– Sjeldan breidde

No image

Forfattar Einar Økland er vinnar av Språkprisen 2015. – Økland skriv godt og klokt. Gjennom sin skrivestil greier han å engasjere og skape nysgjerrigheit for dei tema han ønskjer å formidle kunnskap om, seier juryleiar Kjartan Vevle.

Årets prisvinnar får prisen for dei to siste bøkene Norske malebøker (2012) og artikkelsamlinga Fotgjengar med fotnotar (2013). 

Skriv i mange sjangrar

Juryen har lagt vekt på at Økland skriv bøker i nesten alle sjangrar. «Han løfter fram kulturhistorie som andre bryr seg mindre om, og kvardagshendingar eller tilsynelatande marginale fenomen som vi har rundt oss. Stilleiet er umiskjenneleg hans eige, men samstundes tilgjengeleg og inkluderande. Utkantane vert sentrum i tekstane hans, både dei geografiske utkantane og utkantar i vår massemedietid», skriv juryen.

Einar Økland er forfattar, dramatikar, lyrikar, kritikar, essayist og psykolog. Han har sidan 1963 gitt ut over seksti bøker for vaksne og barn innanfor mangfaldige sjangrar.

Dei nominerte

Alfred Fidjestøl, Kristin Fridtun, Erna Osland, Morten Søberg, Øyvind Vågnes og Einar Økland var nominerte til Språkprisen 2015.

– Lista over nominerte viser at ein finn godt nynorsk språk i alle sjangrar av sakprosa, skriven av både yngre og eldre og kvinner og menn. Det er eit godt teikn for framveksten av den nynorske sakprosaen, uttalar Vevle.

Språkprisen
  • Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa.
  • Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut annakvart år for bokmål og nynorsk.
  • Juryen har bestått av Kjartan Vevle (leiar), Aina Basso, Toril Opsahl og Morten A. Strøksnes.
  • Språkprisen 2015 blei delt ut på Språkdagen 18. november av styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet. Les meir om Språkprisen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter