Meir norsk, takk!

I intervjuet i denne utgåva av Språknytt seier rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Curt Rice, at meir av undervisninga på masternivå i Noreg bør vera på engelsk. Ei stadig meir internasjonalisert verd gjer at mange tenkjer som han, og stadig fleire norske studentar får undervisning på engelsk. 

Direktør i Språkrådet Åse WetåsSpråkrådet meiner at me må reflektera over kva me mistar gjennom ei slik utvikling. Sjølvsagt skal Noreg vera med på den internasjonale akademiske arenaen, og engelsk er vår tids lingua franca. Men altfor ofte blir engelsk sett på som ein udelt fordel og norsk som ei udelt ulempe.

For me mistar noko ved å undervisa norske elevar på engelsk. Språknytt har tidlegare intervjua Jon Vislie, professor i samfunnsøkonomi, som trur at undervisning på engelsk kostar meir enn det smakar: Me gjer oss sjølve dårlegare, seier han. For undervisninga blir meir einsretta og studentane meir passive når dei ikkje har engelsk som førstespråk. Norske studentar som blir underviste på engelsk, stiller færre spørsmål, sluttar å ta notat og tilpassar seg på andre måtar.

Universiteta og høgskulane har eit lovfesta ansvar for å ta vare på det norske fagspråket. Det er viktig at kunnskapen frå akademia kjem norsk arbeidsliv til gode. Og i internasjonaliseringsvinden som blæs, må me ikkje gløyma at norsk framleis er det dominerande språket i arbeidslivet her i landet.

Dersom norsk berre blir språket for kvardagssamtalen, har norsk kultur mista ein viktig berebjelke.

 

Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter