Formål og oppgåver

Norsk språkråd skulle verne om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremje tiltak som kunne auke kunnskapen om norsk språk, og fremje toleranse og gjensidig respekt mellom alle som bruker norsk språk i ulike variantar. Det skulle òg verne om rettane kvar enkelt har når det gjeld bruken av språket, følgje utviklinga av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlaget fremje samarbeidet i dyrkinga og normeringa av dei to målformene våre og stø opp om utviklingstendensane som på lengre sikt førte målformene nærmare saman.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter