Rådgjeving og informasjon

Norsk språkråd gav råd om norsk språk til alle som vende seg dit, og gjekk elles ut med rådgjevingstilbod og informasjon til grupper det var ønskjeleg å ta kontakt med. Det var sekretariatet som svara på spørsmål, berre i særleg prinsipielle saker vart fagnemnda rådspurd.

Om ein samanliknar med Norsk språknemnd, ser ein at rådgjevings- og informasjonskanalane no vart fleire og til dels av andre typar. Språknemnda hadde først og fremst informert gjennom årsmeldingane, skrifter og bøker. Norsk språkråd brukte også årsmeldingane til å informere om rettskrivingsvedtaka og om arbeidet elles. Men Norsk språkråd gav dessutan ut fleire faste publikasjonar, fekk etter ei tid språksider på NRKs tekst-tv-sider, skreiv språkspalter i aviser og blad, laga informasjonsmateriell og tok etter kvart i bruk det som for alvor endra arbeidsfeltet drastisk: internett.

I 1994 vart informasjonsarbeidet i Norsk språkråd styrkt ved at det vart tilsett ein informasjonsmedarbeidar i sekretariatet.

Språkleg rådgjeving

Sekretariatet i Norsk språkråd fekk mange spørsmål om språk og språbruk over brev, telefon og telefaks før e-post tok meir og meir over. Dei som vende seg til sekretariatet, var privatpersonar, folk som arbeidde i offentleg forvaltning, forlag, reklamebransjen og i næringslivet elles. Ein del elevar og studentar stilte spørsmål, dessutan lærarar og journalistar. I 1983, året etter at Norsk språkråd fylte ti år, gav rådet ut boka Råd om språk fra Norsk språkråd, ei samling språkspørsmål med svar.

Ein god del av spørsmåla som kom til Norsk språkråd, var av same slaget som dei Språknemnda hadde fått, og kunne gjelde teiknsetjing, omsetjing frå bokmål til nynorsk, setningsbygnad og faste uttrykk, norske ord for engelske osv. Andre spørsmål var «nye» fordi tida var annleis, t.d. med omsyn til teknologi og geografiske grenser.

I 1995 kom m.a. desse spørsmåla: Stadig flere skriver epost. Er det ikke på tide å sløyfe bindestreken? – Kvifor gjev ordbøker og ordlister att namnet Bosnia-Hercegovina på denne måten (med bindestrek) og ikkje som Bosnia og Hercegovina?

Midt i 1980-åra gjennomførte dei nordiske språknemndene eit samarbeidsprosjekt som gjekk ut på å undersøkje telefonrådgjevinga i nemndene. Det vart laga eit felles spørjeskjema der innringjarane mellom anna vart spurde om kjønn, alder og yrke og grunnen til at dei spurde. Resultata av undersøkinga vart samla i rapporten Språknemndenes telefonrådgivning, som vart utgjeven i 1988 av Nordisk språksekretariat.

Utover 1990-åra auka talet på språkspørsmål til sekretariatet mykje, og i 1998 begynte ein å telje opp spørsmåla, dels systematisk, dels ved hjelp av stikkprøver, og informerte om tala i årsmeldingane. I 2002 vart det svara på om lag 2400 e-postar, i 2003 i underkant av 2800 og i 2004 i underkant av 3600. Telefonspørsmåla vart ikkje talde systematisk, men i 2004, då dei vart talde i nokre månader, kom ein fram til mellom 3500 og 4000 spørsmål på årsbasis.

Svartenesta i sekretariatet vart etter kvart organisert som ei vaktordning. Dei som var med, var inndelte i lag som hadde vakt etter ein viss turnus og svara på alle språkspørsmål som kom inn i vaktveka.

Publikasjonar

I 1973 kom Språknytt. Meldingsblad for Norsk språkråd, ut for første gong. (Frå og med nr. 1-2001 heitte bladet berre Språknytt.) Det var lenge den einaste faste publikasjonen Språkrådet gav ut ved sida av årsmeldingane. Bladet inneheldt informasjon om arbeidet til Norsk språkråd, t.d. rettskrivingsvedtak, referat frå årsmøte i rådet, artiklar om språklege emne og ei spalte med spørsmål og svar. Sidan kom fleire faste spalter til, m.a. ei spalte med nyord.

Dei første åra vart bladet sendt mellom anna til skolar, universitet, offentlege bibliotek, kommune-, fylkes- og statskontor, aviser, journalistar og NRK. I tillegg har bladet alltid hatt ein god del private abonnentar, skoleelevar så vel som pensjonistar. Bladet har komme med fire nummer i året og har alltid vore gratis.

Opplaget var i byrjinga 11 000 og har seinare variert ein god del. Det høgaste opplagstalet er 25 500. I 2009 vart det sett i verk ei sanering av abonnentmassen. Dei som ønskte å abonnere, måtte teikne seg på nytt, og sidan har opplaget halde seg nokså stabilt mellom 11 000 og 12 000.

I Norsk språkråds tid var leiaren og nestleiaren i fagnemnda ansvarlege redaktørar, og ein tilsett i sekretariatet var redaksjonssekretær – i praksis arbeidande redaktør.

I 1993 begynte Norsk språkråd å gje ut Språkkureren, eit blad på fire A4-sider. Bladet var berekna på mediefolk og vart sendt ut til alle norske aviser. Det inneheldt korte artiklar og anna stoff om praktisk språkbruk, det skulle vere aktuelt og var eit tiltak for å styrkje det gode avisspråket. Språkkureren vart laga av tilsette i sekretariatet og vart lagd ned i 2001.

I 1994 kom det første nummeret av bladet Statsspråk, eit tilbod til dei tilsette i statsadministrasjonen og andre om språkleg hjelp og rettleiing. Tanken var å drøfte konkrete språkbrukstilfelle og gje råd og vink om god språkbruk og praktiske hjelpemiddel. Bladet vart laga av tilsette i sekretariatet og kom vanlegvis ut kvartalsvis.

Norsk språkråd gav ut nokre skrifter, dels som enkeltskrifter, dels i skriftseriar. Sjå lista over publikasjonar i eit av vedlegga til dette skriftet.

Språksider på tekst-tv

I 1986 gjekk Språkrådet inn i eit samarbeid med NRK om faste språksider på tekst-tv. Av emne som vart tekne opp på sidene, kan nemnast aktuelle ord, skrivemåtar av vanskelege ord, etymologi, nyord, teiknsetjing, forkortingar osv. Sjåarane fekk òg høve til å prøve sine eigne språkkunnskapar ved å svare på spørsmål der svara var gjevne i skjult tekst. Det stod inne fire nye sider kvar veke. Då sidene vart lagde ned i 2002, hadde det stått 3000 sider på skjermen. Fleire av dei tilsette i sekretariatet var med på arbeidet. Eit utval på 200 av språksidene vart gjeve ut som hefte i 1993.

Nettsider

I 1995 begynte Norsk språkråd å leggje ut stoff på internett. Sidene vart først lagde ut på eit område på nettenaren til Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo. Førstesida hadde desse oppslaga: Informasjon frå Norsk språkråd, Nytt frå Norsk språkråd, Språkrådets OSS-teneste (oss = ofte stilte spørsmål), dataspråk, Publikasjonar frå Norsk språkråd, Diplom for godt namnevett, Lov om målbruk i offentleg teneste, Lov om stadnamn. Blada Språknytt, Statsspråk og Språkkureren vart lagde ut. På sidene fanst også e-posttenesta til Språkrådet og ei e-postlenkje for språkspørsmål. Nytt på nettsidene i 1996 var ei lenkje til nettversjonane av Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Etter kvart vart det lagt ut mykje nytt stoff på nettsidene, og bruken av sidene auka. 1. oktober 2004 vart det lansert nye nettsider. Dei mest brukte sidene frå oktober til og med desember det året var Søk i ordbøker, Nynorsk.nett.no – interaktivt kurs i nynorsk, Ordbøker og ordlister og Skrivereglar og grammatikk.

Språkspalter

Norsk språkråd hadde språkspalter i aviser og blad i kortare og lengre periodar, t.d. Norsk Skoleblad, Skoleforum, Vårt land, Fædrelandsvennen og Nordlys. I tidsskriftet Norsklæraren (utgjeve av Landslaget for norskundervisning) har Språkrådet sidan hausten 2003 hatt ei side i kvart nummer til å orientere om grammatikk, rettskriving og ulike språkpolitiske emne. Elles skreiv rådsmedlemmer og tilsette i sekretariatet avisinnlegg om språkspørsmål og vart intervjua i radio og aviser.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter