Leiar: Politikk?

Ja, politikk. Ikkje det opplagde i dette bladet – å forklara sambandet mellom politikk og politi; at begge kjem frå polis, det greske ordet for ’by’, og såleis kan omsetjast med ’bystyring’ og ’byvakt’ – men slik alle har tenkt på ordet denne hausten, som eit sett verdiar for det som skjer i Stortinget.

Men skal det statlege Språkrådet ha politiske meiningar? Ja. For Språkrådet er ikkje, og kan ikkje vera, nøytralt. Formannen i Bokmålsforbundet kritiserte meg i fjor for å vera ’målaktivist’; han meinte at direktøren skulle opptre som nøytral språkbrukar, som ein dommar på fotballbana (i kampen mellom bokmål og nynorsk). For det første finst det ikkje nøytrale språkbrukarar. Omgrepet er utan meining. For det andre er det misforstått at eg skal agera som nøytral dommar. ’Nei’, svara eg, ’mi oppgåve er meir å likna med trenarens; eg bør få begge lag til spela best mogeleg!’

Språkrådet har eit politisk og verdibasert mål. Målet er at norsk skal framstå som eit velfungerande kvalitetsspråk – i sine to variantar, bokmål og nynorsk. Ikkje berre i 2005, men helst også i 2105.

Tek me dét målet på alvor, kan me raskt gløyma den lovpriste ’nøytraliteten’. Alt som forflatar bokmålet, vil me vera mot, alt som svekkjer nynorskens stilling, vil me vera mot. Alle som forfektar det synet at ’den frie språkutvikling’ bør gå sin gang, utan at stat og storting blandar seg inn, er me usamde med. Konsekvensen av eit slikt syn er nemleg at me gir opp å påverka framtida til norsken. På totusentalet kan me ikkje lenger vera trygge på at norsk overlever som fullverdig bruksspråk. Å vera tilhengjar av global marknadstenking på det kulturpolitiske og språkpolitiske området er naturlegvis fullt tenkbart. Men dei som er det, må då òg vera tilhengjar av utfall og resultat.

Dette er ikkje mørke målmannstanker hos ein vestlending i Oslo; slik tenkjer faktisk dei fleste styresmakter i Europa (med unntak av England, naturlegvis!). Ta dei nye medlemslanda i EU. I årevis har dei arbeidd iherdig for å koma med, men parallelt med medlemskapsprosessen har dei alle utforma språkpolitiske mål på heimebane. Dei ser at i eit ope internasjonalt landskap må kvar nasjon ta ansvar for sitt språk.

Fortare enn mange anar, kjem dagen då bokmålet må slåst for si stilling, på same måten som nynorsken har slåst for sin eksistens i 150 år. I det perspektivet blir det paradoksalt og absurd at unge politikarar i haust prøvde å vinna stemmer ved å brenna nynorskordbøker (!). Dei er truleg blinde for det faktum at den internasjonale kulturmarknaden er like kald overfor framtida til bokmålet som dei sjølve er overfor nynorsk.

 

Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter