Spitsbergen Gazette

Spitsbergen Gazette var i si tid den nordlegaste avisa i verda. «I si tid» var éin gong i veka i juli og august 1897, så denne norske avisa kom det berre ut ni nummer av.

Spitsbergen var det gamle namnet på det som sidan 1925 heiter Svalbard. Sidan 1969 er Spitsbergen namnet på den øya som før heitte Vest-Spitsbergen.

Spitsbergen, som er nederlandsk av di det var mange nederlandske kvalfangarar der på 1600-talet, tyder berre ’spisse fjell’.

Stadnamna Svalbarðr og Svalbarði, som tyder ’kald kyst’, er kjende frå islandske annalar for 1194.

Ordet gazette er det vanskeleg å finna i norske ordbøker. Skrivemåten er fransk, men ordet er opphavleg italiensk gazzetta. Ein gazzetta var ein liten koparmynt. Det kosta ein gazzetta å koma inn i dei lokala der byrådet i Venezia kvar månad slo opp handskrivne meldingar til folket i byen. Dette byrja i 1563. Seinare fekk gazzetta tydinga ’avis’, slik det er på italiensk. Det heiter gazeta på russisk og polsk, gazete på tyrkisk. Desse språka har nok fått ordet via gazette, som no er eit forelda ord i fransk.

 

-- Av Svein Nestor, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter