Nynorsk i 1905

AV OTTAR GREPSTAD

Då ein kandidat frå ytre Namdalen var oppe til munnleg eksamen i religion ved Levanger lærarskule våren 1904, gav sensor grei beskjed:1

– Bibelen bør da siteres på sitt eget sprog.
– Æg hi itj lært hebraisk! svara Olav Duun.

Stortinget hadde jamstilt det nye landsmålet med «det almindelige Bogsprog» i 1885. Framleis var likevel landsmålet forbode å bruke i kyrkja. Difor var det først i 1892 at den språkdelte norske kulturen blei ein realitet. Frå då av kunne kyrkjelydane sjølve avgjere målform i liturgien, og skulestyra kunne avgjere kva som skulle vere hovudmålet i undervisninga i grunnskulen. No gjekk det fort. I 1920 var det landsmål i kvar tredje skulekrins i landkommunane, landsmålselevane utgjorde fleirtalet av elevane i skulane frå Rogaland til Møre og Romsdal, nesten halvparten av alle kyrkjelydane hadde teke i bruk salmar av Elias Blix, ei komplett omsetjing av Bibelen til landsmål var i kjømda, og år om anna kom det ut fleire hundre bøker på landsmål; eit skred av blad og aviser hadde losna. Denne kulturelle språkendringa kallar eg den vesle norske kulturrevolusjonen.

At det nye skriftspråket så raskt blei teke i bruk av store grupper, var avgjerande for gjennomslagskrafta til det som etter kvart blei ein nynorsk skriftkultur.

Same mønsteret

Språkendringa følgjer det same mønsteret i tre av fire kommunar. Først innfører ein kyrkjelyd Blix-salmane – gjerne før 1910. Så innfører dei første skulekrinsane i kommunen med denne kyrkjelyden landsmål som hovudmål – dei fleste stadene før 1920. Til slutt vedtek kommunestyret nynorsk som offentleg tenestemål i kontakt med statsforvaltninga – frå 1922 og helst før 1930.

Frå eit nullpunkt kring 1850 blei landsmålet teke i bruk på stadig nye område. Ideen om det nynorske blei realisert på ulikt vis frå fylke til fylke:

  • Dei første bøkene kom i 1850-åra i Hordaland.
  • Dei første blada blei utgitt i 1850- og 60-åra i Oslo og Hordaland.
  • Kyrkjelydar i Telemark var dei første som brukte landsmålssalmar i kyrkja, jula 1884.
  • Dei første skulekrinsane med landsmål som opplæringsmål kom frå 1890 i Aust-Agder, Hordaland, Møre og Romsdal.
  • Kyrkjesokn i Nord-Trøndelag var dei første som i 1892 innførte liturgi på landsmål.
  • Den første kaffistova blei opna i 1901 i Oslo.

Grunnlaget for den nynorske skriftkulturen blei altså lagt i heile åtte fylke. Møre og Romsdal, der det heile tok til med Ivar Aasen, var særs tidleg ute. Meir enn noko anna fylke representerte Hordaland både pionerane, breidda og kontinuiteten.met sitt om ein språkpolitikk for Noreg og Norge; den første setninga kom først då Venstre vedtok programmet sitt for neste val dagen etter at Noregs Mållag var blitt skipa vinteren 1906. Ingen kommune hadde heller vedteke landsmål som tenestemål. Det gjorde Voss som den første i 1921.

«Det laglege klokkeslætte i Norig»

Sidemålsstilen var enno ikkje anna enn ein idé, og éi einaste lov fanst på landsmål. Det var til gjengjeld den lova som samla landet til eitt rike ved at det i 1894 blei innført same tid i heile Noreg. «Fraa den 1ste januar 1895 skal middeltidi fyr den meridianen, som ligg 15 grader austanfyr Greenwich, vera det laglege klokkeslætte i Norig.» Slikt lovspråk hadde ingen lese tidlegare her i landet. Svenskekongen hadde sanksjonert lova 29. juni 1894 etter eit kvast ordskifte i Stortinget: «I Justiskomitéen har vi i ethvert Fald virkelig ikke Tid til at sidde med saadanne Dilettantpassioner som at fabrikere et Sprog som dette», sa representanten Ole Roald Andreas Rynning frå Buskerud. Utanom Grunnlova er det berre ni lover som er eldre, og som framleis gjeld. Neste lov på landsmål kom i 1916.

Peder Hovdan frå 1905

Nokon offisiell statistikk som inkluderte målform, blei ikkje laga før 1910, og då var det skulen det gjaldt. Når det likevel er mogleg å dokumentere kor språkdelt den norske kulturen var då Noreg tok steget ut av unionen med Sverige, er grunnen éin person. Peder Hovdan hadde avslutta lærarutdanninga ved Levanger lærarskule
i 1896, der Matias Skard hadde vore norsklæraren hans, og hadde busett seg i hovudstaden i 1899. Hovdan såg den politiske, strategiske og praktiske verdien av at utviklinga i bruken av landsmål kunne dokumenterast. Nettopp i 1905 tok han til å samle inn slike fakta – når det blei røysta over språket i ein skulekrins eller eit kyrkjesokn, korleis utfallet blei, og alt anna tenkjeleg. Å fange opp slik informasjon gjennom aviser må ha kravd både stort tolmod, mykje lesing og ambisiøs systematikk. Han må også ha fått eller skaffa seg medhjelparar rundt om som kunne furnere han med opplysningar. Dessutan tråla han gjennom mange arkiv. Slik fekk målrørsla sitt eige statistiske sentralbyrå. Stort og smått fanga han opp frå si maurflittige avislesing eller på anna vis, og alt skreiv han inn i si store bok, Protokollen.

Dette enorme handskriftet har påskrifta Norsk målreising. Målskifte i heradi 1865–1941– 195… . Det Norske Samlaget eig Hovdan-arkivet, som i 2006 blir overført frå Nasjonalbiblioteket til Ivar Aasen-tunet. I denne protokollen, denne geografisk ordna kulturhistoria, har kvar kommune fått sine sider. Her står å lese at dei første skulekrinsane gjekk over til landsmål i 1890. Både Bygland i Aust-Agder og Hosanger (no Modalen) i Hordaland gjennomførte denne endringa to år før skulekrinsstyra med lova i handa kunne avgjere målform i skulekrinsane. Før 1900 hadde kommunar først i Møre og Romsdal, så i seks andre fylke, følgt etter. Det ser ut til at om lag 450 krinsar gjekk over til landsmål mellom 1890 og 1905. I heile landet var det då nær 6000 skulekrinsar spreidde på 51 kommunar i ti fylke. Det vil seie at det alt fanst landsmålselevar i nesten kvar tiande kommune i landet. Kor mange elevar som hadde landsmål som hovudmål i 1905, veit vi ikkje. Det eldste elevtalet ordna etter målform er frå 1910. Då hadde 47 000 elevar landsmål som opplæringsspråk i vel 1300 krinsar. Det tyder på at minst 20 000 elevar var blitt nynorske i 1905, eller nær seks prosent.

Nynorsken i bruk i 1905

 Skulekrinsar         Kyrkjelydar
Hedmark 0 2
Oppland 8 3
Buskerud 0 2
Telemark 87 17
Aust-Agder 38 10
Vest-Agder 0 3
Rogaland 14 4
Hordaland 149 15
Sogn og Fjordane 65 16
Møre og Romsdal 83 24
Sør-Trøndelag 0 1
Nord-Trøndelag 28 19
Nordland 45 1
I alt 517 117

Salmar og blad, men berre to aviser

Frå 1892 til 1905 innførte 116 kyrkjelydar Blix-salmane. Den store endringa kom året etter. Berre i 1906 tok 97 nye kyrkjelydar i bruk desse salmane. Då kong Haakon steig i land i Kristiania, hadde Det norske Bibelselskap selt nøyaktig 13 510 nytestamente på landsmål. Dette utgjorde om lag sju prosent av salet. Først og fremst Elias Blix, Matias Skard og Ivar Aasen sytte for at Det nye testamentet låg føre på landsmål i 1889. Bibelselskapet tok over salet ti år seinare, og har i alle år ført salsstatistikk etter målform. Ingen har som dei dokumentert den språkdelte norske kulturen i si eiga verksemd. I 1905 låg også Salmane føre på landsmål, omsette av Elias Blix og Peter Hognestad, og frå Alexander Seippel kom første del av Mosebøkene dette året.

Utanom eit par julehefte kom det i 1905 ut 13 blad og aviser på landsmål. Det eldste var Norsk Barneblad frå 1887, og det nyaste var månadsbladet Ungdomen, som norske folkehøgskular gav ut. Det nynorske mediesenteret var på denne tida Svorkmo i Sør-Trøndelag. Her stod Konrad Magnus Elda bak heile fire ulike blad i 1905. Han var fødd i 1855, og alt i 1872 hadde han som lærar teke til å undervise i landsmål i skulen. Eldst av blada hans var Orkdølen. Denne avisa hadde kome ut sidan 1891, og utgivaren hadde skifta redaksjonsspråk til landsmål i 1900.

På landsmål fanst det i 1905 berre éi avis til, og det var Den 17de Mai, som Arne Garborg og Rasmus Steinsvik hadde skipa i 1894. Ole Dalhaug har vist at på den korte tida fram til 1905 publiserte avisa artiklar av 700 forfattarar. Saman med redaksjonen skreiv desse heile 25 000 artiklar på 11 år. Utruleg nok stod redaktøren Rasmus Steinsvik sjølv for halvparten av dei.

Nynorske blad og aviser i 1905

BladSkipaUtgivarsted

Norsk Barneblad

1887 Grimstad
Stille Stunder 1889 Volda
Den 17de Mai 1894 Oslo
Syn og Segn 1894 Oslo
Næmingen 1898 Svorkmo
Unglyden 1899 Voss
Orkdølen 1900 Svorkmo
Sogns Tidende 1903 Lærdal
Upp og fram 1903 Ulstein
Gula Tidend 1904 Bergen
Høgskulebladet 1904 Svorkmo
Ungdom 1904 Risør
Ungdomen 1905 Svorkmo

Det var i tida kring 1905 norskdomsrørsla organiserte seg. Rundt om i landet tok ei rekkje ungdomslag og mållag form. Noregs Ungdomslag kom til i 1896, Noregs Mållag ti år seinare. Då hadde Noregs Ungdomslag alt 26 000 medlemmer i eit par hundre lokallag. For ungdomslaga – og dei lokalsamfunna dei verka i – var det eit viktig kulturpolitisk tiltak å byggje ungdomshus. Dei første var blitt reiste alt i 1880-åra, og i 1905 var det iallfall minst 20. Her kom den store byggjesjauen i 1920- og 30-åra.

Før dei landsdekkjande norskdomsorganisasjonane blei skipa, hadde både skular, forlag og avisredaksjonar vore sterke meiningsdannande miljø på landsmålssida. I 1880-åra var ganske sikkert redaksjonen i Fedraheimen eit slikt miljø, slik Det Norske Samlaget var det både før og seinare. Nyare undersøkingar syner at det var ganske så mangment i denne redaksjonen, som minst ti namngitte personar kan knytast til.

Teater og kaffistover

I 1905 arbeidde Hulda Garborg med dei teaterplanane som i 1913 blei realiserte i form av Det Norske Teatret. Då Noreg skulle etablere si eiga røyst i 1905, var det knapt mogleg å høyre anna enn éi stemme på teaterscenene, og den røysta var dansk-norsk. Fram til 1900 hadde norske scener sett opp 21 teaterstykke på landsmål. Halvparten av desse stod Christiania Theater for. Dei fem neste åra blei det med eitt einaste stykke. Det var Nationaltheatret som i 1905 sette opp Fossegrimen av årdølen Sigurd Eldegard til musikk av Johan Halvorsen. Eldegard hadde ønskt å lage eit stykke som kunne bli eit «kassestykke», og det greidde han. Dette første nynorske skodespelet på Nationaltheatret blei sett opp heile 140 gonger fram til 1909; berre i 1905 blei det 43 framsyningar.

Den første kaffistova i Kristiania opna ein haustdag i 1901 midt i borgarskapets rosebed nokre få meter frå paradegata deira. Det må ha vore eit sjokk for mange som nok vona at landsmålet ville halde seg på landsbygda. No hadde landsmålet fått sin stad i hovudstaden, berre to år etter at den første rikssynsaren i Noreg, Bjørnstjerne Bjørnson, hadde gått på talarstolen i Gamle Logen nokre kvartal unna og spurt: «Har nogen hørt Magen til, at Folk skal blive dannede Mennesker uden at træde op i det Sprog, som er Dannelsens?»2 Om lag på same tida stod Sophus Bugge på ein annan talarstol i den same byen og sa: «Der klinger en Seierssang for vort Rigsmaal over hver Damper som stevner ind i den stille Fjord, over hvert Jernbanetog som sprænger sig Vei frem i den afstængte Dal.»3

Om dampbåtane ulte inne i vestlandsfjordane, strøymde også austlendingane til Kaffistova inne i Kristiania. Den nye skikken breidde seg. På mindre enn ti år fanst det kaffistover i alle dei største norske byane. I 1903 kom den første kaffistova i Bergen, og året etter i Trondheim. 1904 var også året då ein forfattar gav ut den vesle boka Parafrase over Maalliteraturen. Forfattaren kalla seg berre Norsk Norskesen. I 13 små kapittel parodierte han det han såg på som typiske trekk ved den kulturrørsla som no feia over landet.

Kapittel 10 heiter «Ei rapastunn paa Kaffistova».4 «Har De været paa Kaffistova?» er opningsreplikken. Svaret er nei, og dermed må han til å forklare for den uvitande lesaren kva det dreiar seg om. «Kaffistova, som paa norsk betyder kaffistue, er nemlig arnestedet for den ædleste bevægelse, et folk nogensinde har kunnet opvise, den bevægelse, som har reist sig i folkedybet, hvis formaal er at skaffe Noreg et sprog, som ingen anden end nordmænd forstaar.»

Forfattaren som ikkje ville gjere seg synleg under eige namn, var Mentz Schulerud d.e., seinare kjend som far til Anne-Cath Vestly.

610 bøker mellom 1860 og 1902

Kjell Jacobsen har rekna seg fram til at mellom 1860 og 1902 kom det ut 610 bøker på landsmål. Dei største utgivarane var Det Norske Samlaget med 94 titlar, Mons Litleré med 62 titlar, Bertrand Jensen med 39 og Albert Cammermeyer med 31. Litterært var truleg 1905 eit år på det jamne. Enno var det lyrikken som prega boklistene.

Debutanten dette året var Kristofer Uppdal. Han debuterte like godt med to diktsamlingar, Kvæde og Ung sorg. Anders Hovden publiserte Salme og song og Ivar Mortensson-Egnund Edda-kvæde, som raskt blei ein klassikar. Konrad Magnus Elda, førebels med skrivemåten Elden, og Jonas Vellesen gav ut songboka Lerka.

Ny prosa var det lite av utanom Hans Seland si forteljing Øygarden. Språk- og tradisjonsstoff var det noko meir av. Hans Ross gav ut første del av Norske bygdemaal, Hallvard Bergh samla Folke- og huldreeventyr ifraa Valdres, Rasmus Løland kom med Norsk eventyrbok, og på Voss gav bladet Unglyden ut Norske folkenamn av Ludvig Bru. Same utgivaren stod for skodespelet Ved midsumartid av Helga Heggtveit. Eit stykke av Shakespeare kom jamvel i to versjonar: Olav Madshus omsette Kaupmannen i Venetia og Edvard G. Johannesen omsette Kaupmannen i Venezia. Omsetjinga frå Johannesen var den første bokutgivinga frå den nye avisa i vest, Gula Tidend. Det kom også meir utanfrå dette året: Maalkassa gav ut Robinson Kruso av Daniel Defoe i Rasmus Lølands omsetjing.

Då året var omme, hadde talet på hefte i den populærvitskaplege serien Norske folkeskrifter auka til 27. Denne populærvitskaplege serien hadde
Studentmållaget i Oslo og Noregs Ungdomslag sett i gang i 1902 som eit motstykke på landsmål til Johan Sørensens store serie Bibliothek for de tusen hjem frå 1887. Serien blei først avslutta i 1964 med skrift nr. 96. Humanistiske emne dominerte, men skriftserien utvikla og spreidde nynorsk fagterminologi på mange område, med flust av praktisk folkeopplysning – som hefte nr. 26 frå 1905: «Um mjølking. Med dei nye handgripi paa juret.»

Republikk og målmenn

Ut på hausten i 1905 kom det nye skriftspråket både i posisjon og opposisjon. Blant dei som talte ivrigast for at Noreg burde bli republikk, var det mange profilerte landsmålsbrukarar. Ved folkerøystinga hamna kvar femte røystesetel i deira bunke. Eit par månader seinare stod mange av dei same i fremste rekkje då Noregs Mållag blei skipa.

Då var landsmålet alt blitt ein del av det offisielle Noreg. Den 7. desember 1905 blei det i alle kyrkjer halde takkefest for unionsoppløysinga. Ved det høvet hadde Kyrkjedepartementet bestemt at Elias Blix' fedrelandssalme «Gud signe vårt dyre fedreland» skulle vere ein av salmane. Kyrkjestatsråden i 1905 var Christoffer Knudsen frå Drammen. Saman med resten av regjeringa Michelsen var det han som sytte for at landsmålet no kryssa den indre språkgrensa for godt.

Noter

1   Tormod Aune: I eventyre, Namsos 1994, s. 68.
2   Bjørnstjerne Bjørnson: Maalsagens Stilling i vort Kulturliv,  foredrag i Kristiania 23.10.1899.
3   Sophus Bugge: Tale ved Rigsmaalsmødet 28. November 1899, Kristiania 1900.
4   Norsk Norskesen: Parafrase over Maalliteraturen, Kristiania 1904, s. 22 f.

 

-- Ottar Grepstad er direktør for Ivar Aasen-tunet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter