Kva kjem fyrst – dagen eller året?

AV JOSTEIN STOKKELAND

Eg minnest min fødselsdag som skulle han ha vore i går: 23/9-1940. Dagen kom fyrst, deretter månaden og så året til slutt. Det var orden på sakene den gongen.

Når ein ferdast ute i den store verda, er det ikkje så endefram. Det finst så mange ulike måtar å skriva datoar på, og i eit land som visstnok heiter Amerika, kan dei finna på å skriva min fødselsdag slik: 9/23/40. Så mange månader har me ikkje på norsk.

Eit praktisk problem

Det er sjølvsagt eit praktisk problem at dateringsmåten er så ulik. Standardiseringsorganisasjonane arbeider for å få betre samordning av nett slike kvardagsviktige (små)ting, og i dateringsmåten har dei ein internasjonal standard, ISO 8601, som dei held seg til. Den norske standarden der det står om skrivemåten av datoar, heiter Kontordokumenter og blanketter. Utforming (NS 4129). Regelen der er at datoar skal skrivast i rekkjefølgja år-månad-dag. Noko av tanken bak er å få meir rasjonelle funksjonar i samsvar med utviklinga innanfor informasjonsteknologien.

Språknemndene er imot

Den nye dateringsmåten har fått eit visst gjennomslag i Sverige. Motstanden er elles stor: Både Svenska språknämnden, Dansk Sprognævn og Norsk språkråd vil halda på den tradisjonelle dateringsmåten med rekkjefølgja dag-månad-år. Språkrådet, som har fullmakt til å fastsetja kva som er rett dateringsmåte hjå oss, trur med andre ord at julekvelden i år fell på 24.12.1996 og ikkje på 1996-12-24. I så måte held vi på det som også er vanleg praksis i EU.

Kvast ordskifte

To ulike syn står mot kvarandre i debatten om dateringsmåten. Den eine sida hevdar at me må følgja med tida og tilpassa oss internasjonal praksis og elektroniske medium. Den andre sida legg vekt på tradisjonen, fødselsnummerpraksis og den meir menneskelege sida ved dette. Det er ikkje så enkelt å leggja om seiemåten frå tjuefjerde i tolvte nittennittiseks til nittennittiseks tolv tjuefire.

Norsk språkråd held som nemnt fast på den tradisjonelle dateringsmåten. I internasjonal samanheng kan det vera i orden å nytta rekkjefølgja år-månad-dag.

(Standarden får ein frå Norges Standardiseringsforbund, Postboks 353 Skøyen, 0212 OSLO.)

 

-- Jostein Stokkeland er førstekonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter