Morsmålet duger best

No image

– Me må bruke meir norsk som undervisningsspråk, ikkje berre av språkpolitiske omsyn, men fordi me les, lærer og hugsar betre på morsmålet, meiner Marita Kristiansen. Ho talar varmt om både fagspråk, norsk – og engelsk.

AV ERLEND LØNNUM

Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Curt Rice, sa i førre nummeret av Språknytt at han ønskjer seg meir engelsk i norsk utdanning. Marita Kristiansen ved Noregs handelshøgskole (NHH) er ikkje samd i at me utan vidare treng meir engelsk.

Marita Kristiansen
Marita Kristiansen er førsteamanuensis ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved Noregs handelshøgskole. Ho er leiar for fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning i Språkrådet.

– Det er ikkje naturleg å ha mykje engelsk i alle fag, iallfall ikkje på bachelornivå. Me må først spørje oss: Kva er læringsutbyttet? Og kva skal studentane ta med seg vidare i arbeidslivet? Det må vere ei fornuftig kopling mellom dei språka me vel, det me får ut av læringa, og det studentane skal gjere når dei er ferdig utdanna. Og da må me vere språkleg medvetne, seier ho.

Betre rusta med språk

Kristiansen synest det er vel og bra at det skal satsast meir på internasjonalisering, slik Kunnskapsdepartementet og andre institusjonar ønskjer. Men ho understrekar at hovudoppgåva framleis er å utdanne kandidatar som eignar seg i det norske samfunnet.

– Fleirtalet av studentane skal trass alt fungere godt i norsk næringsliv, offentleg forvalting, helsevesen og skole. Der MÅ ein kunne kommunisere på eit dugeleg norsk, for me må hugse på at me framleis er norskspråklege her i landet, og at me har behov for å bruke norsk på alle samfunnsområde. Me må derfor satse meir på morsmålet vårt.

– Me akademikarar lever ofte litt i vår eiga verd. Me tenkjer mest på forskinga og publiserer gjerne tekstar på engelsk for å få resultata ut i verda. Det skal me fortsette med. Men me må ikkje la engelsk fullstendig overta pensumlistene og undervisninga. Studentane er avhengige av ein grunnleggjande norsk terminologi for å kunne fungere som gode norske fagfolk. Me må altså òg satse meir på godt norsk fagspråk.

Meir norsk og betre engelsk

– Me nordmenn trur gjerne at me ikkje berre er fødde med ski på beina, men at me får engelsk inn med morsmjølka – men det gjer me ikkje. Dei fleste av oss er faktisk ikkje tospråklege. Og mi erfaring er at me ikkje er så språkleg sterke som me ofte hevdar, seier Kristiansen, som underviser i og på engelsk ved NHH.

– Me må sørgje for at studentane blir stødigare i engelsk. Me treng altså betre kompetanse i både norsk og engelsk.

Når studentane begynner på universitet og høgskolar, er det mange av dei som ikkje har hatt engelsk på ei stund. I tillegg blir det stilt lågare krav til engelsk i den vidaregåande skolen nå enn før.

– Ferske studentar får 300–400 sider tjukke pensumbøker på engelsk i fanget. Det er ganske heftig. For det er ein del som slit når dei må forstå nye ting på noko anna enn sitt eige morsmål. Da er det viktig at me lagar ein plan for å hjelpe studentane med lesekompetanse.

– Forelesarar og studentar får ikkje det same læringsutbyttet når alt skal skje på engelsk. Det oppstår nemleg hinder når det blir undervist på andre språk enn morsmålet. Derfor må me tenkje nøye gjennom pedagogikken og innføre fleire språklege tiltak enn i dag. For når politikarane diskuterer internasjonalisering i stortingsmeldingar og liknande, er ikkje temaet språkleg og kommunikativ kompetanse, men meir bruk av engelsk. Det er underleg, synest ho.

Norvengelsk

Marita Kristiansen er særskilt opptatt av fagspråk og slår gjerne eit slag for å betre den norske terminologien, så fleire kan ta han i bruk. På nokre fagområde møter studentane i dag det som blir kalla norwenglish: ei salig blanding av norske og engelske termar – til dømes når organisasjonsteoretikarane kallar intrinsic motivations for intrinsikke motivasjoner i staden for indre motivasjon.

Eit anna døme var ein heimeeksamen i eit økonomifag, der kandidatane avslørte at dei ikkje hadde forstått at engelsk stakeholder er det same som interessent på norsk.

– Finansspråket er fullt av anglisismar. Særleg under finanskrisa var det eit stort behov for å forklare kva som skjedde, mellom anna i norske aviser. Og da nytta det ikkje å bruke berre engelsk. Da oppstod det fleire nye norske termar, ofte i hybridform, som shortsalg for short selling, forklarar Kristiansen.

– Me tar det fort for gitt at studentane skjøner dei engelske termane. Men det er slett ikkje alltid tilfellet. Og ein gløymer ofte at det allereie finst norske termar. Eg oppmodar derfor forelesarane om å bruke meir norsk i undervisninga. Me må vere gode forbilde, så studentane får eit nært forhold til norske termar frå første stund.

Relativt nye fagfelt som klimaforsking og energiøkonomi, der Noreg er i leiinga internasjonalt, blir nærast offer for såkalla domenetap, det vil seie at engelsken dominerer fullt og heilt.

– Det skjer allereie ved domeneetableringa av slike fagområde, sidan dei blir diskuterte og utvikla gjennom det engelske språket direkte. Også på dei nyare fagområda må me derfor finne dugande norske ord for å kunne utvikle faget og vere aktuelle i den norske samfunnsdebatten, der ein ikkje klarer seg så godt utan nasjonale termar. Elles kjem me til kort når me skal diskutere klimaendringar med norske styresmakter.

Ambisjonar for fagspråket

Ansvaret for terminologiarbeidet er gitt til institusjonane gjennom universitetsloven. Kunnskapsdepartementet eig institusjonane, medan Kulturdepartementet har ansvaret for språket. Dei som har mest nytte av fagspråkkompetansen, sorterer derimot under andre departement.

– Det er førebels berre ein liten krins som driv med terminologi i Noreg. Det er altfor tilfeldig kven som tar tak, og det skjer for det meste hos enkeltpersonar. Eg meiner at me i høgare utdanning må vere gode ambassadørar for fagspråka våre. Me må sette arbeidet i system og plassere samordninga på eit høgare nivå, så me når ut til dei som drar nytte av eit godt fagspråk, mellom anna næringslivet.

Kristiansen har jobba mykje med Termportalen ved NHH og kjenner også godt til termwikien til Språkrådet (sjå side 24 i dette bladet). Dei er nasjonale terminologisamlingar fritt tilgjengelege for alle.

– Fagmiljøa bør vise meir interesse for desse gode ressursane. Institusjonane og dei nasjonale fagråda til Universitets- og høgskolerådet må ha tettare kontakt og koordinere det arbeidet som hittil har blitt gjort på lokalplan. Me må få vere del av ein infrastruktur for forsking der det er midlar til ikkje berre språkteknologi som maskinomsetjingar, men også utvikling av innhald, system og parallelltekstar. Da vil gevinstane kome. Men for å få løfta fram utviklinga av fagspråket treng me fagfolka med på laget.

Bransjeforeiningar som Finans Norge og Revisorforeningen har til dømes for lengst skjønt at det er verdfullt å ha gode norske standardar og eit presist fagspråk, slik at dei når ut til kundar og brukarar med bodskapen sin.

– Det er fordi fagspråket tar vare på meir enn kulturen. Det får heile næringslivet til å fungere betre og har slik ei viktig samfunnsnytte.

Klartekst

– Me treng meir kompetanse om fagspråk og meir kunnskap om kva som fungerer og ikkje. Me må trene studentane i å bli fagspråkleg medvetne allereie frå studiestart, mellom anna ved å lære dei om bruken av ulike sjangrar og kommunikasjonssituasjonar. Da handlar det ikkje berre om norsk og engelsk, men om språk generelt og det å få eit reflektert forhold til klart språk.

Kristiansen fortel at dei ved NHH trener opp studentane i å skrive ulike type tekstar. Eit godt døme er masterstudentane i corporate finance (selskapsfinansiering) som til dømes blir drilla i å skrive styrerapportar, med god språkleg rettleiing.

– Studentane blir raskt flinke til å knuse tal, bruke akronym og lære seg sjargongen. Men det er ikkje nok, så me hjelper dei med å formulere seg klart og sjå verdien av godt fagspråk.

Morsmålet

– Me må hugse på at eit fleirtal av studentane ikkje skal ta ein doktorgrad og leve i ei forskingsverd full av engelsk, slik eg gjer. Me må hugse på at eit fleirtal av studentane ikkje snakkar like godt engelsk som Curt Rice. Og me må hugse på at eit fleirtal av studentane ikkje reiser til utlandet for å finne arbeid. Så me treng sanneleg norsk språk. Og me treng norsk terminologi.

– Terminologi og fagspråk har for meg ei sterk kopling til kunnskap, til det å forstå korleis ting heng saman. Det å kunne forstå faga, både omgrepa, merkelappane og nyansane – den kjensla er så viktig. Og den kjensla er best på morsmålet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter