Stadnamn som miljøfaktor

Det lokalhistoriske innhaldet i stadnamna er såleis viktig for seg, men dette historiske stoffet utgjer òg ein trivselsfaktor for dei menneska som bur der i dag.

Det at vi lever i ein historisk samanheng, representerer ein grunnleggjande menneskeverdi. Dei fleste av oss har eit visst behov for rotfeste i eit lokalmiljø, anten det er i ein by eller i ei bygd. I dag er det mange som flytter, kanskje fleire gonger i livet, og dette stiller store krav til dei nye bu- og arbeidsmiljøa. Her er det viktig at også namneplanlegginga vert teken vel vare på, nettopp fordi stadnamna høyrer med til dei miljøskapande faktorane. Ved å utnytte det nedarva namnetilfanget på staden vil ein hjelpe til med å binde saman fortid og notid. Og når namna kjem på skilt og i adressebøker, vil dei snart bli sedde på som «våre namn».

Pedagogisk nytte

Dette namnetilfanget kan og utnyttast som undervisningsemne i skulen og i fritidssamanheng. Elevane kan få i oppgåve å samle inn og systematisere stadnamn i eit område og prøve å sjå samanhengen mellom natur, arbeidsliv og namn. I somme kommunar er det lagt opp naturstigar der m.a. stadnamna er dregne inn for å synleggjere samspelet mellom menneske og natur. Korte namneforklaringar på skilt eller på fritidskart over området har vore med på å auke interessa for og kunnskapen om lokalmiljøet.

Språkfellesskap

Lokalsamfunnet er også eit språkleg fellesskap. Sjølv om flytting, utdanning og påverknad frå alle slags massemedium har ført til at språket er mindre lokalbunde enn før, opplever folk flest i lokalsamfunna det nedarva talemålet som sitt språk. Det gjeld ikkje minst stadnamna. Stadnamna er vel noko av det første innflyttarar lærer i den lokale målforma. Mange ser det som viktig å ta omsyn til dette når det er aktuelt å setje namn på gater, vegar, institusjonar, anlegg o.l. Ei anna sak er at reglane for normering av stadnamn i offentleg bruk berre unntaksvis tillet reine dialektformer, sjølv om det skal takast utgangspunkt i talemålsforma når skriftforma blir fastsett.

Framande innslag

Rundt om i kommunane vil ein finne stor variasjon i dei nye vegnamna, både når det gjeld språkform og ordval. Dette bør ein sjå på som både positivt og ønskjeleg, men mangfaldet bør først og fremst avspegle dei lokale tilhøva og den lokale namnetradisjonen. Mange stader har namnelaginga skjedd etter innlånte mønster. Ein kan skjøne at ord som allé, aveny, chaussé, terrasse er å finne i ein storby som Oslo. Mindre naturleg er det at slike ord dukkar opp i småbyar og bygdesenter. Det same kan i ein viss grad seiast om gruppenamna som er omtala ovanfor.

Skriftpåverknad

Ein annan type skriftbaserte former finn vi i Rud vestre (vestre ofte skrive med stor førebokstav), Dal skog, mot Vestrud (Vest-Rud) og Dalsskogen i vanleg tale hjå folk flest. Etter ei tid kan slike konstruksjonar bli innarbeidde og til dels aksepterte, men ein bør prøve å unngå dei. Endå større avvik frå tradisjonell namneskikk representerer typen Vei nr. 2639. Rett nok har slike «namn» ei mellombels oppgåve, men somme stader er dei blitt ståande i årevis.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter