Ordtilfanget i nynorsk

Arbeidet med normering av nynorsk skriftmål var lenge prega av at det mangla ei stor rettskrivingsordbok på linje med Tanums store rettskrivningsordbok for bokmål. Ein var rett og slett ikkje sikker på korleis moderne nynorsk såg ut.

Før Nynorskordboka kom i 1986, gav Alf Hellevik: Nynorsk ordliste, større utgåve det mest omfattande oversynet over normert nynorsk. Men ei ordliste er ei altfor mager rettleiing. Ei ordliste kan ikkje ha med stort av samansetningar, ho må først og fremst ta med grunnord og lite av ordforklaringar. Mindre brukte ord, anten det gjeld målføreord eller fagord, må vike for det sentrale ordtilfanget. Ei anna side ved nynorsk ordtilfang er å setje grensa mot bokmål.

Utvalet for nynorsk ordtilfang

Blant grupper av nynorskbrukarar hadde det lenge vore uro over den måten som ajourføringa av ordforrådet i nynorske ordlister gjekk føre seg på. Til vanleg sette ordlisteredaktørane sjølve inn det dei meinte måtte med, og slike tillegg vart så vurderte av Norsk språkråd når ordlistene var inne til godkjenning.

På rådsmøtet i januar 1981 drøfta Norsk språkråd om det var råd å få til klarare rammer for arbeidet med ordtilfanget i nynorsk. Våren 1981 vart det så sett i gang eit større utgreiingsarbeid der målet var dels å få fram heilskapen i det nynorske ordtilfanget, dels å komme fram til klarare rettleiing til lærarar og skoleelevar. Det vart sett ned ei nemnd med Kjell Venås, leiaren i fagnemnda, som leiar. Nemnda fekk dette mandatet:

Utvalet skal på fritt grunnlag vurdere ideologi og tradisjon, normert og røynleg bruk av ordtilfanget i nynorsk. Det skal særskilt drøfte om det er mogleg og tilrådeleg å opne nynorsk skriftmål for ordtilfang som i den normerte tradisjonen medvite har vore halde ute tidlegare, og vidare korleis slikt tilfang eventuelt skal normerast. Utvalet skal òg drøfte vilkåra for å utnytte meir lokalt avgrensa ordtilfang frå dialektane i nynorsk skriftmål, og det skal vurdere retningslinene for å leggje fram det nynorske ordtilfanget i handordboka [dvs. Nynorskordboka] og i ordlister. I alt arbeidet sitt skal utvalet ta omsyn både til den nynorske skrifttradisjonen og til dei pedagogiske krava til eit skriftmål i skulen.

Nemnda leverte ei innstilling i 1983, og utkastet vart sendt på høyring. Det var ulike meiningar om kor mykje ein burde opne nynorsk for ordtilfang som tidlegare medvite hadde vore halde ute. Dei fleste merknadene gjekk ut på at ein burde vere varsam, men det var ulike syn på kor restriktiv ein burde vere.

Då arbeidet vart avslutta, hadde Venåsnemnda delt seg i eit fleirtal og eit mindretal. På årsmøtet i Norsk språkråd i 1984 gjorde nynorskseksjonen dette vedtaket:

Tilrådinga om nynorsk ordtilfang, både fleirtalstilrådinga og dissensen, alle omsegner som er komne inn til Språkrådet i samband med høyringsrunden, og referata frå møta om saka blir lagde til grunn for arbeidet med nynorsk ordtilfang i framtida.

Ingen ønskte open strid om ordtilfanget og målbruken i nynorsk. For mange på nynorsksida, blant anna Noregs Mållag, vart det viktig å få saka i hamn utan splittande strid nynorskfolk imellom. Og det er sannsynleg at dette omsynet vog tungt også for medlemmer i nynorskseksjonen. Løysinga vart derfor eit kompromiss.

Rundskriv til skolane

Initiativet til drøftinga av ordtilfanget i nynorsk kom blant anna frå skolen, og spørsmålet om innlæring av nynorsk skriftmål og om korleis lærarane skulle rette og rettleie, stod sentralt. For å komme dette behovet i møte laga Norsk språkråd eit rundskriv som Kyrkje- og undervisningsdepartementet sende ut til skolane i 1984. Der er det lagt vekt på at ordlistene ikkje set faste grenser for ordtilfanget. Det blir slått fast at ord som ikkje har hatt rom i tradisjonell nynorsk, men som ikkje bryt med målforma i oppbygnad og bruk, ikkje bør reknast som feil i elevarbeid. Det blir òg opna for varsam inntaking av ord med for- og etterledd som ein tradisjonelt ikkje har godteke i nynorsk, særleg dei såkalla anbeheitelse-orda. Rundskrivet understreka at stilidealet er uendra. I god nynorsk skal stilen vere prega av den munnlege uttrykksforma, med mykje bruk av verb og med aktiv setningsform. Rundskrivet vart teke inn i innleiinga til Helleviks ordliste i 1980- og 1990-åra.

Norsk språkråd vedtok ei ordning for godkjenning av ordtilfanget i nynorske ordlister. Frå 1984 var det slik eit eige punkt i årsmeldinga, «Ord som kan takast inn i nynorsk», der godkjende, utradisjonelle ord i nynorsk er lista opp, for eksempel alminneleg, hesleg, innrømme, plutseleg, antrekk, bevis, nyheit, tomheit. Resultatet av arbeidet vart altså ei viss opning mot utradisjonelle ord i nynorsk.

Ny drøfting av ordtilfanget i 1990-åra

På 1990-talet drøfta Norsk språkråd på nytt ordtilfanget i nynorsk. Denne gongen gjaldt drøftinga særleg retningslinjer for opptak av tyske og danske importord i nynorske ordbøker og ordlister.

Bakgrunnen for den nye drøftinga var at vedtaket frå 1984 ikkje gav fagnemnda noko klart mandat for opptak av ord i nynorsk. Framleis måtte fagnemnda og Norsk språkråd gjere vedtak om eitt og eitt ord, meir eller mindre etter skjønn.

Dei som sat i fagnemnda på slutten av 1990-talet, meinte derfor at det trongst klarare retningsliner for å komme bort frå ein praksis med meir eller mindre tilfeldig godkjenning av einskildord. Fagnemnda ønskte dessutan å fjerne oppfatninga av nynorsk som eit «forbodsspråk». Retningslinjene skulle vere slik formulerte at dei opna for dei vanlegaste orda som er i dagleg bruk i norske dialektar og i folkeleg norsk daglegspråk, samstundes som det ikkje skulle vere fritt fram for alle slags dansk-tyske skriftspråkord.

På årsmøtet i 1999 vedtok Norsk språkråd dei nye retningslinjene for kva ord som skal kunne takast inn i nynorske ordlister og ordbøker. Dei orda det gjaldt, var først og fremst tyske og danske importord, mellom anna anbeheitelse-orda. Vedtaket inneheldt både allmenne retningslinjer og retningslinjer for særlege ordgrupper.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter