Når ord blir våpen

No image

Somme ord er skapte for å hisse til krig. Men ord bør først og fremst skape forståing for det som faktisk skjer. I utanriksdekninga er det påtrengande som aldri før. Ofte er det først i ettertid vi ser at ordvalet blei feil.

AV SIGRUN SLAPGARD

Storpolitikken er full av agendaer, og mektige krefter forkler hendingar i ei viss språkdrakt for å påverke. Som journalistar skal vi formidle ei så objektiv vinkling som råd. Tida vi har til rådvelde, gjer det då utfordrande å finne dei rette orda.

Vala er mange og vanskelege: Skal vi seie «migrant» eller «flyktning» om dei som tar seg over Middelhavet i skrøpelege farkostar? Var det ein «siger for oss alle» da Saddam-statuen blei velta av amerikansk-britiske koalisjonsstyrkar i 2003? Og var det verkeleg slik at «verda er betre enn sitt rykte» da vi bomba Libya og Gaddafi blei mishandla til døde?

Krysspress

Ein kan trygt seie at vi er utsette for krysspress, vi som vidareformidlar utanrikshistoriene. Den viktige medieaktøren IS (Den islamske staten) har lært av både Pentagon og Al Qaida: Det blir for tida satsa stort på heile spekteret av nye medium. Mange nymoderne, høgteknologiske propagandistar har hatt feite oppdrag i Raqqa, IS-hovudsetet i Syria. Gjennom eit verdsomspennande medieangrep prøver ein pågåande organisasjon å avskrekke og forføre.

Vi som skal handtere dette til dagleg, må spørje oss korleis vi blir brukte. Vi veit at mange av rekruttane som har reist frå Noreg og andre europeiske land, ofte er mobiliserte via nettstader. På jobb i NRK får vi ofte ikkje gjort anna enn å ty til dei mykje brukte journalistiske naudorda: «skal ha», «ifølgje», «seier ubekrefta kjelder». Og vi gjer merksam på at det er IS som har sendt ut videoen vi kringkastar. Det er ein ekkel situasjon når området elles er journalistisk mørklagt.

Enda eklare blir det når avrettingar er regisserte for kamera og med nøye gjennomtenkt bodskap. Det blir også ei naudløysing når vi berre viser eit stillbilde for å unngå videoen. Dei som vil, klikkar seg vidare og finn fram til videoen på verdsveven – og dermed har vi vore med på å gi handlinga merksemd.

Dagleg må vi leve med slike dilemma, og ordvalet blir gjerne underordna dei sterke bilda. Når bildet av vesle Alan Kurdi, livlaus på ei strand, slår inn i oss, blir alle ord underordna. Meir enn ord viser dette bildet kva for eit minefelt det plutseleg blei å fortelje den eigentlege og faktiske historia om flukta over havet. Ikkje lenge etterpå blei det skapt eit nytt ord her til lands: godheitstyranniet. Eit nyord med klar politisk funksjon.

Sanninga – det første offeret

Vi journalistar gjentek kanskje desse politiserte orda i våre eigne spørsmål og kommentarar, mens vi strevar med å halde oss til objektive fakta i rapporteringa. Men fakta kan også vise seg å vere forvirrande, særleg når dei blir presenterte av menneske med ein politisk agenda. Kan til dømes bombing vere humanitær? Og kan ein massakre vere noko anna enn massakre?

Kamera og ord var viktige brikker da Noreg og andre land skulle mobiliserast til bombeaksjon mot Serbia i 1999. Vi i pressa var tildelte ei regissert rolle da USA-utsendingen William Walker på OSSE-oppdrag og med kamera på slep drog til Racak og synte fram det han kalla ein massakre på sivile. I ettertid skulle det vise seg at mange av dei døde var drepne i kamp, dei fleste bar spor av sjølve å ha avfyrt våpen. Det er ein viktig forskjell i ein borgarkrigsliknande situasjon, men like fullt blei «Racak-massakren» presentert som eit angrep på sivile – og ein hovudgrunn for Nato til å bombe Serbia.

Etter erfaringa med bomberaida mot Beograd blei det i det minste slutt på å gjenta dei militære frasane om presisjonsbombing. Det var ein aldri så liten språksiger mens vi gjekk frå ille til verre – med bombing frå stor høgde, klasebomber og bruk av utarma uran på vegen til den lærerike Irak-krigen.

«Weapons of Mass Deception»

Vi måtte slite ei stund med dei såkalla masseøydeleggingsvåpena til Saddam Hussein. Patriotismen hadde gjort sitt inntog i utanriksjournalistikken, og fabrikkerte fakta florerte. Det var få i vestleg presse som gjekk fri den omfattande massevilleiinga i amerikansk og britisk regi. Talsmenn og spinndoktorar opererte sjølvsikkert og briljant med masseproduserte løgner. Under Irak-invasjonen fekk Kvite hus-talsmann Ari Fleischer spørsmålet: Enn om Saddam Hussein IKKJE hadde masseøydeleggingsvåpen? Fleischer kasta hovudet bakover i ein latter: «Mother of all fantasies», svarte han avvisande. Og slik blei overskriftene farga.

Er nå dette noko å mase om så lenge etterpå, spør du kanskje? Men det er nettopp nå det er viktig å hugse historia bak elendet i Irak – nettopp nå når vi strevar med å finne ut kven vår nye fiende er, kva slags ord vi skal bruke om IS, og kva som kan kome til å fungere i kampen mot ekstremisme og terror. Ein kan også merke seg at det er først nå, over tolv år seinare, at Tony Blair tok ein slags sjølvkritikk for løgnene som førte til Irak-invasjonen.

Klipp og lim

Eg høyrer ein journalistkollega på radio ein morgon. Ho fortel om eit motto ho har hengande på ein lapp: «Kald hjerne, varmt hjarte». Det er eit sitat eg drar kjensel på, eg har stole det før henne og brukt det meir ordrett. Det var den verdskjende journalisten Martha Gellhorn som gjorde seg berømt med dette mottoet: «A cold eye, a warm heart».

Innhaldet er bra, og det er vel det viktige? Men dette seier også noko om tida vår. Alt skal gå så fort, men vi treng sårt til sterkt og originalt innhald, og gjerne ei personleg tilknyting.

Derfor stel vi og juksar med orda. Klipp og lim er blitt lettare enn før, og vi har ikkje tid til å oppgi kjelde. I vår travle nåtid er det i tillegg stadig meir direkterapportering som gir mindre tid til kritisk språkbruk. Vi har lett for å fylle på med tomme småord mens vi prøver å tenke gjennom kva vi skal rapportere, eller fylle på med det vi nettopp har høyrt på engelsk på ein større kanal.

Ja, er ikkje dette eit problem vi må adressere, kanskje? Så kjapt går det unna, at vi heller ikkje bryr oss særleg om anglisismane. Har det snike seg inn sløve gjengangarord, som den eskalerande (!) bruken av ordet eskalere, kva er feil med auke og stige? Vi bør heller ikkje bruke for store ord: «Blodraudt på børsen!» Kor raude må tala vere for at det dryp blod?

Det er eit nederlag for den gode journalistikken når du på to minutt i beste sendetid rekk å fyre av «mirakel, mareritt, utsvelta, avkrefta, forferdeleg, fullt opprør, gigantisk, skaka, dramatisk» i ei og same sak. Reporteren har truleg hatt det for travelt til å gå gjennom orda som er brukte, og stille seg kontrollspørsmålet: Er språket enkelt og konkret? Har vi unngått generelle abstraksjonar?

Som kollega Berit Hedemann har peika på: Heller enn å seie at «situasjonen var kaotisk i Paris», må vi seie at «folk sprang inn i sidegatene til Bataclan og gøymde seg bak søppelkasser og i portrom».

Når orda blir for store

Når eg har tatt eit steg tilbake til vår nære krigshistorie for å problematisere språkbruk, er det spesielt dei store, karakteriserande orda eg vil åtvare mot å kopiere inn i våre eigne saker: massakre, masseøydeleggingsvåpen.

Orda kan bli farlege etikettar å lime på eit land, ei gruppe. Orda kan hisse til krig, dei er tenkte ut for at vi journalistar skal ta dei i bruk. Da bør vi ta ein tenkepause og helst krabbe ned og undersøke bakken. Finne fram til nøkterne og faktiske ord som i den grad vi veit, kan samsvare med situasjonen og gjere den forståeleg for publikum. Og bannlyse orda terrorist og terrorisme så lenge vi ikkje kan sjekke hendinga der ute. Vi journalistar har ikkje definisjonsmakta over kven som hamnar på listene over terroristar. Og Syria er det seinaste dømet på at «min fiendes verste fiende blir min venn» – sjølv om denne «vennen» i går stod på terroristlista.

Den multimediale kvardagen er kanskje sunnare enn før, på den måten at vi utanriksjournalistar har tilgang til fleire kjelder gjennom verdsveven. Oftare enn før får vi Twitter- og tekstmeldingar frå folk ute i felten, før mediefolk har «knadd» historiene. Det kan vere nyttige korrektiv og gode kjelder, men det kan også vere det motsette. Kva visste vi til dømes om bakmennene i dei ofte nettstyrte protestane i den såkalla arabiske våren i mange land? Via mobiltelefonane sine fekk dei ofte ukritisk tilgang til beste sendetid. Og nå er det eit pussig paradoks at det er så å seie uråd å dekke Syria-konflikten kjeldekritisk.

Da eg skreiv boka om pionerjournalisten Lise Lindbæk, slo det meg kor ofte ho oppsøkte kampsoner for å undersøke propagandaversjonar som sirkulerte også i våre aviser. Ho var villig til å risikere livet for å sjekke sanninga bak ei overskrift.

Nå skjer vår daglege kamp like mykje i hurtiglivet i heimeredaksjonen. Språk og kritisk haldning er våre våpen. Dei er reiskapar for å bringe verda, og helst ikkje propagandaen, heim.

 

-- Sigrun Slapgard er utanriksreporter i NRK.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter