Administrasjon av namnekonsulenttenesta (stadnamntenesta)

Lov om stadnamn 1990 innebar ei utvida og desentralisert namnekonsulentordning. Landet vart delt inn i fire universitetsområde, med to oppnemnde konsulentar (bokmål og nynorsk) i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø på åremål for seks år om gongen. Konsulentane har sekretærar i fast stilling som skal førebu og ekspedere sakene. I tillegg er det ein konsulent for nordsamisk, ein for lulesamisk, ein for sørsamisk og ein for kvensk.

I NOU 1983: 6 Stadnamn, som låg til grunn for lov om stadnamn frå 1990, foreslo det såkalla stadnamnutvalet at det skulle opprettast eit stadnamnråd med ti medlemmer, fem namnekonsulentar og fem representantar for forvaltninga. Rådet skulle «gi fagleg rettleiing til departementet og andre oppdragsgivarar i allmenne og prinsipielle stadnamnspørsmål, gi fråsegn i klagesaker, ha fagleg ansvar for at namnekonsulentane fører eins praksis og vurdere endringar i forskriftene» (Ot.prp. nr. 66 (1988–89) Lov om stadnamn pkt. 5.6.2.). Departementet såg ikkje sterke nok grunnar til å opprette eit slikt nytt og stort organ, og foreslo i staden «at Norsk språkråd blir tillagt dei oppgåvene Stadnamnutvalet har meint skulle leggjast til Norsk stadnamnråd. […] Når det gjeld tilsynet med at stadnamnkonsulentane fører eins praksis, er departementet samd med Språkrådet i at dette best kan varetakast ved at konsulentane, saman med sekretærane og representantar for Norsk språkråd, får høve til å halde samrådingsmøte ein til to gonger i året» (Ot.prp. nr 66 1988–89 pkt. 5.6.4).

Då lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova) vart sett i verk i 1991, vart det avtala at personaladministrasjonen som gjaldt namnekonsulenttenesta (stadnamntenesta), skulle liggje i Norsk språkråd.

Utvida ansvar for namnekonsulenttenesta

Frå 1994 fekk Norsk språkråd overført frå Kulturdepartementet eit utvida ansvar for å administrere den særskilde namnekonsulenttenesta etter lov om stadnamn (stadnamntenesta). Det vil seie at Norsk språkråd fekk overført midlar til det faglege arbeidet og til årlege samrådingsmøte. Norsk språkråd fekk også ansvar for å vurdere behov for endringar i regelverket og gjev innspel til departementet om dette og vurderer og organiserer opplæringstiltak i samband med lova. Vidare fekk Språkrådet ansvaret for å tilsetje sekretærar og engasjere konsulentar. Departementet hadde framleis ansvaret for tolkingsspørsmål, endringar i regelverket, oppnemning av klagenemnda og for samarbeidet med Statens kartverk osv.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter