Leiar: Skrifta på skjermen

er tekstene på fjernsynet. Meir spesifikt meiner eg undertekstene i filmar og reportasjar – omsetjing av tale eller dialog til skrift. Det handlar om ein ganske intrikat og forvitneleg prosess som ikkje er heilt som anna omsetjing. For er det noko ein driven tekstar ikkje gjer, så er det å omsetja ord for ord det som blir sagt i filmen.

Teksting av film går ideelt sett ut på å teksta så lite som råd, men så mykje som nødvendig for at sjåaren skal kunna følgja med i filmen. Ein film skal trass i alt ikkje «lesast». Jo mindre tid sjåaren må bruka på tekstene, jo betre. I Språknytt denne gongen tilbyr me blant anna ein artikkel om teksting – skriven av ein tekstar.

Og så er skrifta på skjermen ein av dei viktigaste teksttypane i det moderne språksamfunnet. Fordi attåt aviser er fjernsynstekster det som er mest lese i vårt samfunn. Ein gjennomsnitts fjernsynssjåar les fleire tjukke bøker i året på det viset. Når me så legg til at dei yngre ser forholdsvis meir film på fjernsyn enn dei vaksne, og at det blant dei yngre er slik at dei som les minst bøker, ser forholdsvis mest fjernsynsfilm, anar me raskt at tekstene på skjermen er viktige for alle som er opptekne av norsk språkutvikling. For å seia det kort og enkelt – alle les fjernsynstekster, men ikkje alle les så mykje bøker.

Difor må kanalane som kringkastar teksta filmar i Noreg (og dei er det ganske mange av), finna seg i at me undersøkjer korleis det står til med behandlinga av norsk språk i denne så viktige tekstsjangeren. Er desse tekstene slik at elevar kan lesa dei kveld etter kveld utan å ta skade på si gryande språkkjensle? Eg skulle meina at dei fleste vaksne ventar at så er tilfellet. Me i Språkrådet er ikkje sikre på det. Me har mistanke om at det er så variabelt at det ikkje er akseptabelt. Difor vil me i 2009 gjera ei undersøking, ta stikkprøver. Me ønskjer å vita, og så vil me fortelja kva me finn.

Skrifta på skjermen er altfor viktig til at me skal lata vera å bry oss.

 

Av Sylfest Lomheim 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter