Om norma i nynorsk

AV JAN TERJE FAARLUND

Vi kan setja opp to overordna mål for språkplanlegginga: Ho skal gjera språket til ein effektiv og brukande reiskap for flest mogleg, og ho skal verna om språket som kulturgjenstand.

Det er sjølvsagt ingen nødvendig motsetnad mellom desse to omsyna, men det kan lett bli det i konkrete saker. Det har å gjera med at dei er grunna på to ulike aspekt eller dimensjonar ved språket. Språket er på den eine sida noko som kvar enkelt har til rådvelde, ei form for delvis ureflektert kunnskap som set oss i stand til å laga oss abstrakte omgrep og til å kommunisera med andre.

Det andre aspektet ved språket er at det er ein kulturgjenstand som ber i seg eit samla tilfang av tradisjon, historie og forståingsformer som heile språksamfunnet deler. Språket får denne rolla ved at det blir brukt som skriftspråk, undervist i skolen, normert og røkta av offisielle spåkrøktorgan osv. Det fyrste omsynet gjer at ein kanskje bør leggja språknorma nær opp til talemålet, slik at folk kan gå mest mogleg direkte frå tale til skrift. Det andre omsynet gjer at ein kanskje vil halda på eldre, etymologiske former og eit tradisjonelt ordtilfang.

Avveginga mellom desse omsyna vil vera ulik etter kva slags politisk og historisk situasjon språket står i. Dei to språka eller språkformene som Norsk språkråd er sett til å stella med, står som kjent i svært ulike situasjonar i så måte. Det ein seier om styring eller planlegging av det eine, gjeld derfor ikkje utan vidare for det andre. Ettersom nynorsken er i ein mye meir utsett og truga posisjon enn bokmålet, blir spørsmålet om vern viktigare, og i samanheng med det, spørsmålet om å ta vare på og helst utvida råderommet for nynorsken. Dette er faktisk Språkrådet si plikt, ettersom Språkrådet også har som mandat å syta for språkleg jamstelling i Noreg. Språkrådet har dermed som særskild oppgåve å verna om nynorsken som kulturgjenstand og del av norsk tradisjon. Men beste måten å gjera det på er sjølvsagt å sørgja for at flest mogleg tek han i bruk.

I dag er situasjonen den at ein tredjedel av dei som har nynorsk i grunnskolen, skiftar målform seinare i livet. Det er lett å peika på ytre, politiske og samfunnsmessige årsaker til dette. Det viktigaste er vel presset frå bokmålet, men ein del av forklaringa ligg nok i nynorsken sjølv. Når ein spør folk korfor dei har skifta frå nynorsk til bokmål, får ein ofte til svar at det er så lett å gjera feil i nynorsk. Ein av grunnane kan vera den store valfridommen i nynorsk. Valfridommen i bokmål er minst like stor, men den faktiske språkbruken er mye meir konsekvent fordi ei mengd tillatne bokmålsformer så å seia aldri kjem til syne på trykk. Dei store avisene, vekeblada og forlaga styrer såleis bokmålet inn i ei fast norm, slik at bokmålsbrukarar får eit einskapleg skriftbilete å halda seg til. Og da har det mindre å seia at denne bokmålsnorma er svært talemålsfjern for dei fleste. Nynorskbrukarane derimot ser same ord skrive eller bøygt på nye måtar stadig vekk, og eit fast skriftbilete får ikkje festa seg. Og da har det mindre å seia at i alle fall somme av desse formene av og til liknar på talemålet åt ein del av oss. Det ville derfor vera ein stor føremon for nynorsken om norma vart snevra inn, helst slik at same ord berre vart skrive på ein måte og bøygt på ein måte.

Dette er eigentleg ikkje noko brott med ein nynorsk tradisjon, snarare tvert om; Ivar Aasen meinte at «Sprogformen bør kun være een» og sette berre unntaksvis opp alternative valfrie former i siste utgåva av grammatikken sin.

Det er nemleg minst to måtar eit standardspråk kan representera ei gruppe dialektar på. Den eine er med det systemet vi har i nynorsk no, med ei rad valfrie former som er tekne opp i normalen for at flest mogleg skal kunna finna att sine eigne spesifikke talemålsformer i skriftspråket. Såleis har vi for eksempel både infinitiv på -a, infinitiv på -e og kløyvd infinitiv, med veksling mellom -a og - e, og det kan heite nokon eller noen, gjera eller gjøra, dessutan altså gjere og gjøre. Problemet med dette systemet er at dialektbrukarar likevel må læra kor langt dei har lov å gå i retning av dialekten. Ein kan skriva vite, vita, vete eller veta, men trønderske ungar må likevel læra at dei ikkje får lov å skriva vætta, våttå eller vit.

Den andre måten er å la skriftspråket representera det systemet som er sams for dialektane, ikkje enkeltformer frå kvar dialekt. Ei form som t.d. veta kunne seiast å representera dette systemet, og det ville unekteleg vera lettare for alle å læra denne eine forma enn å læra fire tillatne og tre forbodne former. Austlendingar kan gle seg over at dei får lov å skriva komma (eventuelt komme), men dei må læra særskilt at dei ikkje har lov å skriva samma eller samme.

Sjølv om det kanskje hadde vore best å følgja Ivar Aasens bod om «een Form», verkar det i dag heilt urealistisk å gå bort frå prinsippet om valfridom i norma. Det ville bryta for sterkt med det dei fleste målfolk oppfattar som nynorskens «vesen». Dermed står vi der med problemet med ei vaklande norm. Men heldigvis finst det eit anna merkeleg og særnorsk prinsipp som kan komma oss til hjelp, nemleg det skiljet vi har i begge målformene mellom ein trong såkalla læreboknormalog ei vidare rettskriving med former som er tillatne for skoleelevar og for alle som ikkje er bundne av offisiell rettskriving. Dette gir oss høve til å få «både i pose og sekk». Da må læreboknormalen i større grad enn no representera ei fast norm, medan den vide rettskrivinga opnar for nødvendig valfridom.

(Samandrag av eit foredrag på konferansen Språkpolitikk 96, Oslo, 27. september 1996.)

 

-- Jan Terje Faarlund er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Trondheim (NTNU).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter