Skriverevolusjon i skulen

Kan kjønnsgapet i skulen jamnast ut ved å gje skriveoppgåver på andre måtar enn før? Ein ny studie tyder på det.

AV SYNNØVE MATRE

Normprosjektet er eit forskingsprosjekt som skal gjere norske barneskuleelevar flinkare til å skrive. Hovudføremålet er at elevane skal bli medvitne om kva dei nyttar skriving til. Resultata er både oppløftande og overraskande.

Jamnar ut kjønnsskilnader

Analysar av materialet fortel at elevane som skriv på den måten prosjektet har innført, med meiningsfulle skriveoppdrag og systematisk vurdering og rettleiing, har betre skriveferdigheiter enn elevane ved kontrollskulane. Særleg stor er framgangen for elevane på 3. og 4. trinn.

Tidlegare skuleforsking viser at jenter jamt over skriv betre enn gutar. Normprosjektet indikerer at det kan vere oppgåvene som har gjort at gutane blir hengande bak. Ein finn nemleg ikkje klåre skilnader mellom skriveferdigheitene til jentene og gutane. Ei rimeleg årsak er at gutane gjennom prosjektet møter oppgåver som appellerer sterkare til dei enn det dei har vore vane med, og at vurderinga av tekstane tar omsyn til fleire dimensjonar og dermed fangar opp ein breiare kompetanse.

Skriveevna er noko av berebjelken i skulen; det er ein kompetanse ein treng i læringsarbeidet i alle fag. Ein elev som er svak til å skrive, kan bli hengande unødig langt bak. Likevel har skriveopplæring tradisjonelt vore eit norskfagleg ansvar. Elevane skriv gjerne forteljingar eller referat frå ulike hendingar, og rettskriving står svært sentralt. I den grad ein har skrive innanfor andre fag enn norskfaget, har det mykje handla om å svare på oppgåver og summere opp fakta. Normprosjektet er derimot opptatt av at elevtekstane skal knytast tett til tema og problemstillingar i ulike fag – og at dei skal møte lesarar og bli brukte.

Skrivehandlingar som det å beskrive, utforske, førestelle seg, overtyde og reflektere krev ulik språkbruk, og ulike fag har sine eigne tekstkulturar, som elevane må lære å kjenne. Det har lærarane i prosjektet tatt med inn i skriveopplæringa, planlegginga og vurderingsarbeidet.

Felles standard

Noko av utfordringa ved skriveopplæringa har vore at lærarane ikkje har hatt eit tydeleg nok bilde av kva det er rimeleg å forvente av skriveferdigheiter hos barn på ulike trinn. Det vil seie at oppfatninga av kva nivå ein fjerdeklassing bør liggje på, har variert frå lærar til lærar. I Normprosjektet har forskarane saman med lærarar utvikla eit sett med forventningsnormer som er til stor nytte i vurderingsarbeidet – og i samtalar med elevar om tekstar.

Ved å ta i bruk forventningsnormene og ei funksjonell tenking i skriveopplæringa har lærarane også lært. Dei har tileigna seg ei meir nyansert forståing av kva skriving er og kan brukast til, og også eit metaspråk om skriving, språk og tekst som gjer at dei ser utviklingsmoglegheitene til elevane. Dei er altså blitt betre forspente til å vere gode skrivelærarar.

Internasjonal interesse

Prosjektet vekkjer stor interesse, både i skulepolitiske kretsar og den internasjonale forskingsverda. Ludvigsen-utvalet, som på oppdrag frå kunnskapsministeren har staka ut kursen for framtidas skule, har søkt støtte i erfaringane frå prosjektet og gitt skriving som grunnleggjande kompetanse ein sentral plass i utgreiinga (NOU 2015:8).

Svenske og danske skulefolk er særleg nyfikne på arbeidet vårt, men også forskarkollegaer frå andre land. Vi får stadig invitasjonar til å dele innsikta vår – og til samarbeid.

Det er inspirerande og gir meining å forske på eit felt som skulen så tydeleg har behov for, og som lærarar og skuleleiarar så unisont ønskjer velkommen.

Normprosjektet
  • er ein stor intervensjonsstudie om skriveopplæring og vurdering av skriving i alle fag, forankra i ei funksjonell forståing av skriving
  • har hatt 20 deltakande skuler over heile landet: 3000 elevar og 500 lærarar frå 3., 4., 6. og 7. trinn
  • blir leia frå Høgskolen i Sør-Trøndelag og gjennomført i samarbeid med NTNU, UiO, UiA, Skrivesenteret og forskarar frå New Zealand, England og Skottland
Reflekterande skriveoppgåve for elevar på 3. trinn
«Du har nå lært om broer og sammen med andre bygd en bro av papir. Skriv en logg om hva du har gjort og lært om temaet broer.»
Utdrag frå elevtekst

«Det gikk ganske bra. Og det som gikk bra var at alle fikk en hver sin oppgave som vi likte. Men, det var også noe som gikk litt dårlig. Det var: at vi kranglet ganske ofte.

Jeg var ikke så fornøyd med broen. Den ville vært bedre hvis vi ordnet den sterkere, finere og bedre. Men, jeg har lært at: broer kan være ustabile og ikke ustabile, de kan være lure å bygge med trekanter, trekanter er de sterkeste geometriske figurene og at det er gøy å lage broer.»

-- Synnøve Matre er professor i norsk ved Høgskolen i Sør-Trøndelag og leiar Normprosjektet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.11.2015 | Oppdatert:27.01.2021