Språk på nett

Rettskrivingsreformer på nettet

Oversikt over rettskrivingsreformene i det 20. århundret finner du her: www.sprakrad.no/reformer

Kongelege titlar

Korleis uttrykkjer ein seg når ein vender seg til kongelege eller omtalar dei? Språkrådet får av og til spørsmål om dette og har no sett opp eit oversyn på bokmål og nynorsk. Kjelder er ordbøker og samtalar med Slottet: www.sprakrad.no/kongelege

Faksimilebiblioteket

Her finn du om lag 50 digitale bøker og hefte frå norsk språkhistorie etter 1850: www.sprakrad.no/faksimilebiblioteket

Digitalarkivet

Digitalarkivet i Bergen har lagt ut over 60 digitale bøker frå 1500-talet til det tjuande hundreåret: http://digitalarkivet.uib.no

Nynorskkurset til Språkrådet

Nettkurset til Språkrådet er laga med særleg tanke på elevar i vidaregåandeskule som har bokmål som hovudmål, men kan brukast av alle. Både elevar med nynorsk hovudmål og tilsette i staten som treng eit oppfriskingskurs, vil ha god nytte av kurset. Adressa er: www.sprakrad.no/nynorsk-nett-no

Det digitale avisbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har til no digitalisert ti aviser og gjort dei tilgjengelege på nettet. Mellom avisene er Norske Intelligenssedler, Aftenposten, Dagbladet, Morgenbladet og Social-Demokraten. Ein viktig dokumentasjon av norsk historie, norsk pressehistorie og norsk språkhistorie. Adresse: www.nb.no/avis

Nettbiblioteket

Samlinga til Ivar Aasen-tunet omfattar over 800 eldre tekstar på landsmål. Tekstane fordeler seg på meir enn 115 forfattarar: www.aasentunet.no

Dokumentasjonsprosjektet

Dei humanistiske miljøa ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø har gjennom dette prosjektet lagt ut mellom anna digitale ordbøker, mellomaldertekstar, stadnamnbasar og over 60 000 sider frå norsk litteraturhistorie: www.dokpro.uio.no

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter