Arbeid med måljamstilling

Bruken av bokmål og nynorsk i statsforvaltninga er regulert ved lov. Den første lova om målbruk i offentleg teneste var lov 6. juni 1930 om målbruk i statstenesta. Den lova vart avløyst i 1980 av lov 11. april 1980 om målbruk i offentleg teneste (mållova).

Norsk språknemnd fekk ein del spørsmål som hadde med offentleg målbruk å gjere. Det kunne gjelde språket i skolen, bruk av målform i svar frå statsorgan, bruk av målform i eksamensoppgåver osv. Det var altså saker som sorterte under ulike lovverk.

I Norsk språkråd si tid auka denne typen spørsmål. Somme sende klage direkte til Norsk språkråd, andre klaga til den institusjonen det gjaldt, med kopi til Språkrådet, og Språkrådet sende klagene over til departementet. Oftast gjaldt klagene manglande bruk av nynorsk.

Norsk språkråd får overført tilsynsoppgåver

Frå og med 1994 fekk Norsk språkråd overført frå Kulturdepartementet ein del tilsynsoppgåver etter lov om målbruk i offentleg teneste. Etter dette har Norsk språkråd hatt ansvaret mellom anna for å hente inn årlege målbruksrapportar frå alle statsorgan under departementsnivå, drive informasjon og rettleiing om målbruksreglane og følgje opp dei organa som ikkje kan dokumentere at dei etterlever lova.

Til å ta seg av arbeidet med dei oppgåvene som vart overførte i 1994, fekk Norsk språkråd ei ny stilling, som også skulle omfatte generelt informasjonsarbeid.

No kom tilsynsarbeidet med mållova inn i fastare former. Det vart laga rutinar for innhenting av rapportar om målbruken i statsorgana, det vart sendt ut informasjon og sett i gang opplæringstiltak.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter