Nyttig for nynorsk

AV MARIT HOVDENAK

Er du ute etter gode grammatikkar og oppslagsverk for nynorsk? Her får du ei oversikt over nyare hjelpemiddel for dei som skriv nynorsk.

Vanlege skulebøker er ikkje tekne med i oversikta, men ver klar over at det finst gode norsklærebøker både for grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det har òg komme eigne lærebøker i nynorsk som sidemål og for opplæring i nynorsk ut frå dialekt. Andre læremiddel er øvingsprogram på edb og brevkurs. For vaksne finst det fag- og lærebøker som tek for seg nynorsk og bokmål under eitt, som trebandsverket Vårt eget språk (1987). Eldre litteratur fell utanfor ramma for denne orienteringa, det same gjer fagspråk.

Kjell Venås: Norsk grammatikk. Nynorsk (1990, 187 s.) er skriven både for studentar og folk flest. Boka gjev fullt oversyn over formverket og ei grundig framstilling av setningslæra. Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk. Lyd- og formlære. 2. utg. (1986, 347 s.) er noko større, og tek for seg notidsspråket med språkhistoriske tilbakeblikk.

Det finst fleire mindre bøker som kan kallast språklærer, det vil seie praktisk retta handbøker som behandlar både rettskriving og bøying, men gjerne legg hovudvekta på vanlege problem og på god språkføring. Vi nemner tre slike: Olaf Almenningen og Aud Søyland: Praktisk nynorsk. Øvingar med grammatikk (1995, 96 s.), Ola Breivega: Råd for uråd. Vegvisar gjennom nynorske minefelt (1993, 120 s.) og Jan Olav Fretland: På saklista. Nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga (1994, 102 s.). Ei bok som vart laga for å styrkje opplæringa i nynorsk i den offentlege forvaltninga, er Fretland ofl.: På godt norsk. Ei handbok i nynorsk målbruk. 2. utg. (1986, 202 s.). Denne boka går grundig inn på ordlegging og ordval og har òg eit fullt bøyingsoversyn.

Fyldig oversikt over teiknsetjing, bruk av store og små bokstavar, forkortingar o.l. står i Finn-Erik Vinje: Skrivereglar. 4. utg. (1991, 115 s.).

Nynorskordboka. Definisjons- og rettskrivingsordbok. 2. utg. (1993, 755 s.) og Nynorskordlista. Rettskrivingsordliste for skole, heim og kontor (1996, 408 s.) er dei sentrale oppslagsverka for moderne nynorsk ordtilfang. Ordboka har opplysningar om skrivemåte og bøying og dessutan tydingar og definisjonar, bruksdøme, faste uttrykk, synonym osv. Ordlista er heilt oppdatert med dei siste rettskrivingsendringane. Ved sida av desse to bøkene kan alle godkjende ordlister og ordbøker brukast. Det finst fleire oppdaterte både for grunnskulen og den vidaregåande skulen, til dømes Alf Hellevik: Nynorsk ordliste. Større utgåve. 8. utg. (1996, 333 s.). Den store Norsk Ordbok har no komme med tre band og går eit stykke ut i bokstaven g. Denne ordboka bruker eldre rettskriving. Treng ein opplysningar om framandord, kan ein ofte finne dei i Tanums store rettskrivningsordbok, bokmål. 7. utg. (1989, 544 s), som er den største rettskrivingsordboka for norsk.

Mange nynorskskrivande treng meir kunnskapar om ordtilfanget. Sidan bokmål er det dominerande skriftmålet, er det bruk for ordbøker og ordlister som går frå bokmål til nynorsk, gjerne kalla fornorskingsordbøker. Ei svært innhaldsrik bok er Magne Rommetveit: Med andre ord. Den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk (1993, 616 s.). Det finst ei mindre utgåve for skulen med tittelen På godt norsk (1995, 320 s.). Mange av skuleordlistene har fornorskingstillegg.

 

-- Marit Hovdenak er førstekonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter