Persisk palett

No image

Heng det noko i klesskapet ditt som er farga oransje eller asur, skarlak eller pistasj, lime eller fersken? Da skal du vite at det er persarane som har sett ord på fargane.

AV ERLEND LØNNUM

I norske ordbøker finn vi eit førtitals ord med opphav i persisk. Dei har tatt vegen til oss gjennom andre språk som arabisk, tyrkisk, gresk og latin (første etappe) og fransk, italiensk, engelsk og tysk (andre etappe). Nokre har eit ganske eksotisk preg, som dervisj, kasakk og pampusse, og andre er så innarbeidde at den framande koplinga ikkje er like klar, som kiosk, paradis og tulipan. Og ei handfull av dei har altså med fargar å gjere.

Fruktige fargar

Fargevifta i innleiinga er eit godt døme på at dei persiske originalane har ei lang reise bak seg.

Oransje skal persarane ha henta frå det gammalindiske språket sanskrit (naranga-s ‘appelsintre’), før dei sende narang vidare til Nord-Europa gjennom arabisk (naranj), italiensk (arancia) og fransk (orange).

Blåfargen asur heitte lajward på persisk og tydde ‘(fargen til) lasurstein’. Det kom til oss via arabisk (lazaward) og fransk (azur). Raudfargen skarlak (bokmål: skarlagen) heitte saqalat på persisk og tydde ‘kraftig (raud)farga klede’. Det kom til oss via latin scarlatum (‘fargerikt laken’) eller sigillatus (‘klede pynta med små figurar’) – om det strid dei lærde.

Dei etelege fargeinnslaga har ei anna historie: Pistasj kjem frå persisk pistah ‘nøtt av pistasjtreet’, lime har opphav i persisk limun ‘sitron’, medan fersken er avleidd av latin persicum (malum) og tyder ‘persisk (eple)’.

Tyrkisk transitt

Tyrkarane har òg vidareformidla nokre ord frå Persia til Europa, mellom anna tulipan og turban, som opphavleg tyder det same (dulband på persisk), på grunn av likskapen mellom blomen og forma på hovudplagget.

Andre velkjende ord er kiosk, som tydde ‘festsal’ på persisk (kushk), men ‘lysthus’ på tyrkisk (kiöshk), divan, som eigentleg tydde ‘bok’, avleidd av persisk debir (‘forfattar’), og sjakal, som kan ha tydd ‘den hylande’ (shaghal).

Ei anna gruppe er dei herskapelege nemningane kediv, ein islamsk fyrstetittel, og pasja, ein tyrkisk embetsmannstittel. Dei heldt til i serai, som opphavleg er persisk for ‘herberge, palass’, og som på tyrkisk også fikk tydinga ‘harem’. I dagens reiseguidar finn vi karavaneserai, herberge for karavanar med folk og dyr.

Kongeleg spel

Ein litt meir kjend figur er kongen i sjakk, som kjem av persisk shah ‘konge, herskar’. Sjahane styrte tidlegare i Iran, Afghanistan og somme granneland. Ordet har funne vegen til oss gjennom romanske språk (som italiensk scacco) og mellomlågtysk schak.

Under spelet kan det vere eit sjakktrekk å flytte (rokere) tårnet og kongen samstundes, ein såkalla rokade. Manøveren har namn etter tårnet, brikka som blir kalla rokh på persisk.

Og det skulle vel vere alt på eit brett. 

Andre persiske lånord i norsk
aubergine (eggfrukt) av bademjan, via arabisk og fransk
basar (utlodding; torg) av bazar ‘marknad’, via fransk
karavane av karwan, via italiensk og fransk
nafta (eter) av nafta ‘vere fuktig’, via gresk
persienne av fransk for ‘persisk’ – sjå sistesida i dette bladet
pysjamas av pa ‘fot’ og jama ‘klede’, via hindi/urdu og engelsk
sitar av setar ‘tre strenger’, jf. gresk kithara (‘gitar’)
sjal av shal, via urdu og engelsk
spinat trolig av aspanakh, via arabisk og tysk
taft (silkestoff) av taftan ‘spinne’, via italiensk og tysk
 Persia – Iran
Persia var lenge namnet på nasjonen Iran, befolkninga og dei antikke rika. Vi kalla staten for Persia inntil 1935, da Reza sjah Pahlavi bad det internasjonale samfunnet om å bruke det opphavlege namnet, Iran, som tyder ‘landet til ariarane’. Persia kjem frå det gamle greske namnet for Iran, Persis, som igjen kjem frå ein provins sør i Iran, kalla Fars på moderne persisk (farsi) og Pars på pahlavi (mellompersisk). Provinsen var kjernen i det opphavlege persiske riket. Kilde: Wikipedia

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter