårt åtskilde språk.

Blant alt det galne den danske adelsmannen Nils Lykke vart skulda for – og som han til sist måtte døy for i 1535 –, inngjekk at han hadde halde «messer på danske» og «messer på norske». Dei ulike språknamna viser til det same målet, for det viktige var ein protestantisk messeskikk på morsmålet i staden for den latinske liturgien i den katolske kyrkja. Slik vekslande nemningsbruk tyder på at dansk og norsk ikkje vart oppfatta som to ulike ting.

«Jeg og icke jag»

Tidleg på 1500-talet kunne ein framleis leggja vekt på språkleg einskap i Skandinavia når det var opportunt. Det svenske Riksrådet skreiv i 1506 til den danske motparten sin at «vi ære alle et tungomaal», og eit pavebrev frå om lag same tid nemner at landa i Skandinavia har same språk. Men politiske endringar gjorde språket til eit nasjonalt spørsmål.

I 1520-åra tok Gustav Vasa Sverige ut av den nordiske Kalmarunionen og freista vinna makta i Skåne. Eitt av argumenta hans var at skåningane hadde same språk, seder og skikkar som svenskane. I eit brev bed kong Gustav futen gje skrivaren sin ordre om «att han bliver vid sitt modermål svensken […] och skriver oss icke Jeg för Jag till» – skrivaren hadde visst kome i skade for å nytta feil pronomen i eit tidlegare brev til kongen.

Det er typisk at det er eit personleg pronomen som vert gjort til ei symbolform på dette viset. Den identitetsskapande verdien av personlege pronomen kjenner me nordmenn godt, med variasjonen i ord for eg i dialektane våre. Ettersom skriftspråket utover 1500- og 1600-talet vart fastare, kom svensk til å velja former som skilde seg frå dansk, og språket vart eit nasjonalsymbol på ein måte me ser for fyrste gong hjå Gustav Vasa.

Dansk dialekt?

Men kva med norsk? Ikring 1500 vart dansk det einaste skriftspråket i Noreg, og politisk vart Noreg frå 1536 ein del av Danmark på line med til dømes Jylland. Når me på 1500-talet møter språknamnet norsk, er det alltid med tilvising til gammalnorsk, språket i dei gamle tekstane frå mellomalderen.

Frå ikring 1650 og framover har me ein del spreidde dikt og ordlister på norske bygdemål, som viser eit medvit om at det fanst eit norsk talemål som skilde seg frå dansk. Men norsk vart gjerne omtala som eit «medsprog», altså ein dialekt av dansk. Det var heller inkje tildriv til å ta i bruk eit norsk skriftspråk; det var berre interessant frå eit forskingsperspektiv (ordsamlingar) eller som eit humoristisk verkemiddel i dikting, mykje på same vis som dialektar har vore handsama i nyare tid.

Det Norske Sprog

Men noko skjedde med oppfatninga av språk i 1814. Grunnlova av 17. mai nemner ikkje språk, men då lova vart revidert og tilpassa personalunionen med Sverige same hausten, kom ein ny § 33 inn: «Alle Forestillinger om Norske Sager, saavelsom de Expeditioner, som i Anledning deraf skee, forfattes i det Norske Sprog.» «Det Norske Sprog» er òg nemnt i § 47 og § 81. Lova var skriven på lytefritt dansk, og det var det gjengs danske skriftspråket som var meint med orda.

Attom låg nok frykt for at svensk skulle verta administrasjonsspråk i Noreg, og når unionen med Danmark nyss var oppløyst, kunne ein ikkje godt kalla språket dansk heller. Dette vart faktisk ei lita terminologisk nøtt utover 1800-talet, og danskane tykte lite om den norske praksisen med å kalla dansk skriven i Noreg for norsk. Somtid vart «Modersmaalet» nytta som ein meir nøytral term, til dømes i grammatikkbøker for skulen.

Sjølvstendig språk

Frå midten av 1800-talet kom landsmålet (seinare nynorsk) som eit alternativt skriftspråk, og det vart etter kvart større skilje mellom skriftspråka i Danmark og Noreg, og til slutt vart riksmål (seinare bokmål) etablert som eit sjølvstendig språk klårt åtskilt frå dansk gjennom medviten språkplanlegging. Dette vart formalisert gjennom rettskrivingsendringa for riksmål i 1907, like etter at Noreg hadde vorte heilt sjølvstendig i 1905.

Heile tida har det også funnest minoritetsspråk i Skandinavia, til dømes romani og fleire ulike samiske språk, som både har vorte ignorerte og aktivt undertrykte – kanskje nett fordi dei ikkje har hatt den offisielle statusen som nasjonalspråka har nytt godt av.

Forståing og status

Eit vanleg skilje mellom språk og dialektar er at språk ikkje er ymsesidig forståelege, medan dialektar er det. Men i møtet med den skandinaviske røynda fell ein slik definisjon daud til jorda: Det er mykje mindre skilnad mellom austnorsk og rikssvensk talemål enn det er mellom ulike dialektar innanfor Noreg og Sverige. Dialekten i Älvdalen i Sverige er til dømes bortimot uforståeleg for andre svenskar, og sjølv om mange meiner älvdalsk burde reknast som eit eige språk, vert det ofte kalla ein svensk dialekt. På same vis reknar me setesdalsk som ein norsk dialekt, jamvel om mange nordmenn nok vil ha mindre problem med å forstå rikssvensk.

Likevel er me altså samde om at norsk, svensk og dansk er tre ulike språk. Denne oppfatninga byggjer på at dei er offisielle administrasjonsspråk i kvar sin sjølvstendige nasjonalstat, og dei har ein velutvikla skriftkultur og er brukande på alle omkverve i samfunnet.

Historia om dei ulike språka i Skandinavia viser tydeleg kor tett oppfatningane våre av språk heng saman med politisk makt.

 

-- Ivar Berg er postdoktor i nordiske språk ved NTNU.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter