Norsk språkråds arbeid med offisiell norsk rettskriving

Norsk språkråd var eit rådgjevande organ. Rettskrivingsvedtak måtte derfor stadfestast av departementet. I 1983 kom det ein ny paragraf i vedtektene som gav Språkrådet fullmakt til å gjere endeleg vedtak i visse spørsmål, men vedtak om gjennomgripande endringar av heile system og vedtak om endring i skrivemåte eller bøying av enkeltord som tidlegare er normerte i norsk, skulle leggjast fram for departementet til godkjenning. Sjå Historikk om Norsk språkråds arbeid med offisiell norsk rettskriving.

Kort tid etter oppstarten i 1972 gjekk Norsk språkråd og Universitetet i Oslo saman om å utarbeide eittbands allmennordbøker (handordbøker) for bokmål og nynorsk. Ordbøkene skulle ha både definisjonar og fulle opplysningar om offisiell rettskriving. Sjølve ordbokarbeidet kom i gang i 1974. Mange normeringsspørsmål måtte greiast ut i samband med redigeringa. Ordbøkene kom ut med namna Bokmålsordboka og Nynorskordboka første gongen i 1986. Dei vart lagde ut på internett i 1990-åra og har vorte stadig viktigare som informasjonskanal om rettskrivinga i bokmål og nynorsk. Sjå Om nettordbøkene.

Endringar i bokmålsrettskrivinga i 1970- og 1980-åra

I 1970-åra var arbeidet i Norsk språkråd prega av rettskrivingsspørsmål, særleg i bokmål. Alt sommaren 1972 gjorde rådet det såkalla liberaliseringsvedtaket, som innebar at elevar kunne bruke sentrale riksmålsformer i skolearbeid. Vedtaket gjaldt hokjønnsbøyinga, fleirtalsbøying av inkjekjønnsord og fortidsbøying av svake verb. Elevane skulle ikkje få feil om dei brukte bøyingsformer som ikkje høyrde til gjeldande rettskriving.

Dette vedtaket var ein forløpar for meir omfattande rettskrivingsvedtak i rådet i 1979, der ei rad vanlege riksmålsformer vart tekne inn i bokmål. Stortinget gjorde endeleg vedtak i 1981, og det munna ut i St.meld. nr. 100 (1980–81) Endringer i rettskrivningen og læreboknormalen for bokmål.

Endringane bygde på eit omfattande arbeid i bokmålsseksjonen i Norsk språkråd og førte til store endringar i bokmålsrettskrivinga. Dei fleste endringane gjekk ut på å ta inn att i rettskrivinga ei rekkje former (ofte karakteriserte som riksmålsformer) som tidlegare hadde vorte haldne utanfor.

Endringane gjaldt to hovudgrupper av ord – hokjønnssubstantiv og svake verb. I mange hokjønnssubstantiv som hadde hatt endinga -a som eineform i bestemt form eintal, vart no endinga -en innført anten som jamstilt hovudform ved sida av -a, eller som sideform til -a som hovudform. Nokre eksempel: buksa > buksa el. buksen, bygda > bygda [bygden]. (Hakeparentes var ein vanleg måte å markere sideformer på i ordlistene.)

I dei svake verba vart det knesett eit prinsipp om gjensidig samsvar mellom preteritumsendingane -a og -et. Prinsippet lydde slik: «Preteritum (fortidsform) på -a og -et skal være mest mulig jamstilt når en av disse formene på forhånd er tillatt.» Bruken av dette prinsippet førte for eksempel til desse endringane (skråstrek mellom formene markerer valfridom): dekket/dekte > dekka/dekket/dekte, dåna/dånte > dåna/dånet/dånte.

I tillegg til vedtak om ordgrupper var det ei rekkje vedtak som gjaldt enkeltord.Vedtaka om enkeltord gjekk i same hovudlei som dei andre endringane. Visse former vart tekne inn i rettskrivinga, og andre ord fekk statusheving frå sideform til hovudform. Nokre eksempel: aure [ørret] > aure/ørret, feit [fet] > feit/fet, fram > fram/frem, kvass > hvass/kvass, molte > molte/multe, sør > syd/sør. Nokre sideformer som var samformer med nynorsk, vart tekne ut: salg [sal] > salg, valg [val] > valg.

Sjå elles oversikta over rettskrivingsvedtak.

Norvagisering

Ein del av rettskrivingsvedtaka frå 1980-åra og framover gjaldt fornorsking av skrivemåten av ord frå andre språk, særleg frå engelsk.

I 1984 vedtok Norsk språkråd fornorska skrivemåte av ganske mange framandord, f.eks. avokado for avocado, ayatolla for ayatollah, getto for ghetto og valfritt jogurt eller yoghurt for yoghurt. Vedtaket var ledd i ei felles nordisk/skandinavisk samordning av skrivemåten av ein god del framandord. Nokre av framlegga vart ikkje godkjende av departementet, f.eks. kvilte for quilte og spreie/sprei for spraye/spray.

Norvagisering vart teke i bruk i 1990-åra som nemning for tilpassing av framandord til norsk skrivemåte.

I 1996 vedtok Norsk språkråd på ny norsk skrivemåte av ein god del framandord. Dei fleste vart godkjende av departementet, for eksempel catering > catering/keitering, champagne > champagne/sjampanje, guide (substantiv) > guide/gaid, guide (verb) > guide/gaide, service > service/sørvis, squash > squash/skvåsj.

Femten ord vart ikkje godkjende av departementet. Det gjaldt m.a. desse orda der den gjeldande skrivemåten står først og den underkjende i parentes: booke (boke), ranch (ransj), rush (rusj), snackbar (snakkbar), snacks (snaks) og taxi (taksi). Departementet bad då Språkrådet lage ei utgreiing om framandord som kunne «gi et bredere faglig og språklig grunnlag for fremtidige normeringer».

Framlegga frå Språkrådet vekte oppsikt i media og vart livleg diskuterte. Utgreiinga, som fekk tittelen Lånte fjører eller bunad? Om norsk skrivemåte av importord (av Helge Sandøy), var ferdig i august 1997 og vart behandla på årsmøtet i Norsk språkråd i februar 1998. Det vart vedteke nokre prinsipp som skulle leggjast til grunn for normering av framandord, eller importord, ei ny samnemning for framandord og lånord. Rådet slutta seg til retningslinjene med det atterhaldet at norvagisering skulle skje i moderat tempo, og at ein skulle ta rimeleg omsyn til reaksjonar frå publikum.

Sjå elles nettsida Norsk for engelsk.

Rettskrivingsreform for begge målformene

Midt i 1990-åra sette Norsk språkråd i gang eit nytt reformarbeid i begge målformene med tanke på å stramme inn og forenkle begge normalane. Det førte til ny rettskriving i bokmål i 2005 og i nynorsk i 2012. Eit viktig trekk i reformene var at skiljet mellom hovudformer og sideformer vart oppheva i begge målformene. Det skulle ikkje lenger vere nokon trongare læreboknormal innanfor rettskrivinga. Like eins skulle valfridommen strammast inn, først og fremst ved at former som var lite brukte i skrift i samtida, vart avskaffa.

I bokmål var det eit mål å redusere talet på valfrie former som ikkje hadde fått fast fotfeste i bruken, særleg gjaldt det tilnærmingsformer frå 1938, ofte sideformer. På den andre sida tok ein inn att nokre riksmålsformer som vart tekne ut av normalen i 1938 eller 1959, og som ikkje vart tekne inn att i 1981, men var godt etablerte i språkbruken.

Enkeltvedtak

I heile perioden til Norsk språkråd vart det gjort mange små og større rettskrivingsvedtak – normering av tidlegare unormerte ord eller justeringar i system eller kategoriar. Vedtaka vart gjorde med utgangspunkt i spørsmål som var aktuelle på eit eller anna vis, for termarbeidet, for arbeidet med historiske og geografiske namn, for lærebokgranskinga, redigeringa av Bokmålsordboka og Nynorskordboka eller på grunn av spørsmål frå publikum. Dei fleste vedtaka var fellesvedtak, dvs. dei gjaldt både bokmål og nynorsk, nokre vedtak gjaldt berre den eine målforma.

Vedtak om prinsipp

I 1990-åra gjorde Norsk språkråd fleire vedtak om prinsipp for normering. Det vart vedteke prinsipp for normering av importord (norvagiseringsreglane), retningslinjer for opptak av tyske og danske importord i nynorske ordlister og ordbøker og retningslinjer for transkripsjon av namn i nygresk. Tidlegare hadde Norsk språkråd arbeidd med transkripsjon av kyrillisk. I 2001 vedtok Språkrådet råd om uttale og dessutan retningslinjer for bruk av sensitive ord.

Tilnærmingslinja i norsk språkpolitikk

Tanken om at bokmål og nynorsk skulle smeltast saman til ei målform, var mykje varsamare uttrykt i lov om Norsk språkråd enn i vedtektene for Språknemnda. I 1980- og 1990-åra spela tilnærming i praksis lita rolle. I St.meld. nr. 13 (1997–98) Målbruk i offentleg teneste seier Kulturdepartementet: «Den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår i dag i praksis som mindre aktuell.»

12.11.2002 vedtok Odelstinget samrøystes å ta ut paragraf 1 bokstav b av lova, som lydde slik:

[Norsk språkråd skal]

følge utviklingen av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen,

Med det var det offisielt slutt på tilnærmingslinja i norsk språkpolitikk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.05.2020 | Oppdatert:18.01.2021