Institusjonen Norsk språkråd

Norsk språkråd fekk 42 medlemmer fordelte på to like store seksjonar, ein for nynorsk og ein for bokmål. Medlemmene vart oppnemnde av mange instansar: norske universitet og høgskolar, Grunnskolerådet, Gymnasrådet, Lærarutdanningsrådet, grunnskolen, gymnaset, folkehøgskolen, lærarskolen, Den norske Forfatterforening, Den norske Forleggerforening, Norsk Presseforbund, Norsk rikskringkasting, Riksmålsforbundet, Det Norske Akademi for sprog og Litteratur, Noregs Mållag, Det Norske Samlaget, Norsk Måldyrkingslag, Landslaget for språklig samling og Norsk Skuespillerforbund. Kontakten med dei politiske partia var sikra ved at Stortinget oppnemnde to medlemmer til kvar seksjon. Ved ei vedtektsendring i 1988 fall stortingsrepresentasjonen vekk, så frå då av hadde Norsk språkråd 38 medlemmer. Det har òg vore andre endringar i representasjonen, sjå vedlegget om medlemsorganisasjonar.

Slik rådet var samansett, reflekterte det eit ønske om å få med personar som kunne representere dei viktigaste skriftspråkbrukarane på ulike samfunnsområde, og dessutan – til skilnad frå Norsk språknemnd – representantar for dei språkpolitiske organisasjonane.

Ein ville kombinere sjølvstende for både bokmåls- og nynorskmedlemmene med samarbeid mellom representantane for dei to målformene, slik at rådsvedtaka verkeleg vart representative og den eine seksjonen ikkje kunne overkøyre den andre. Om eit rådsvedtak skulle vere bindande, måtte det ha fleirtal i begge seksjonane.

Rådet valde eit styre og ei fagnemnd. Fagnemnda hadde ansvaret for å greie ut og vurdere reint språklege spørsmål og gjorde slik mange av dei faglege oppgåvene Språknemnda hadde utført. Styret hadde seks medlemmer, tre frå kvar seksjon, og fagnemnda hadde åtte, fire frå kvar seksjon.

Dei første leiarane i rådet var forlagssjef Johs. Aanderaa, som representerte nynorsk, og rektor Gorgus Coward, som representerte bokmål.

Årsmøtet var det viktigaste møtet i Norsk språkråd. Det var vanlegvis den einaste gongen i året alle rådsmedlemmene var samla. På møtet vart vanlege årsmøtesaker behandla, og det vart gjort førebels vedtak i rettskrivingssaker før sakene gjekk til departementet til endeleg vedtak.

Det vart oppretta eit sekretariat som var ein god del større enn sekretariatet til Språknemnda. Det daglege arbeidet vart leidd av to kontorsjefar, ein for bokmål og ein for nynorsk. Sekretariatet var ikkje delt i to avdelingar, men styret gjorde vedtak om at det skulle vere om lag like mange medarbeidarar for kvar målform. Dei første kontorsjefane var Arnulv Sudmann (nynorsk) og Arnold Thoresen (bokmål). Begge hadde vore sekretærar i Norsk språknemnd.

Sekretariatet i Norsk språkråd heldt til i lokale i Drammensveien 158 på Skøyen i Oslo frå 1972 til 1990, på C.J. Hambros plass 5 frå 1990 til 2005 og flytte då til Observatoriegata 1 B, i eit nytt tilbygg til Nasjonalbiblioteket. Norsk språkråd hadde kontorfellesskap med Nordisk språksekretariat frå det vart oppretta i 1978 til 1996, då det nordiske språksamarbeidet vart omorganisert.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.05.2020 | Oppdatert:18.01.2021