Nyordsarbeid i Norsk språkråd

I Norsk språkråds tid gjekk det nordiske samarbeidet om nyord over i ein ny fase. Istadenfor å publisere årlege lister med nyord vart nemndene samde om å gje ut eit større samla oversyn over tilveksten av ord i etterkrigstida. Planen var å gje ut tre ordbøker som skulle utarbeidast parallelt for dansk, svensk og norsk. I kvar bok skulle det vere med synonym på dei andre språka for ord som ikkje var felles. Dette arbeidet resulterte i bøkene Nyord i norsk : 1945–1975 (1982), Nyord i svenskan från 40-tal til 80-tal (1986) og den danske Nye Ord 1955–98 (1999).

I arbeidet med nyorda samarbeidde både Norsk språkråd og Norsk språknemnd med dei store vitskapelege ordbokverka som vart samla på Norsk leksikografisk institutt i 1972 ved Universitetet i Oslo.

Innsamlinga av nyord heldt fram etter at Nyord i norsk 1945–1975 kom ut. I Språknytt har det vore ei fast spalte med nyord frå nr. 4-1977. Det har også vore fleire artiklar om nyord i bladet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter