Det vonde mot det gode eller korrekt mot godt

AV ASGEIR OLDEN

For språklege filigransarbeidarar byr avisene på meir enn eitt velkome høve til å velte seg i syntaksbrot, grammatiske brølarar, feil og fusk og fanteri. Eg trur dei har rett dei som seier at det var betre før, den gongen det var færre ord i verda, færre emneområde som fekk offentleg omtale, færre journalistar og mindre kravstore lesarar. Det kan rett og slett vere vanskeleg å finne ein språkleg feilfri redaksjonell tekst i desse ulvetider.

Problemet er at journalistikken aldri har bede om å bli vurdert på eit reint språkleg grunnlag. Som språkbrukarar er redaksjonelle medarbeidarar langt meir opptekne av kvaliteten på formidlinga, informasjonseffektiviteten, tempoet i forteljinga, dramaturgien, retorikken, lengda. På dei områda er det mange språklege slaurar som held godt mål. Når ei offentleg utgreiing på eit par hundre sider blir fortetta til 20 manuslinjer, har journalisten gjort eit makelaust stykke arbeid om det då er korrekt, leseleg og klart. Ofte er det det. Men akk og ve om det står «lagnt» i staden for «langt» og det ikkje er komma mellom sideordna setningar.

Eg trur språkfolk og mediefolk kunne lage ein produktiv konflikt ut av dette. I dag kastar alle stein.

Kvar skulle vårt moderne språk vandre utan den nyskapinga som ligg i at journalistar må finne ord for alt? Førsteamanuensis Thore Roksvold har til dømes registrert takgrind, bruktbil, brønnhode, buljongpar, dagmamma, filmskaper, lynlås, lysløype, omkjøring, smørberg, alt produsert av pressefolk med behov for eit ord. The New York Times sette ord på musikken til ein heil generasjon då Jimi Hendrix' gitarlyd vart skildra som «heavy metal raining from heaven», norske sportsjournalistar har levert klisjear som har vandra rett inn i politikken og blitt der lenge etter at nye uttrykk har teke plassen på sportssidene.

På den andre sida skjer det i augo når avisfolk skriv «yngre i forhold til», om arrangement som «går av staben», folk som «tar hansken frå munnen», politikarar som «har sparekniven hengande over nakken» og det som verre er. Då kan ein verkeleg lure på om vankunna har nådd så langt at grunnleggjande språklege konvensjonar står i fare. Det minner meg om noko ein skulelærar i vidaregåande fortalde. I ei litt vanskeleg sak bad han elevane leggje korta på bordet. Elevane kikka seg forundra omkring, og lurte på kven som hadde hatt med kortstokk den dagen. Ikkje ein kjeft av dei ante kva læraren ville fram til.

Er dette total normoppløysing, eller er det berre slik at språket spaserer sine eigne vegar, og at vi må finne oss i det? Sanneleg om det er lett å seie. Eg trur i alle fall at det ville hjelpe godt om vi vart samde om kva som var viktig i språket, og kva vi må la fare. Der har ikkje våre kritikarar vore til særleg hjelp, er eg redd.

I kampen mellom godt og korrekt har journalistikken valt det godes side. Dei fleste vil ha bort den tungvinte langhalmen som pregar annan offentleg prosa, språkleg sakprosa ofte inkludert. Det merkverdige er at somme mediefolk ser ut til å meine at dette skulle stå i motstrid til det korrekte. På det feltet er det nokre av oss i pressa som meiner, og alltid har meint, at det ikkje er skadeleg om folk skriv slik det nå ein gong er avgjort at ord skal skrivast og bøyast. Når samsvarsbøyinga på nynorsk er på vikande front i pressa, blir eit vesentleg særtrekk borte frå norsken, og når garpegenitivane har avløyst alle normale måtar å skildre tilhøyrsle på, ja, då blir eg sur. Eg er berre ikkje heilt sikker på om alle syndarane sit i pressa.

Det skulle likevel ikkje hindre oss i å gripe fatt i utvekstane og hogge dei av. Språkleg instrumentalisme kan ikkje gå så langt at ein gløymer det som skulle ha vore barnelærdom. I så måte har vi mykje å lære av den språklege standarden i andre lands aviser. Der er det ein føresetnad at pressefolk beherskar morsmålet, ikkje eit debattema. I vårt eige kongerike sit det framleis nokre korrekturlesarar og mange deskar som barberer av det mest barbariske.

Til trøyst for dei som lid og har det vondt når dei set seg ned med sine daglege aviser, er det dette å seie: Språk er eit viktigare tema når pressefolk samlast, enn det var for nokre år sidan. Den verste teknologifascinasjonen har gitt seg, og språkkursa på Institutt for Journalistikk i Fredrikstad er dei best søkte av alle etterutdanningskurs. Landslaget for lokalaviser har tilsvarande søknad til sine språkkurs, og dei burde ha fått både premie og pengar for dette tiltaket. Det er nok ingen tvil om at det er medarbeidarane i lokalavisene som har mest å lære. Behovet er uendeleg både her og der, og kunne våre språkvitarar og andre lærde ta del i oppsedinga, trur eg det ville bli motteke med takk. Då er det ein føresetnad at den arrogante nedrakkinga vi er så vel vane med, blir tona noko ned. Raudblyanten og peikefingeren er forhistoriske reiskapar. I dag heiter det dialog.

 

-- Asgeir Olden er redaktør i Nynorsk pressekontor.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.12.2003 | Oppdatert:30.06.2015